Vedlegg 3: Brev fra Samferdselsdepartementet ved statsråden til samferdselskomiteen, datert 10. juni 2003

Spørsmål 3

Alternativ bruk av ferjetilskott

Det er ønskjeleg med departementets kommentarar til det vedlagde notatet av 2. juni 2003 Møre og Romsdal fylkeskommune med fleire.

Svar:

Samferdselsdepartementet har i forslaget til modell foreslått at statens framtidige kostnader til drift av eit ferjesamband skal reknast etter dei gjennomsnittlege utgiftene i sambandet dei siste to rekneskapsåra. I tillegg skal det reknast eit bidrag knytt til gjennomsnittlege kapitalkostnader for heile ferjeflåten. I desse kapitalkostnadene inngår og kostnader til oppgraderingar av ferjene. Det er altså ikkje riktig at desse kostnadene ikkje er tatt omsyn til.

Ved at staten sine framtidige utgifter til drift av sambandet baserast på rekneskapstal vil dette ikkje ta omsyn til framtidige kostnader i sambandet. Det er riktig at kostnadene kan gå opp, men kan og gå ned. Historiske tall viser at kostnadene til drift av enkeltsamband vil variere med trafikkutvikling, ferjemateriellet i sambandet og den makroøkonomiske konjunkturutviklinga.

Bidraget frå innspara kapitalkostnader er basert på eit gjennomsnitt for heile ferjeflåten. For å realisere ei slik innsparing må det investerast mindre i ferjeflåten enn i dag. Ferjeavløysingsprosjekt vil på sikt kunne medverke til redusert behov for investeringar i nye ferjer, men dette ligg førebels ikkje inne i gjeldande transportplanar. På kort sikt er det derimot ein fare for at ei tenkt innsparing på 3,5 mill. kr vil kunne medføre eit redusert ferjetilbod i andre ferjesamband, dersom budsjettet blir redusert meir enn den faktiske innsparinga (overkompensasjon).

Bygging av nye veganlegg, bruer og tunnelar vil føre til auka kostnader til drift og vedlikehald. Kostnadane til dette reknast kvart år av ein modell og blir tatt omsyn til i den årlege løyvinga til regionen frå og med når veganlegget er ferdig. I mange høve utgjer kostnadene til drift og vedlikehald av bruer og tunnelar ein stor del av det innspara ferjetilskottet.

Vegdirektoratet har påpeika at Samferdselsdepartementet sitt forslag til modell vil innebere ein overkompensasjon. Samferdselsdepartementet ser at dette kan bli situasjonen på kort sikt. Departementet har likevel ut frå ønsket om å ha ein enkel modell og for i rimelig grad å ta omsyn til moglege endringar i ferjeflåten på sikt, valt å leggje modellen til grunn. Dersom ein skal opne for skjønnsmessige tillegg, må skjønnet også kunne føre til reduksjon i samla tilskott. Dette vil vere mest sannsynleg når utgangspunktet, iallfall på kort sikt, er fare for overkompensasjon. Departementet legg vekt på eit enkelt regelverk, og vil derfor ikkje tilrå ein modell basert på skjønn.

Framleis er det slik at avgjerd om investering må baserast på samfunnsøkonomiske vurderingar.