3. Samarbeidet mellom Sametinget og regjeringa

3.1 Sammendrag

Sametinget peiker på at det er eit stort gap mellom prioriteringane til Sametinget og rammeløyvingane frå Stortinget. I tillegg har Sametinget fremma krav om ein forhandlingsmodell med Regjeringa i arbeidet med samiske saker. I arbeidet med budsjettet og nye behov ønskjer Sametinget at ein gjennom reelle forhandlingar avdekkjer finansielle behov, ansvarsdeling og blir samde om rammene for budsjetta år for år. Ein viser til at eit slikt system set Sametinget betre i stand til å planleggje økonomisk, i tillegg til at det betrar dialogen og samarbeidet om dei utfordringane ein står overfor i samepolitikken.

Regjeringa viser til at det i 1998 vart etablert faste møte på politisk nivå mellom Sametinget og somme departement før den første årlege budsjettkonferansen. Regjeringa ser det ikkje som naturleg at møta skal vere forpliktande på den måten at det blir gitt konkrete lovnader om auke i løyvingane. Dei økonomiske rammene til Sametinget må drøftast som ein del av den samla budsjettpolitikken til Regjeringa. Regjeringa ønskjer å gi Sametinget enda større fridom innanfor budsjettramma, og vil vurdere om eventuelle budsjettføringar og øyremerkinger frå departementa kan reduserast yttarlegare i framtidige budsjett.

Elles vil Regjeringa utarbeide ei fullstendig samanstilling av budsjettutviklinga for det samiske området i perioden 1989-2002. Det vil gi eit betre oversyn over utviklinga i tilskota til samiske formål dei siste åra. Oversynet skal oppdaterast årleg.

Barne- og familiedepartementet vil samarbeide med Sametinget om ei vidare utvikling av samisk barne- og ungdomspolitikk og oppfølging av barne- og ungdomsplanen til Sametinget. Departementet er positiv til framlegget frå Sametinget om faste årlege møte mellom departementet, Barneombodet, fylkeskommunane og Sametinget på administrativt nivå.

I St.meld. nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken har Barne- og familiedepartementet opna for å innleie samarbeid med Sametinget for å vurdere utsiktene til at Sametinget kan få fullmakt til å gi forskrifter med heimel i lov om barnehagar. Det må greiast ut nærare kva for føresegner i barnehagelova som kan vere aktuelle. Barne- og familiedepartementet vil samarbeide med Sametinget ved ein eventuell revisjon av lov om barnehagar.

Kultur- og kyrkjedepartementet har merka seg omtalen frå Sametinget av samarbeidet med departementet, og har i den samanhengen teke initiativ overfor Sametinget for å få i stand faste kontaktmøte med Sametinget på administrativt nivå.

Nærings- og handelsdepartementet har starta arbeidet med ei ny minerallov. I den samanhengen er det skapt ein dialog med Sametinget. Eit møte mellom Sametinget, Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Bergvesenet vart halde i Karasjok i juni 2001.

"Biomangfaldslovutvalet" som vart skipa ved kgl. res. av 20. april 2001 for å klarleggje eit nytt lovgrunnlag for forvaltning av biologisk mangfald, er sett saman av uavhengige ekspertar som er valde ut på grunnlag av særskild kompetanse. Det er etablert ei interdepartemental referansegruppe for arbeidet i utvalet, der også Sametinget er med. Utvalet har besøkt Sametinget og vil i det vidare arbeidet ha kontakt med Sametinget.

Oppfølginga av utgreiinga til Samerettsutvalet om naturgrunnlaget for samisk kultur (NOU 1997:4) held fram gjennom arbeidet med ny lov om rettshøve og grunnforvaltning i Finnmark.

Regjeringa ser det som svært viktig å ha ein god dialog med Sametinget under utarbeidinga av lovframlegget for Finnmark. Det har derfor vore gjennomført kontaktmøte mellom presidenten i Sametinget, fylkes­­-ord­føraren i Finnmark og justisministeren i denne prosessen. Regjeringa tek sikte på å leggje fram proposisjonen med framlegg til ny lov for Finnmark våren 2003.

Regjeringa har som utgangspunkt at fastlegginga av samisk sjølvråderett må skje i samsvar med folkerettslege prinsipp og internasjonal utvikling på området. Regjeringa legg til grunn at debatten om sjølvråderett òg må omfatte innhaldet i omgrepet, og korleis sjølvråderetten kan gjennomførast som praktisk politikk. Dialogen med Sametinget må førast vidare for å kome fram til ei felles forståing av korleis ein skal ta omsyn til føresegnene i folkeretten om sjølvråderett.

Kartlegging av samiske rettar sør for Finnmark held fram gjennom arbeidet til Samerettsutvalet.

For å betre og vidareutvikle dialogen og samarbeidet med Sametinget, vil Regjeringa leggje opp til meir jamlege gjensidige orienteringsmøte på politisk nivå mellom Sametinget og den politiske leiinga i Kommunal- og regionaldepartementet. Gjennomføringa av slike møte vil departementet diskutere nærare med Sametinget.

3.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosia­listisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til sine merknader under kap. 1.2.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti har merket seg at Sametinget mener det er et stort gap mellom Sametingets prioriteringer og Stortingets rammebevilgninger. Disse medlemmer er tilfreds med at Regjeringen som svar på kravet om forhandlingsmodell fra Sametinget i arbeidet med samiske saker, har etablert faste møter på politisk nivå mellom Sametinget og noen departementer før den første årlige budsjettkonferansen. Disse medlemmer vil understreke at det er viktig at Sametinget i disse møtene fritt kan ta opp behovet for å øke rammene innenfor det samiske budsjettområdet, og at dette også gjelder overføringer av forvaltningsoppgaver til Sametinget. Disse medlemmer finner det riktig at disse møtene ikke skal være forpliktende på den måten at det blir gitt konkrete lovnader om økning, da de økonomiske rammene til Sametinget må drøftes som en del av den samlede budsjettpolitikken til Regjeringen. Disse medlemmer er imidlertid enig med Regjeringens målsetting om å gi enda større fridom innenfor budsjettrammen.

Disse medlemmer viser til at Regjeringen, med bl.a. bakgrunn i Samerettsutvalgets utgreiing om naturgrunnlaget for samisk kultur (NOU 1997:4), tar sikte på å legge fram proposisjonen med framlegg til ny lov for Finnmark våren 2003. Disse medlemmer er tilfreds med at de internasjonale folkerettslige forpliktelser legges til grunn for dette arbeidet. I tillegg vil disse medlemmer understreke Regjeringens målsetting om at det må vektlegges å ha en god dialog med Sametinget i dette arbeidet.

Disse medlemmer er tilfreds med at Regjeringen har som utgangspunkt at fastleggingen av samisk selvråderett må skje i samsvar med folkerettslige prinsipp og internasjonal utvikling på området. Disse medlemmer bifaller Regjeringens syn om at debatten om selvråderett også må omfatte innholdet i begrepet og hvordan selvråderetten kan gjennomføres som praktisk politikk. Disse medlemmer oppfordrer Regjeringen til å fortsette dialogen med Sametinget for å komme fram til en felles forståelse omkring disse problemstillingene.

Disse medlemmer er positiv til at Regjeringen vil legge opp til mer jevnlige og gjensidige orienteringsmøter på politisk nivå mellom Sametinget og Kommunal- og regionaldepartementet for å forbedre og videreutvikle dialogen og samarbeidet med Sametinget.