Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 139 (2003-2004)
  • Kildedok: St.prp. nr. 38 (2003-2004)
  • Dato: 03.03.2004
  • Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetall: 3

Tilhører sak

Til Stortinget

Samandrag

Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram tilråding om endeleg disponering av betongunderstellet til behandlings- og kompressorplattforma TCP2 (Treatment and Compression Platform 2) på Frigg-feltet.

Frigg er eit felles eigd norsk-britisk felt, der norsk del er 60,82 pst. Olje- og energidepartementet fekk i november 2001 oversendt Frigg avslutningsplan som mellom anna omfattar etterlating av tre betongunderstell. Av desse står TCP2 på norsk side og dei to andre på britisk side av sokkelgrensa. Britiske og norske styresmakter har samarbeidd nært i behandlinga av avslutningsplanen.

Innretningane på Frigg-feltet er samansett av tre betong- og to stålplattformer knytte saman med røyrleidningar og kablar. I tillegg er det eit stålunderstell som vart øydelagt under installasjon i 1974. Ei betong- og ei stålplattform og det øydelagte stålunderstellet står på norsk side.

Olje- og energidepartementet ønskjer ikkje å nytte retten, som er fastsett i petroleumslova, til statleg overtaking av betongunderstellet TCP2 på Frigg. Det er ikkje identifisert høve til lønsam bruk av installasjonen på eit seinare tidspunkt.

Departementet tilrår at betongunderstellet TCP2 blir etterlate på staden i samsvar med tilrådinga frå rettshavarane. Understellet vil bli avmerkt på sjøkart og det vil bli installert navigasjonsutstyr for å tryggje skipstrafikken. I medhald av kgl.res. 26. september 2003 er det vedteke at overbygningen på TCP2 skal fjernast og takast til land. Britiske styresmakter har godkjent å etterlate dei to betongunderstella på britisk side.

Etterlating er grunngitt med at ein fjerningsoperasjon inneber ein uakseptabelt høg risiko for tap av menneskeliv og annan skade. Vurderinga er basert på risikoanalysar utførte og verifiserte av uavhengig teknisk ekspertise. I tillegg er ein fjerningsoperasjon vesentleg dyrare.

Dei samla konsekvensane for miljøet som er knytte til å etterlate betongunderstellet er av Oljedirektoratet vurderte som akseptable. Ei konsekvensutreiing har vore på offentleg høyring. Det har ikkje komme fram forhold som tilseier at den tilrådde løysinga ikkje bør gjennomførast.

I medhald av pliktene etter OSPAR-konvensjonen (konvensjonen om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet av 1992) er det gjennomført konsultasjon med dei andre konvensjonspartane. Ingen av desse har innvendingar mot etterlating.

Basert på ei totalvurdering der ein har teke omsyn til teknisk gjennomføring, tryggleik for personell, miljøet, fjerningskostnader og verknader for andre brukarar av havet, tilrår Olje- og energidepartementet at betongunderstellet TCP2 blir etterlate på staden. Løyve til etterlating vil bli gitt på følgjande vilkår:

  • – utvendig stål og fleksible røyr og lysstoffrøyr inne i betongunderstellet skal fjernast og takast til land for gjenvinning

  • – navigasjonsutstyr skal installerast, og utstyret skal overvakast og haldast ved like regelmessig

  • – betongunderstellet skal avmerkjast på aktuelle sjøkart

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Mette Gundersen og Knut Werner Hansen, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til at betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet vart konstruert og godkjent for transport til feltet og stasjonær plassering for produksjon utan å ta omsyn til fjerning av installasjonane. Før 1979 vart det ikkje stilt krav om at plattformene skulle konstruerast slik at dei skulle tola påkjenningar som heving og fjerning frå feltet kunne innebera. I denne saka har det likevel vore vurdert fleire ulike måtar å fjerne betongunderstellet på, men ingen av metodane har så låg risikofaktor at det er funne forsvarleg å tilrå fjerning.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, er samd i at det av tryggleiksomsyn ikkje vil vera forsvarleg med dagens teknologi å fjerna betongunderstellet.

Komiteen er oppteken av at det vert stilt strenge miljøkrav og krav om gjenvinning ved fjerning av plattformer og ved opprydding på havbotnen i området. Komiteen er samd i at stålkonstruksjonane og overbygningen på betongunderstellet vert fjerna og tekne til land. Komiteen er vidare samd i at skrot og alle installasjonar på havbotnen, bortsett frå betongunderstellet, innanfor ei sone på fem hundre meter rundt plattforma vert fjerna og disponert på land. Etter at dette oppryddingsarbeidet er sluttført, må det gjennomførast tråltest med tilfredsstillande resultat før fem hundre metersona kan opphevast.

Komiteen viser til at alle tankar og røyr vil verta reingjorte for hydrokarbonar og kjemikaliar. Komiteen vil vidare fokusera på mogelege framtidige for­ureiningar etter at produksjonen er avslutta og installasjonane disponerte. I medhald av retningslinjer frå SFT (Kapittel 10-1) er det stilt detaljerte krav til rettshavarane om miljøovervaking og undersøkingar etter at produksjonen er avslutta. Styresmaktene ved SFT vil med utgangspunkt i resultata av undersøkingane vurdera om det vil vera behov for tiltak mot forureining og eventuelle nye undersøkingar. Komiteen har tillit til at SFT vil syta for god kontroll og oppfølging slik at det som selskapet får høve til å etterlata på feltet, ikkje representerer nokon miljørisiko eller fare, verken på kort eller lang sikt.

Komiteen har merka seg at betongunderstellet skal avmerkjast på aktuelle sjøkart, og det skal installerast navigsjonsutstyr på betongunderstellet i samsvar med spesifikasjon frå Kystverket, i samarbeid med skotske Northern Lighthouse Board. Rettshavarane skal vera ansvarlege for drift, overvaking og vedlikehald av navigasjonsutstyret så lenge installasjonen kan representera ein fare.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti,er einig i framlegget til disponering av betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at fjerningsplanen for Frigg-feltet omfattar i alt 6 plattformer, 3 betongplattformer og 3 stålplattformer, og at det er krevjande operasjonar å fjerna plattformer på Frigg-feltet. Dette fleirtalet kjenner til at i tillegg til dei selskapa som tek del i FEED-studier (Front End Engineering and Design), har både den nederlandske løysinga Pieter Schelte og den norske løysinga MPU Heavy Lifter teke del i alle fasar i prekvalifiseringa på Ekofisk. Desse løysingane har gjennom omfattande utvikling og testar fått dokumentert kva teknologi dei har, og det skulle tala for at dei er kvalifiserte til å ta del i konkurransen om oppdraga.

Komiteen tar imidlertid utgangspunkt i at Total følgjer regelverket for innkjøp for oppdragsgjevarar innan energisektoren (Forsyningsdirektivet) ved val av selskap som skal rydda opp og fjerna offshoreinstallasjonar på norsk sokkel. Komiteen er oppteken av at norske selskap får oppdrag med opprydding og fjerning av installasjonar på sokkelen ut frå vanlege kommersielle vilkår.

Etter komiteen si vurdering er det likevel ikkje Stortinget si oppgåve å avgjera kva selskap som skal delta i arbeidet med opprydding og fjerning av installasjonar på norsk sokkel.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstrepartimeiner at vilkåra til etterlating skal supplerast med at

  • – operatøren har ansvaret for å betale for miljøovervaking og undersøking etter at produksjonen er avslutta, samt for SFT sine utgiftar knytta til kontrollerer og oppfylgjing,

  • – operatøren skal teikne ei forsikring for utgiftene dersom det skulle bli naudsynt å fjerne konstruksjonar og borekaks eller gjere tiltak som hindrar forureining.

Bakgrunnen for dette er at det er viktig å vidareføre ansvaret for ei eventuell historisk forureining, og fordi desse medlemene meiner det skal setjast i gang eit arbeid for å finne gjenbruk for de til saman 16 betongunderstella i Nordsjøen og teknologiutvikling som sikrar miljø, kvalitet og tryggleik i fjerning og tilbakeføring av plattformene.

Desse medlemene viser òg til prinsippet om at forureinar skal betale, og viser i den samanhengen til PCB-oppryddinga i norske hamner, der staten vil sitje igjen med store deler av rekninga. Slik må det ikkje bli når namngjevne selskap reiser frå eit område etter avslutta aktivitet.

Desse medlemene fremjar på denne bakgrunnen følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa setje i gang eit arbeid for å finne attbruk for dei til saman 16 betongunderstella i Nordsjøen, og teknologiutvikling som sikrar miljø, kvalitet og tryggleik i fjerning og tilbakeføring av plattformene. I påvente av dette arbeidet og nærare utgreiing av Frigg-feltet, skal betongunderstellet TCP2 forseglast der det står."

Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

Stortinget ber Regjeringa setje i gang eit arbeid for å finne attbruk for dei til saman 16 betongunderstella i Nordsjøen, og teknologiutvikling som sikrar miljø, kvalitet og tryggleik i fjerning og tilbakeføring av plattformene. I påvente av dette arbeidet og nærare utgreiing av Frigg-feltet, skal betongunderstellet TCP2 for­seglast der det står.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne operatøren si tilrådde disponeringsløysing når det gjeld betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 3. mars 2004

Bror Yngve Rahm

leiar

Ingmar Ljones

ordførar