Samandrag

Utanriksdepartementet viser til at europaparlament- og rådsdirektiv 2003/54/EF om felles reglar for den indre marknaden for elektrisitet (elektrisitetsdirektiv II), europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/55/EF om felles reglar for den indre marknaden for gass (gassmarknadsdirektiv II) og europaparlaments- og rådsforordning (EF) 1228/2003 om vilkår for tilgang til nett for overføring av elektrisk kraft over landegrensene, vart vedtekne i Rådet 26. juni 2003. Fristen for gjennomføring av rettsaktene i nasjonal rett innanfor EU var 1. juli 2004. Til saman utgjer desse rettsaktene EUs "energimarknadspakke". I tillegg til energimarknadspakka omfattar avgjerda i EØS-komiteen og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF om skiping av ei gruppe reguleringsstyresmakter for elektrisitet og gass.

Det er i proposisjonen gjort nærare greie for dei ulike delane av "energimarknadspakka" og kommisjonsavgjerda om ERGEG.

Dette gjeld:

  • – Direktivet om felles reglar for den indre elektrisitetsmarknaden (2003/54/EF)

  • – Europaparlaments- og rådsdirektiv om felles reglar for den indre naturgassmarknaden (2003/55/EF)

  • – Europaparlaments- og rådsforordning (1228/2003/EF) om vilkår for tilgang til nett for overføring av elektrisk kraft over landegrensene

  • – Kommisjonsavgjerd 2003/796/EF om skiping av Gruppa av europeiske reguleringsstyresmakter for elektrisk kraft og gass

Utanriksdepartementet viser til at elektrisitetsdirektivet legg til rette for ein marknadsbasert kraftomsetnad innanfor EØS-området. Forordninga om handel med elektrisitet over landegrensene utgjer ei ramme for reguleringa av kraftutvekslinga med utlandet. Den har føresegner som på norsk side i hovudsak rettar seg mot den norske systemansvarlege, Statnett SF, og aktørar som er direkte knytte til sentralnettet. Statnett vil ta del i eit europeisk oppgjerssystem og ei kompensasjonsordning for bruk av sentralnetta i Europa i samband med kraftutveksling mellom statane, og det vert fastsett regelverk for kraftutveksling mellom land og tariffering av elektrisitetsnettet.

I tillegg vil det vere mogleg for norske styresmakter gjennom deltaking i ein komité som vert leidd av EU-kommisjonen, å kome med norske synspunkt om vidare utvikling av regelverk innanfor forordninga.

Det er ein føremon for Noreg at energimarknadspakka vert innførd. Klarare og meir bindande regelverk for landa legg til rette for ei meir effektiv og sikker kraftutveksling med utlandet, og medverkar til å sikre forsyningstryggleiken i Noreg. Forordninga medverkar mellom anna til at importmoglegheitene kan utnyttast fullt ut og gjer situasjonen meir føreseieleg når det gjeld importmoglegheiter i år med lite tilsig til norske vasskraftverk.

Føresegnene i elektrisitetsdirektiv II gjer det i liten grad naudsynt å endre rammene for den norske kraftmarknaden.

Ei gjennomføring av elektrisitetsdirektiv II, gass­marknadsdirektiv II og forordninga om grenseoverskridande handel med elektrisitet vil kunne medføre rapporteringskrav overfor EFTAs overvakingsorgan (ESA). Gjennomføringa av dei krava elektrisitetsdirektiv II set til organisering av kraftselskap vil i hovudsak ha små økonomiske og administrative konsekvensar for dei vertikalt integrerte verksemdene det gjeld i høve til konsekvensane av dei krav som i dag vert sette ved samanslåingar mv.

Regelverket i forordninga er i all hovudsak i samsvar med gjeldande norsk regelverk og praksis på området. Dette gjeld i hovudsak tarifferinga og kraftutvekslinga med utlandet. Vidare utvikling av meir detaljert regelverk innanfor forordninga kan gjere det naudsynt med justeringar og tilpassingar i norsk lovgjeving i framtida.

Utanriksdepartementet viser til framlegg frå Olje- og energidepartementet om endringar i energilova som følgje av direktivet, (jf. Ot.prp. nr. 61 (2005-2006)) Om lov om endringer i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven).

Departementet viser òg til framlegg til endringar i lova om felles reglar for den indre marknaden for naturgass som følgje av gassmarknadsdirektiv II frå Olje- og energidepartementet, jf. Ot.prp. nr. 57 (2005-2006) Om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 61 om felles regler for det indre marked for naturgass, i lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet (petroleumsloven) og i somme andre lover.

Avgjerda i EØS-komiteen inneber at Noreg gjennom gassmarknadsdirektiv II har status som marknad under oppbygging.

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 146/2005 av 2. desember 2005 vart det vedteke at "energimarknadspakka" og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF skal innlemmast i vedlegg IV til EØS-avtala (energi).

Avgjerda i EØS-komiteen og rettsaktene i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som vedlegg til proposisjonen.