Sammendrag

Fellesskapsprogrammet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi (Sikrare Internett) 2009–2013 vart formelt vedteke i EU 16. desember 2008 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1351/2008/EF. Føremålet med programmet er å fremje sikker bruk av Internett og annan kommunikasjonsteknologi blant barn og unge, og å motkjempe ulovleg og skadeleg innhald.

Programmet skal vare i fem år frå 1. januar 2009 og er ei vidareføring av programmet Sikrare Internett Pluss (2005–2008), som Noreg har teke del i sidan 2006.

Deltakinga i det nye programmet inneber økonomiske plikter for Noreg over fleire år. Det totale budsjettet til det nye programmet vil vere på 55 millionar euro over fem år. Det vil seie 11 millionar euro per år.

Det går fram av meldinga at "Sikrare Internett" har som mål å fremje sikker bruk av Internett og annen kommunikasjonsteknologi blant barn og unge, og å motkjempe ulovleg innhald og skadeleg åtferd ved bruk av direktekopla teknologi. For å nå målet vil programmet særleg leggje vekt på praktisk informasjon til barn, foreldre, omsorgspersonar og lærarar.

Programmet skal leggje til rette for tiltak mot ulovleg innhald, fremje eit sikkert Internett og syte for auka medvit rundt risiko og kva rådgjerder som bør setjast i verk.

Programmet vert utvida med to nye punkt samanlikna med tidligare. Dette gjeld særlege tiltak for å verne utsette barn mot barnelokking og mobbing gjennom digitale medium og for å samle meir informasjon om korleis barn nyttar ny teknologi. Vidare vil det nye programmet i større grad ha fokus på nyare kommunikasjonstenester, slik som nettsamfunn/sosiale medium.

Det går fram av meldinga at kampen mot ulovleg, skadeleg og uønskt innhald på Internett (og ved bruk av annan kommunikasjonsteknologi), best kan førast gjennom internasjonalt samarbeid. Dei nasjonale tiltaka kan såleis gjennomførast meir effektivt, ved koordinering med tiltak utanfor landegrensene. Den auka utbreiinga og bruken av ny teknologi blant barn gjer det viktig å halde fram med og utvikle arbeidet på området.