Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar under enkelte kapittel på statsbudsjettet medrekna folketrygda for 2003, kap. 664 og 666

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 75 (2003-2004)
  • Kildedok: St.prp. nr. 23 (2003-2004) kap. 664 og 666
  • Dato: 04.12.2003
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

1 Sammendrag

1.1 Innleiing

Sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under kapitlane 664 Pensjonstrygden for sjømenn og 666 Avtalefesta pensjon.

1.2 Forslag under dei enkelte kapitla

Kap. 664 Pensjonstrygden for sjømenn

Post 70 Tilskott

For 2003 er det gitt løyvingar som tilskott til Pensjonstrygden for sjømenn på i alt 471,6 mill. kroner.

Tilskottet til Pensjonstrygden for sjømenn skal dekkje delar av pensjonsutbetalingane etter sjømannspensjonstrygdelova § 15 og underskott i pensjonstrygda etter at reguleringsfondet er brukt opp.

Etter sjømannspensjonstrygdelova § 8 er trygda garantert av staten. Det er ved fleire tidlegare høve varsla at staten gjennom garantien må dekkje ein venta underbalanse på 3-4 mrd. kroner over ein periode på om lag 15 år. Reguleringsfondet vart brukt opp i løpet av 1. kvartal i 2003 og staten må derfor dekkje underskottet i trygda.

Dette er det tatt omsyn til i løyvinga for 2003, men løyvinga er for låg. Grunnen er mellom anna at registeret for Pensjonstrygden for sjømenn ikkje gir tilstrekkelege opplysningar om fartstid (tenestetid) før 1975. Ein må derfor basere seg på usikre overslag. Utrekningar viser at opptente pensjonsrettar er større enn lagt til grunn tidlegare.

1. januar 2003 var kapitalen på reguleringsfondet 35 mill. kroner og kapitalen på grunnfondet 186 mill. kroner. Garantiansvaret til staten skal som nemnt dekkje underskottet i Pensjonstrygden for sjømenn etter at reguleringsfondet er brukt opp. Finansinntektene frå grunnfondet går med til finansiering av pensjonstrygda, men etter loven skal ikkje grunnfondskapitalen brukast til å dekkje underskott i trygda.

Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 31,4 mill. kroner til 503 mill. kroner for 2003.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2003 er på 709 mill. kroner.

Middeltalet av AFP-pensjonistar i 2003 vert 11 265 personar, mot 11 820 personar lagt til grunn for løyvinga. Truleg vil talet på pensjonistar bli om lag 11 490 personar ved utgangen av 2003.

Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2003 vert redusert med 29 mill. kroner til 680 mill. kroner.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, har merket seg at tilskuddet til Pensjonstrygden for sjømenn skal dekke deler av pensjonsutbetalingene etter sjømannspensjonstrygdeloven § 15 og underskuddet i pensjonstrygden etter at reguleringsfondet er brukt opp. Bevilgningen for 2003 er for lav, og grunnen er bl.a. at registeret for Pensjonstrygden ikke gir tilstrekkelig opplysning om fartstid (tjenenestetid) før 1975. Komiteen har forståelse for at departementet må basere seg på usikre overslag. Komiteen støtter Sosialdepartementets forslag om å øke bevilgningen med 31,4 mill. kroner for 2003.

Komiteen vil påpeke at Avtalefestet pensjon (AFP) er en avtale mellom Næringslivets Hovedorganisasjon og staten. Avtalen går ut i 2007. Komiteen vil påpeke at mange ønsker å avslutte sitt yrkesaktive liv på en verdig måte. Tallet på antall pensjonister vil være noe usikkert. I 2003 var det færre som benyttet AFP enn det Sosialdepartementet beregnet. Komiteen har derfor ingen bemerkninger til at kap. 666 blir redusert med 29 mill. kroner i 2003.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2003 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

664

Pensjonstrygden for sjømenn

70

Tilskott, blir auka med

31 400 000

frå kr 471 600 000 til kr 503 000 000

666

Avtalefesta pensjon

70

Tilskott, blir redusert med

29 000 000

frå kr 709 000 000 til kr 680 000 000

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 4. desember 2003

Sonja Irene Sjøli

leder

Eirin Faldet

ordfører