Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Innstilling frå justiskomiteen om lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til Stortinget

Samandrag

Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til lov om pågriping og overlevering for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven). Forslaget gjennomfører avtale 28. juni 2006 mellom Den europeiske unionen og Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane. Lovforslaget tek også opp i seg lov 19. september 2008 nr. 77 om pågriping og overlevering mellom dei nordiske statar på grunn av straffbare forhold (lov om nordisk arrestordre, ikkje i kraft). Ein legg dermed opp til ein felles lov om arrestordre som skal gjelde overlevering både innan Norden og mellom statane i Den europeiske unionen (EU) og Noreg.

I proposisjonen vert det også foreslått at Stortinget samtykkjer til inngåing av ovanfor nemnde avtale. Avtalen inneber forenkla reglar og prosedyrar for overlevering av personar for straffbare forhold. Samtykkje til avtalen vert behandla i denne innstillinga. Det vises til eigen innstilling om lovvedtaket.

Avtalen som Island og Noreg har inngått med EU er ein såkalla parallellavtale til EU si rammeavgjerd om den europeiske arrestordren og overleveringsprosedyrar mellom medlemsstatane (13. juni 2002) som gjeld mellom EU sine medlemsstatar. Parallellavtalen er basert på den europeiske arrestordren og er på dei fleste punkt tilnærma likelydande med denne. Det er samtidig enkelte prinsipielt viktige skilnader mellom dei to instrumenta.

Gjennomføringa av arrestordreavtalen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid for utvida justispolitisk samarbeid med EU, og må sjåast i samanheng med Noregs strafferettslege samarbeid med EU elles gjennom blant anna Schengen-avtalen, samarbeidsavtalane med Europol og Eurojust, tilknytingsavtalen til EU sin konvensjon om gjensidig bistand i straffesaker, og avtalen om forsterka politisamarbeid (Prüm-avtalen).

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Tore Hagebakken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michael-sen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til Prop. 137 LS (2010–2011) hvor det både fremmes forslag til lovvedtak og stortingsvedtaket. I denne innstillingen behandles stortingsvedtaket. Det vises til egen innstilling om lovsaken.

Komiteen viser til at forslaget gjennomfører avtale 28. juni 2006 mellom EU og Island og Norge om overleveringsprosedyre mellom partene. Komiteen er enig i at denne avtalen vil forenkle regler og prosedyrer for overlevering av personer som har begått straffbare forhold. Denne avtalen er basert på den europeiske arrestordren, men har samtidig enkelte prinsipielt viktige forskjeller. Utlevering til EU-stater vil med dette bli erstattet av overlevering, som er et tilsvarende, men vesentlig forenklet institutt.

Videre ser komiteen at det legges opp til at det for visse forhandlinger og på visse vilkår blir foreslått å fjerne kravet til dobbel straffelegging. Selv om det ikke lenger skal være noe forbud mot utlevering av norske borgere til EU-stater, så vil det finnes enkelte særregler i samband med overleveringen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget samtykkjer til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom Den europeiske unionen og republikken Island og Kongeriket Noreg om overleveringsprosedyre mellom medlemsstatane i Den europeiske unionen og Island og Noreg.

Oslo, i justiskomiteen, den 22. november 2011

Per Sandberg

Åse Michaelsen

leiar

ordførar