Innstilling fra næringskomiteen om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2003 og fisket etter avtalane i 2001 og 2002

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innledning

Ein omfattande del av norsk fiske skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at Regjeringa forhandla fram rammeavtalar som både gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til 200 n. mils økonomisk sone fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land. Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982, har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2003, norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar, og dei langsiktige forvaltningsplanane Noreg har vedteke saman med andre land. Det vert vidare gjort greie for dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noreg si økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar. Meldinga gjer også kort greie for kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot uregulert fiske. Til sist gir meldinga ei oversikt over utnyttinga av kvotar av norske og utanlandske fiskarar i 2001 og 2002, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.

1.2 De ulike fiskeriavtalene for 2003

Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2003 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegner av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. I tillegg har Noreg ført kvoteforhandlingar med Polen.

Noreg har i 2002 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtala om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen, og med Island om kvotebytte og oppfølging i tråd med Smottholavtala. Island har i ettertid sagt opp loddeavtala med verknad frå 1. mai 2003.

Russland

I fiskeriforhandlingane med Russland om ei kvoteavtale for 2003 vart partane samde om å føre vidare avtalen som dei inngjekk hausten 2000 om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 395 000 tonn, medrekna 40 000 tonn murmansktorsk for kvart av åra 2001-2003. Det same gjeld kvoten på 40 000 tonn norsk kysttorsk for kvart av åra. Med den treårige kvoten forventar partane framleis å redusere fiskepresset og byggje opp gytebestanden i perioden. Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 101 000 tonn og ein loddekvote på 310 000 tonn for 2003. Noreg og Russland er også for 2003 samde om eit kvotebytte på eksklusive bestandar. Partane har også fastsett langsiktige forvaltningsplanar for fellesbestandene torsk, hyse og lodde som tek til å gjelde frå 2004. I korte trekk går forvaltningsplanen ut på at ein arbeider for å halde det gjennomsnittlege fiskedøyingstalet på føre-var-nivå i gåande 3-årsperioder samstundes som kvotesvingingane jamnast ut frå år til år med maksimalt +/-10 pst. for torsk og +/- 25 pst. for hyse. Av omsyn til balansen i kvoteavtala er Noreg og Russland også for 2003 samde om lik høve til å fiske torsk og hyse i partane sine soner.

Noreg og Russland vart også samde om ein forvaltningsplan for lodde som skal forhindre kollaps i bestanden.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 2003. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskap, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2003.

På møtet i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2000 vart Noreg og Russland samde om å opne for kommersiell fangst av kongekrabbe frå sesongen hausten 2002/vinteren 2003. Totalkvoten for 2002 var 400 000 krabbar, fordelt med 300 000 krabbar til Russland og 100 000 til Noreg. På kommisjonsmøtet hausten 2002 blei totalkvoten fordobla til 800 000 krabbar for 2003, fordelt med 600 000 krabbar til Russland og 200 000 til Noreg. På bakgrunn av norsk uro over spreiinga av kongekrabbe vestover i Barentshavet, fekk norske og russiske forskarar også i oppdrag å utarbeide eit vitskapleg grunnlag for oppretting av ei vestgrense for fellesforvaltninga av kongekrabbe.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2003, vil vere å føre vidare arbeidet med eit forenkla og elektronisk basert rapporteringssystem for fiskefartøy, inklusive eit system for elektronisk utveksling av fangstdata på fartøynivå.

EU/Færøyene

Kvoteavtalen med EU for 2003 speglar den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er ytterlegare forverra frå i fjor, og er særskilt kritisk for nordsjøtorsken. Noreg og EU vart i kvoteavtalen for 2003 difor samde om å redusere totalkvoten for torsk med 45 pst. frå 2002 og halde fram med det felles arbeidet med å betre beskatninga av botnfisk.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga. Forvaltningsregimet for makrell har i ei årrekke vore gjenstand for usemje mellom Noreg og EU. Hovudproblemet er deling av kvota mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc- arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at et ein har eit rettkomme krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EU si side. Det vert i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområde. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og fangstmønster, har Noreg overfor EU gjort framlegg om å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som blir fordelt mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Eit tilleggsproblem er at EU fastsetjer ein særskilt makrellkvote i bestanden sitt sørlegaste utbrei­ingsområde (Biscaya).

I samanhang med arbeidet med betring av beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teke i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdifulle fisken ("highgrading"). Resten blir kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. I reformen av EU sin felles fiskeripolitikk som vart vedteken i desember 2002 har Europakommisjonen lagt fram ein handlingsplan som tek sikte på å innføre tiltak som kan redusere utkastet. Mellom anna vurderer Kommisjonen å foreslå eit forbod mot utkast frå 2006 på grunnlag av pilotprosjekt og dialog med medlemslanda og fiskerinæringa.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane inngjekk nye årlege avtalar i 2000 og 2001, og vart i 2002 einige om å fastsetje ein "referanse-TAC" på 500 000 tonn for 2003 med same fordeling mellom partane som tidlegare. Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane. Referanse-TAC-en som vart vedteke av dei tre kyststatane var utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2003. NEAFC vedtok for 2003 ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn med ein kvote på 56 610 tonn makrell for dette området. Island har sett fram ein formell reservasjon mot denne reguleringa.

Noreg har for 2003 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått bilaterale kvoteavtalar for 2003 med Færøyane, Grønland, og Polen. Noreg og Polen inngjekk dessutan ein ny avtale i den bilaterale avtalen for 2003 om gjensidig satellittovervaking for fartøy over 24 meter. Polen blir medlem av EU frå 1. mai 2004. Som ein konsekvens av dette, tek Noreg sikte på å avvikle fiskeriavtalen med Polen.

Om andre avtalar

Det er ikkje inngått ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2003. Noreg har i mangel av ei fempartsavtale inngått bilaterale avtalar for 2003 med EU, Færøyane og Russland. EU, Færøyane og Russland kan såleis fiske heile kvotane sine på tonn sild i Norsk økonomisk sone (NØS) nord om 62N eller i fiskerisona ved Jan Mayen.

Noreg har i mangel av ein fempartsavtale underskrive bilaterale avtalar for 2003 med EU, Færøyane og Russland. Desse avtalane er ad hoc-avtalar som ikkje vil legge føringar for forhandlingane om ein ny avtale for 2004.

Sidan 1999 har dei landa som er definert som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland saman med Russland som ikkje har status som kyststat, men som likevel er spesielt invitert part, arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. Desse partane er einige om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ein separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Kyststatane har sidan februar 2000 hatt ti drøftingar om kolmuleforvaltninga utan å kome til ei endeleg løysing.

Med verknad frå 1996 vedtok NEAFC ei multilateral avtale for fiske av uer i Irmingerhavet. Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 4 261 tonn i 2003. Delar av uerbestanden i Irmingerhavet som vert forvalta av NEAFC har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2003 er, som i 2001 og 2002, ein totalkvote for begge områdene.

Rekefisket ved "Flemish Cap" (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for talet på fartøy som kan delta i fisket og grenser for det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1 985 fiskedøgn i 2003. 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Deltaking i regionale forvaltningsorganisasjonar

Noreg har også i 2002 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CITES, CCAMLR og ICCAT. Noreg er også medlem i SEAFO.

ICCAT (Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) sin primære funksjon er bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Middelhavet og Atlanterhavet. Innan ICCAT sitt kompetanseområde er makrellstørje av særleg interesse for Noreg. Noreg deltok som observatør på årsmøtet i ICCAT i 2003 og signaliserte då at vi vil bli medlem av ICCAT, under føresetnad av Stortinget si godkjenning. Regjeringa vil fremje ein stortingsproposisjon om samtykke til inngåing av avtalen i løpet av hausten 2003. Ved ratifisering av konvensjonen vert Noreg offisielt medlem av ICCAT. Totalkvoten for makrellstørje i Nord-Atlanteren og Middelhavet i 2003 er sett til 32 000 tonn for kvart av åra 2003, 2004, 2005 og 2006.

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, si overordna målsetjing ved SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne havet, og omfattar såleis ikkje den økonomiske sona til kyststatane i området. Noreg ratifiserte konvensjonen 20. april 2003. I tillegg til Noreg er konvensjonen underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, samt EU, Island, Sør-Korea og USA. SEAFO-konvensjonen vil tre i kraft 60 dagar etter at den er ratifisert av tre statar, dersom minst ein av desse er ein kyststat. Det er enno berre Namibia og Noreg som har ratifisert konvensjonen.

1.3 Langsiktige forvaltningsplaner

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane av norsk arktisk torsk, hyse og lodde i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

1.4 Kontrollordninger

For å kunne nå målsettinga for ressursforvaltninga trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving er fysisk kontroll med all fiskeaktivitet. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetjing av fiskefangstar.

Kystvakta, inklusive bruksvakttenesta, er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for kontrollen på havet, i første rekkje utanfor 4 n. mil. Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i spesielle område og i spesielle fiskeri. Det er etablert lokale fiskerioppsyn langsmed kysten i regi av Fiskeridirektoratet. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetjing og eksport av fisk.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under ut­øvinga av fisket. I denne fasen blir det kontrollert at fisket skjer med riktig reiskap, til rett tid og på rett område. Ein kontrollerer også fangstsamansetjinga og at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i NØS etab­lerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som er basert på bruk av edb. Databasen inneheld mellom anna opplysningar om fiske- og fangstaktiviteten til utanlandske fartøy og er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde. Frå 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom satellittsporing også kunnskap om kor fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde og kan difor iverksette meir målretta kontroll.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet og satellittsporingsdatabasen. Opplysningane vil under kontroll på feltet bli halde opp mot opplysningane som går fram av fartøyet si fangstdagbok, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre, kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet og satellittsporingsopplysningane er såleis særs viktige reiskap i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

For å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62N, og fordi ein var kjent med at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62N, vart det i 1999 innført ei kontrollpunktsmeldingsordning i desse områda. der utanlandske fartøy skal melde seg til Kystvakta for kontroll på eit av sju kontrollpunkt ved avslutning av fiske. Erfaringane syner at ordningane med kontrollpunktmeldingar ved sju sjekkpunkt har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy. Det er også gitt høve til å kunne påby at fiskefartøy skal ha observatørar om bord. Dette vil kunne effektivisere kontrollen med fisket.

Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 satellitt­overvaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uavhengig av storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy vert underlagt krav om satellittsporing i Noreg si økonomiske sone i tråd med det tidspunkt som er avtala i dei ulike tosidige avtalane.

Norske myndigheiter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga" av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn, kan bli nekta lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte fartøyet å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte slike fartøy å lande fangst.

1.5 Norsk utnytting av kvoter i årene 2001 og 2002

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62N fullt ut i 2001 og 2002.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2001 og 2002, medan sei ikkje vart nytta fullt ut i 2002. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman vart det i 2001 fiska 191 000 tonn kolmule i internasjonalt område medan det i 2002 vart fiska 225 000 tonn. I 2001 og 2002 vart kolmulekvotane i både Færøysona og EU-sona nytta fullt ut.

Norske linefartøy utnytta om lag 61 pst. av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 2001, mens graden av utnytting var om lag 56 pst. i 2002. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i både 2001 og i 2002.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir godt utnytta.

I sesongen 2001/2002 fiska ikkje dei norske fartøya heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island, medan dei i 2002/2003 nytta kvoten fullt ut.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsent­rert om reker og sild i 2001 og 2002.

Rekefisket ved Flemish Cap vart innsatsregulert i 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfellet for Grønlandsrekeflåten. Deltakinga var høg i 2001, men avtok i 2002.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med om lag 14 600 tonn begge åra. I 2001 vart det fiska om lag 4 000 tonn, i 2002 om lag 4 600 tonn.

1.6 Utenlandsk utnytting av kvoter i norsk havområde i årene 2001 og 2002

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar, er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. Etter offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var også gjennomgåande høg for EU. Når det gjeld EU sitt fiske i NØS i Nordsjøen, var det låg utnytting av kvotane med unntak for makrell.

I 2001 fiska Færøyane heile seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, i 2002 var fangsten litt lågare. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 2001 og 2002. Grønland har sidan kvoteavtala vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2001 og 2002 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy. I hovudsak utnyttar Sverige godt dei svenske bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen, og Polen har tradisjonelt nytta sei­kvoten sin godt.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, fra Høyre, Ivar Kristiansen, Michael Momyr og Erlend Nornes, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, fra Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide og Olaf Gjedrem, og fra Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, er fornøyd med at departementet på en klargjørende måte har presentert gjennomgangen av Norges Fiskeriavtaler med andre land for 2003, og fisket etter avtalene for 2001 og 2002.

Selv om det fortsatt er en lang vei å gå før en kan slå fast at internasjonal fiskeri- og ressursforvaltning er tilfredsstillende, er komiteen tilfreds med at den internasjonale oppmerksomhet rundt forvaltningsspørsmål synes å øke i omfang. Likevel er det komiteens oppfatning at Norge også i årene som kommer må intensivere engasjementet rundt forvaltningsspørsmål, da det etter komiteens oppfatning fortsatt er flere uløste ressurs- og forvaltningsspørsmål i og rundt de avtaler Norge er satt til å inngå med andre land. Norge deltar i et meget omfattende fiskerisamarbeid med andre land. Etter komiteens oppfatning må Norge fortsatt ligge i front i alle spørsmål som angår en bærekraftig ressursforvaltning, og det samme i spørsmål hvor "føre-var"-begrepet må være gjeldende.

Komiteen har med interesse fulgt utviklingen av det norsk-russiske fiskerisamarbeidet, som på flere områder viser fremgang. Komiteen har registrert at Norge og Russland også for 2003 ble enige om å videreføre avtalen fra år 2000 om en totalkvote for norsk arktisk torsk på 395 000 tonn. Komiteen vil med stor interesse følge utviklingen og forventningene om oppbygging av den norsk-arktiske torsken, som følge av redusert fiskepress og oppbygging av gytebestandene som den eksisterende avtalen mellom Norge og Russland la opp til i år 2000. Det må etter komiteens oppfatning vurderes en videre utvikling i større grad i retning av felles forvaltnings, forsknings- og kontrolløsninger mellom Norge og Russland i Barentshavet.

Komiteen har merket seg at Norge har vært med på å få på plass langsiktige forvaltningsplaner på flere områder sammen med Russland og EU.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser i denne sammenhengen til ICES forvaltningsråd for fiskeriene i 2004. Om norsk-arktisk torsk sier ICES at

"For å høste bestanden innenfor trygge biologiske grenser anbefaler ICES en betydelig reduksjon i beskatningsgrad (fiskedødelighet) til under føre-var-grensen (0,40). Dette tilsvarer en fangst i 2004 på under 398 000 tonn."

Det vises videre til at dette rådet forsterkes av behovet for å gjenoppbygge aldersstrukturen i bestanden, da mesteparten av gytebestanden fortsatt er førstegangs­gytere.

Disse medlemmer har også merket seg at Havforskningsinstituttet har bemerket at det ikke kan tilrå at kvoten for 2004 settes i henhold til den langsiktige beslutningsregelen for kvotefastsettelse avtalt i den norsk-russiske fiskerikommisjon før det er verifisert at regelen gir tilstrekkelig sikkerhet for bestanden på lang sikt.

Komiteen mener at Norge fortsatt må arbeide for større grad av internasjonal forståelse for et felles regelverk i forvaltnings- og kontrollspørsmål. Komiteen ser med bekymring på at det fortsatt er en rekke uløste forvaltnings- og delingsspørsmål, og viser i denne forbindelse til bestandssituasjonen for flere fiskeslag i Nordsjøen. Komiteen har med bekymring registrert at torskebestanden i Nordsjøen ser ut til å være på et historisk lavmål, og har med interesse regist­rert at det internasjonale havforskningsrådet anbefaler full stans både i torskefisket og på de bestander der man risikerer å få torsk som bifangst. Komiteen frykter de langsiktige virkninger av den dårlige forfatningen som bestandssituasjonen i Nordsjøen avdekker, og anmoder Regjeringen i samarbeid med EU om å iverksette tiltak med sikte på å få på plass tryggere og mer langsiktige forvaltningsløsninger. Komiteen har registrert at EU på flere områder ikke ser ut til å følge råd fra norske og internasjonale havforskere mht. forvaltningstiltak.

Arbeidet de senere år med å hindre ulovlig og uregulert fiske må videreføres. Ressurs- og miljøkriminalitet er sannsynligvis fortsatt utbredt i de fleste internasjonale fiskerier. Derfor må det etter komiteens oppfatning arbeides videre med å få på plass "svartelisteordninger" for fartøy og aktører som blir tatt i slikt fusk.

Komiteen er også bekymret for loddebestanden i Barentshavet, og ber Regjeringen følge utviklingen nøye.

Komiteen har merket seg at kongekrabben er en ressurs som Norge forvalter sammen med Russland. Det er svært viktig at Regjeringen viderefører og intensiverer forskningsinnsatsen på denne arten. Komiteen ber Regjeringen bidra til å få på plass et uttak av krabbe som kan hindre en ukontrollert utbredelse i n­orske fiskerisoner. Det samme gjelder behovet for å få på plass tilstrekkelig fangstkapasitet for uttak av sjøpattedyr. Komiteen ber Regjeringen fortsette arbeidet med å legge til rette for at kvoten av sel kan tas i sin helhet.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet registrerer med bekymring utviklinga i kongekrabbebestanden. I denne sammenhengen viser disse medlemmer til sine merknader og forslag i Innst. S. nr. 162 (2002-2003) om forslag fra stortingsrepresentantene Olav Gunnar Ballo, Hallgeir H. Langeland, Heidi Sørensen og Åsa Elvik om å forvalte kongekrabben som en uønsket introdusert art.

Disse medlemmer viser til at komiteen tidligere har uttalt at norske myndigheter må legge til grunn et føre-var-prinsipp når det gjelder den videre forvaltning av kongekrabben, og at spredning av krabben ikke må komme ut av kontroll.

Komiteen har registrert at det ikke er kommet på plass en fempartsavtale om regulering av fisket etter norsk vårgytende sild i Nordøst-Atlanteren for 2003, og registrerer at det er inngått bilaterale avtaler med alle land, unntatt Island.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet viser til Framstegspartiet sine merknader i Innst. S. nr. 241(1998-1999) om Smottholavtalen, der Framstegspartiet gjekk imot avtalen då ein meinte at den ikkje var god nok og ikkje løyste Smottholproblematikken. Desse medlemene vil peike på at avtalen ikkje er endra, og er derfor usamde i at den vart prolongert utan at avtalen vart betra andsynes norske interesser og utan at Stortinget fekk handsame den på nytt.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at nærings­komiteen i Innst. S. nr. 29 (2002-2003) Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2002 og fisket etter avtalane i 2000 og 2001, uttalte:

"Komiteen anmoder Regjeringen om å vurdere hvorvidt det i forbindelse med den årlige Stortingsmeldinga om de fiskeriavtalene Norge har inngått med andre land og fisket etter tidligere avtaler, kan være aktuelt å informere om følgende:

  • 1. Anbefalte og fastsatte kvoter for de viktigste bestandene.

  • 2. Anbefalte og faktisk fiskepress for de viktigste bestandene.

  • 3. Bestandsutviklinga for de viktigste bestandene.

Komiteen anmoder også Regjeringen om å vurdere om dette kan være grunnlag for en drøfting av opplysningene i forhold til de generelle fiskeripolitiske målsettinger om bærekraftig og lønnsom forvaltning."

Flertallet kan ikke se at departementet har vurdert dette spørsmålet i den framlagte St.meld. nr. 43 (2002-2003). Det oppstilles heller ingen grunn til hvorfor departementet ikke har funnet det nødvendig å gi den informasjonen som komiteen ba om ei vurdering av. Flertallet vil bemerke at informasjon om anbefalte og fastsatte kvoter, om anbefalt og faktisk fiskepress og om bestandsutviklinga for de viktigste bestandene, er informasjon som i større grad vil gjøre Stortinget i stand til å vurdere den informasjonen som den årlige meldinga gir.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

St.meld. nr. 20 (2002-2003) Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2003 og fisket etter avtalane i 2001 og 2002 - vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 18. november 2003

Olav Akselsen

leder

Ivar Kristiansen

ordfører