Samandrag

Olje- og energidepartementet foreslår i proposisjonen utbygging og drift av Ormen Lange og anlegg og drift av Langeled mv. Ormen Lange-feltet er det nest største gassfunnet i Noreg, som ligg i Norskehavet om lag 100 km utanfor kysten av Møre og Romsdal. Dei utvinnbare reservene er kalkulerte til 397 mrd. Sm3 gass og 29 mill. Sm3 kondensat.

Departementet viser til at Ormen Lange blir planlagt utbygd ved at gassen frå feltet blir ført i land og prosessert i eit landanlegg på Nyhamna i Aukra kommune i Møre og Romsdal. Den planlagde oppstarten av produksjonen er oktober 2007.

Det vises vidare til at det frå Nyhamna blir planlagt eit nytt røyrleidningssystem for gass - Langeled - som vil gå via ei plattform på Sleipner-feltet i Nordsjøen til Easington i Sør-England. Oppstart for røyrleidning frå Nyhamna til Sleipner er oktober 2007, mens oppstart for røyrleidning frå Sleipner til Sør-England er oktober 2006. Tilkoplinga på Sleipner vil knyte Langeled til Gassled og dermed auke fleksibiliteten i gasstransportsystemet.

Rettshavarene i Ormen Lange-feltet er Petoro AS (rettshavar for deltakardelen som staten har, staten sitt direkte økonomiske engasjement staten-SDØE), Norsk Hydro Produksjon a.s (Hydro), A/S Norske Shell (Shell), Statoil ASA (Statoil), BP Norge AS og Esso Exploration and Production Norway AS. Hydro vil vere operatør for feltet i utbyggingsfasen og Shell vil vere operatør i driftsfasen.

Deltakarane i Langeled er Petoro AS, Norsk Hydro Produksjon a.s, Norske Shell Pipelines AS, Statoil ASA, BP Norge AS, Esso Exploration and Production Norway AS og Norske ConocoPhillips AS. Hydro vil bli peika ut til å vere utbyggingsoperatør og Gassco AS vil bli peika ut til å vere driftsoperatør.

Ormen Lange er eit omfattande prosjekt og ei krevjande oppgåve, særleg når det gjeld vassdjupet og legging av røyrleidning opp frå Storegga-skrenten. Prosjektet er komplekst og vil krevje kvalifisering av ny teknologi på enkelte område. Den teknologiske utviklinga som kjem ut av Ormen Lange vil òg kunne kome framtidige feltutbyggingar til gode.

Ormen Lange vil vere ei av dei viktigaste utbyggingane på norsk sokkel i åra framover og ha stor verdi for framdrifta av den norske gassverksemda. Utbygging av feltet vil medverke til at norsk gasseksport blir auka med meir enn 20 mrd. Sm3 per år til eit mogleg nivå på over 110 mrd. Sm3 per år i løpet av dette tiåret. Dette vil føre til at Noreg styrkar sin posisjon som ein av de viktigaste leverandørane av gass til Europa. Utbygginga av Ormen Lange vil vere med på å dekke eit aukande europeisk behov for gass. Marknadsanalysar viser spesielt at Storbritannia i framtida vil måtte dekke ein stadig større del av sitt gassforbruk gjennom import.

Transportsystemet Langeled vil vere eit viktig bidrag til å auke transportkapasiteten frå norsk sokkel. Langeled vil gje auka kapasitet med over 20 mrd. Sm3 per år, som tilsvarar ein auke på 20 pst. Mot Storbritannia medfører Langeled at eksportkapasiteten blir auka frå 35 mill. Sm3 per dag til 105 mill. Sm3 per dag, som tilsvarar 35 mrd. Sm3 per år.

Investeringar ved utbygginga av Ormen Lange og Langeled er av operatøren rekna til høvesvis 46,5 mrd. 2003-kroner og 19,4 mrd. 2003-kroner, totalt 65,9 mrd. 2003-kroner. Noverdien av utbygginga av Ormen Lange-feltet er av operatøren vurdert til 32,4 mrd. 2003-kroner, 7 pst. reelt før skatt.

Utbygginga av Ormen Lange vil på bakgrunn av informasjonen gjeve av operatør Hydro medføre om lag 1 140 mill. kroner i investeringa, om lag 30 mill. kroner i kalkulatoriske renter og 80 mill. kroner i driftskostnader for SDØE i inneverande år. Det er dekning for desse kostnadene innanfor rammene for gjeldande budsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004), høvesvis kap. 2440 post 30 og kap. 5440 post 24.04.

Utbygginga av Langeled vil på bakgrunn av informasjon gjeve av operatør Hydro medføre om lag 1 540 mill. kroner i investeringa, om lag 40 mill. kroner i kalkulatoriske renter og 80 mill. kroner i driftskostnader for SDØE i inneverande år. Det er dekning for desse kostnadene innanfor rammene for gjeldande budsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004), høvesvis kap. 2440 post 30 og kap. 5440 post 24.04. Det vises elles til St.prp. nr. 81 (2002-2003) og Innst. S. nr. 18 (2003-2004).

Departementet har henta inn vurdering frå Oljedirektoratet om dei ressursmessige og tekniske sidene ved Ormen Lange-prosjektet og Langeled-prosjektet, og frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet om sikrings- og arbeidsmiljømessige tilhøve i samband med prosjekta.

Hydro har utarbeidd konsekvensutredningar for Ormen Lange og Langeled. Departementet viser til at det i høyringsfråsegnene ikkje har kome fram noko som tyder på at utbyggingsplanane ikkje bør godkjennast.

Med utgangspunkt i kalkulasjonane som er lagt til grunn i planen for utbygging og drift og planen for anlegg og drift, meiner departementet at utbygginga av Ormen Lange er eit samfunnsøkonomisk lønnsamt og robust prosjekt. Langeled vil vere eit viktig bidrag for å auke norsk gasseksport samt å auke fleksibiliteten i gasstransportsystemet. Departementet meiner vidare at utbyggingane kan gjennomførast innanfor akseptable miljø-, fiskeri- og sikringsmessige rammer. Det er i proposisjonen presentert for operatøren detaljerte vilkår for tilslutnaden til at Ormen Lange-feltet og Langeled blir bygd ut i samsvar med planen for utbygging og drift og til anlegg og drift av landanlegget på Nyhamna.

Olje- og energidepartementet ber i proposisjonen om enkelte fullmakter som skal medverke til at Petoro fullt ut kan ivareta si oppgåve som rettshavar og forvaltar av SDØE-delane. Oppmodinga frå departementet er grunna ut frå omsynet til at staten som direkte deltakar i verksemda, skal medverke til å sikre ei god framdrift i forretningsmessige transaksjonar, til å redusere forretningsmessig uvisse for andre rettshavarar, og til å halde ved like konfidensialiteten i forretningsmessige transaksjonar.

Ei overdraging av SDØE-delar krev Stortinget si godkjenning, og normalt vil departementet legge fram spørsmålet til vurdering på det tidspunktet overdraginga er aktuell. Ein slik klausul, som nemnt ovanfor, vil imidlertid medføre at rettshavarane ved underteikning av samordningsavtalen bind seg til eventuelt å overdra ein lik del i alle utvinningsgodkjenningar som avtalen gjeld for, dersom dei skulle ønske å gjennomføre ei overdraging i framtida. Petoro vil såleis ikkje kunne underteikne ei samordningsavtale som medfører ei førehandsakseptering av seinare overdragingar, utan at Stortinget har gitt sitt samtykke.

Departementet ser positivt på at rettshavarane på norsk kontinentalsokkel gjennomfører ei harmonisering av deltakardelar i utvinningsløyver som skal samordnast. Olje- og energidepartementet ber om fullmakt til å kunne godkjenne nye samordningsavtaler der Petoro er part, og som inneheld klausular som nemnt i proposisjonen, jf. forslag til vedtak. Dette vil føre til ein førehandsaksept av at ei eventuell framtidig overdraging av SDØE-delar i eit samordna område skal omfatte ein lik deltakerdel i alle underliggjande utvinningsløyve. Eventuelle budsjettmessige verknader blir venta å vere innanfor gjeldande løyving.