2.1 Sammendrag

2.1.1 Samfunnsendringar

2.1.1.1 Endringar i folketal

Dei siste par åra har det vore ein historisk vekst i folketalet, hovudsakleg på grunn av stor innvandring, men òg relativt høge fødselstal. Innvandringa har ført til meir innflytting til fleire mindre sentrale kommunar.

Likevel har det over lang tid gått føre seg ei sentralisering i Noreg. Det vanlegaste biletet på sentraliseringa er at folk flyttar frå mindre sentrale område til større byområde.

Etter kvart som folketalet og fødselstala i småkommunane har vorte lågare, har òg mange små og mellomstore byregionar i distrikta opplevd stagnerande eller fallande folketal.

SSB rekna i den seinaste folketalsframskrivinga med at den høge veksten i folketalet ville halde seg i åra framover, men minke gradvis over tid. Det inneber i så fall at talet på distriktskommunar med vekst i folketalet vil halde seg på eit relativt høgt nivå, men overslaga er svært usikre.

NIBR si flyttemotivundersøkinga har synt at individuelle preferansar er viktigare ved val av bustad no enn tidlegare.

Dei aller fleste flyttingane skjer i åra mellom 18–35 år. I byrjinga av denne aldersperioden flyttar mange unge til storbyar for å ta utdanning eller arbeid. Mange vert buande, men over halvdelen av dei som flyttar til storbyane, flyttar før eller seinare ut igjen og då gjerne til omlandet til storbyane. Denne flyttinga skjer gjerne i samband med familieetablering.

2.1.1.2 Levekår

Det viktigaste bidraget for å sikre likeverdige levekår er tilgang til arbeid med god lønn. Ein del stader har tilgang på industriarbeidarkompetanse kombinert med aktiv offentleg tilrettelegging vore viktig for lokaliseringa av nye verksemder, som i Glomfjord og Årdal.

Skeivfordeling av inntekter skaper utfordringar i høve til likeverdige levekår i heile landet. Data frå prosjektet Sentraliseringas pris (NIBR, 2009) syner at personar som flyttar, har høgare inntekter enn dei som vert buande. Sjølv om det har vore ei sterk rasjonalisering og positiv inntektsutvikling i næringar som er viktige for distrikta, ligg inntektene i til dømes landbruket godt under det nasjonale inntektsnivået. Det er ei utfordring å auke inntektene i primærnæringane for å sikre framtidig rekruttering. Samstundes er primærnæringar og industri som utnyttar lokale ressursar, heilt setrale for å oppretthalde busetjing og lokal verdiskaping mange stader.

2.1.1.3 Regional økonomisk utvikling

Noreg har stor grad av regional arbeidsdeling der næringslivet i ulike delar av landet er avhengige av kvarandre. Mykje av vareproduksjonen skjer i små og mellomstore byregionar og småstader, medan hovudkontora og finansnæringane i stor grad er lokaliserte i dei store byane.

I 2006 og 2007 auka sysselsetjinga med til saman 200 000 personar. Denne veksten reduserte arbeidsløysa i heile landet. Utfordringa vart i større grad mangel på arbeidskraft. Sjølv om sysselsetjinga har gått opp i heile landet, er veksten i sysselsetjinga skeivt fordelt geografisk.

Finansuroa som fekk stor effekt i Noreg frå hausten 2008, har på kort tid endra vekstutsiktene for næringslivet kraftig. Den økonomiske situasjonen har fått tydelege følgjer i fleire sektorar. Nedleggingar og nedbemanningar kan få stor innverknad i mange mindre byar og tettstader med einsidig næringsverksemd. Det er likevel grunn til å tru at verknadene på økonomien i den komande tida vil vere størst i dei områda som har hatt størst auke i sysselsetjing dei seinare åra. Den sterke konsentrasjonen av private tenester og tenester til næringslivet i dei store byane talar også for ein sterkare nedgang her. Kor lenge finansuroa held fram, vil ha mykje å seie for verknadene for den økonomiske utviklinga framover.

Nyskaping og utvikling i næringslivet er ein viktig føresetnad både for å vere konkurransedyktige i den globale marknaden og for å auke inntektene. Det finst i dag mange sterke næringsmiljø i heile landet som inngår i både regionale, nasjonale og globale innovasjonssystem. Innovasjonsundersøkinga til SSB syner at omlag like mange føretak i mindre sentrale område som i byområde rapporterer om innovasjonar. Eksportindustrien og konkurranseutsett næringsliv er også godt spreidd utover i landet. Samstundes er det klart at dei store FoU-institusjonane, både private og offentlege, er lokaliserte i sentrale område. Mestedelen av forskinga og innovasjonen frå forsking går føre seg her. Likevel samarbeider fleire næringsmiljø på mindre stader godt med FoU-miljø regionalt og nasjonalt.

Prosentdelen personar med høgare utdanning er òg klart høgare i storbyområde enn i mindre sentrale strok.

2.1.2 Konkretisering av mål og innretning på distrikts- og regionalpolitikken

2.1.2.1 Utfordringar og ambisjonar

Regjeringa meiner at:

  • å sikre reell fridom til busetjing i alle delar av landet både er ein verdi i seg sjølv og ein hovudstrategi for å halde oppe hovudtrekka i busetnadsmønsteret

  • arbeid til alle og kreativ utnytting av ressursane der folk bur er ein nøkkel til å sikre fridom til busetjing, auka verdiskaping og likeverdige levekår

  • attraktive lokalsamfunn vert stadig viktigare som busetjingsgrunn

  • område og kommunar med små arbeidsmarknader, nedgang i folketalet og einsidig næringsstruktur har særlege utfordringar

  • små og store byar har viktige roller som sentra for tenester, varierte arbeidsmarknader og kompetanse- og kunnskapsmiljø som må vidareutviklast.

2.1.2.2 Ein samla politikk for å utnytte moglegheiter og møte utfordringar

Regjeringa vil:

  • føre ein offensiv og regionalt differensiert politikk på mange område for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål, og for å gje rom for fylkeskommunane til å utvikle ein politikk tilpassa lokale føresetnader

  • styrkje vekstkrafta nedanfrå gjennom kommunane si evne til å mobilisere lokale krefter for brei lokal samfunnsutvikling

  • vidareføre innsatsen for nærings- og bedriftsutvikling ut frå regionale føresetnader med vekt på det distriktspolitiske virkeområdet

  • vidareutvikle sektorsamordninga og medverke til at desentraliseringa av oppgåver til fylkeskommunane etter 2010 vert følgd opp med god dialog mellom forvaltningsnivåa

  • leggje til rette for at byar av ulik storleik fungerer som gode buområde og tenestesentra og for utnytting av potensiala i verdiskapings- og kunnskapsmiljøa i byområda.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen merker seg at det de siste årene har vært en historisk vekst i folketallet og at dette hovedsakelig skyldes innvandring. Komiteen merker seg også at det over lang til har foregått en sentralisering i Norge, og at NIBRs flytteundersøkelse viser at individuelle preferanser er viktigere ved valg av bosted nå enn tidligere.

Komiteen vil understreke at en offensiv regional- og distriktspolitikk må føres på mange områder for å sikre bosetting i hele landet. Det er positivt at det legges vekt på å utvikle kommunene som samfunnsutviklere. Komiteen vil påpeke at alle kommuner trenger innsats for samfunnsutvikling, ikke kun de næringssvake. Komiteen ser imidlertid at næringssvake kommuner trenger en ekstra innsats. Komiteen mener det er viktig at byene fungerer som gode tjenestesenter for omliggende distrikter. Dette er viktig for at småsamfunn skal fungere på en best mulig måte.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, slutter seg til Regjeringens konkretisering av mål og innretning på distriktspolitikken, og ser at områder og kommuner med små arbeidsmarkeder, nedgang i folketallet og ensidig næringsstruktur har særlige utfordringer.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener:

  • Bosetning i hele landet er avhengig av mulighet for å videreutvikle og bruke de lokale ressursene, et variert arbeidsliv og gode kommunikasjoner.

  • Eiendomsretten og lokalt selvstyre er en forutsetning for å skape gode lokalsamfunn og muligheter i hele landet. Derfor må lovverket forenkles, byråkratiet slankes, fylkeskommunen legges ned og fylkesmannens mulighet til å overprøve lovlige lokale vedtak fjernes. Planloven må endres slik at kommunene igjen får råderett over eget planarbeid.

  • En større del av verdiskapingen må bli igjen i lokalsamfunnet, derfor må kommunene få beholde en andel av selskapsskatten.

  • Store deler av Distrikts-Norge opplever nå verning og vernepress. Skal verningen fungere positivt og sikre vårt kulturlandskap må det skje i samarbeid med grunneiere og lokale interesser. Det er behov for en nasjonal politikk for å gi større mulighet for næringsvirksomhet knyttet til verneområder.

  • Lokalt eierskap er en forutsetning for arbeidsplasser i hele landet. Derfor må formuesskatten som er en særskatt på norsk lokalt eierskap, avvikles.

  • Tilgang på miljøvennlig, rimelig og sikker kraft er grunnlaget for mange industriområder i Distrikts-Norge. Det må føres en energipolitikk som gir lokal verdiskaping basert på norsk energi.

  • Byområdene fungerer som regionale lokomotiv, og staten må bygge opp om at de ulike byområdene får videreutvikle sine konkurransefortrinn. Ved hjelp av gode kommunikasjoner vil vekstkraften øke og arbeidsmarkedet utvides i hele landet.