Brev fra Miljøverndepartementet v/statsråden til kontroll- og konstitusjonskomiteen, datert 20. april 2012

Tilskotsforvaltning i Miljøverndepartementet

Eg viser til Kontroll- og konstitusjonskomitéens brev av 13. mars 2012 om forvaltning av tilskot i Miljøverndepartementet.

1. Innleiing

Fleire av dei spørsmåla Kontroll- og konstitusjonskomitéen tek opp, er knytt til dei merknadene som Riksrevisjonen kom med i Dok. 1 (2011-2012) mellom anna om tilskotsforvaltninga i miljøvernforvaltninga. I denne samanheng viser eg til komitéens brev av 20. desember 2011 og tidlegare miljø- og utviklingsminister Solheim sitt svar i brev av 30. januar i år. Saman med dei merknadene komiteen sjølv kom med i Innst. 211 S (2011-2012), reknar eg difor med at komiteen på eit overordna plan er godt kjend med Miljøverndepartementet si tilskotsforvaltning.

Miljøverndepartementet forvalta i 2011 tilskot under 60- og 70-postar for i alt 1 215 549 000 kroner. Av dette forvalta departementet sjølv 194 680 000 kroner. Dei andre tilskota på vårt budsjett er forvalta av våre ytre etatar. I dette brevet har eg konsentrert omtalen til dei tilskota som blir forvalta av Miljøverndepartementet sjølv. I tala ovanfor er ikkje tilskot frå 01-, 21- og 22-poster teken med. Tilskot under desse postane er omtala i punkt 3.1 nedanfor.

2. Praktisering av økonomireglementet, løyvingsregelementet og forvaltningslova

Miljøverndepartementet har med heimel i Reglement for økonomiforvaltning i staten § 3 fastsett økonomiinstruksar for økonomiforvaltninga i departementet og i alle ytre etatar. Instruksane blei sist revidert med verknad frå 2005. Økonomiinstruksen til Klima- og forureiningsdirektoratet er nyleg revidert med verknad frå 2012. Vi tek sikte på å revidere dei andre økonomiinstruksane i løpet av 2012-2013. Instruksane er eit supplement til Finansdepartementet sine «Bestemmelser om økonomistyring i staten» (etter dette nemnd «bestemmingane»). Desse bestemmingane er difor i liten grad gjentekne i instruksane. Alle instruksane inneheld generelle punkt om forvaltning av tilskot jamfør kap. 6 i bestemmingane.

2.1 Reglar for tilskotsordningar og tilhøvet til forvaltningslova

Kapittel 6.2. i bestemmingane inneheld krav til utforming av tilskotsordningar og presentasjon for Stortinget. I kapittel 6.2.1.2 er det sett krav til at det skal fastsetjast reglar for tilskotsordningar i samsvar med kapittel 6.2.1.1.

Etter at økonomiregelverket (økonomireglementet og bestemmingane) blei vesentleg revidert i 1996, med verknad frå 1997, arbeidde departementet intensivt med å etablere regelverk for våre tilskotsordningar basert på det nye regelverket. Rundt tusenårskiftet hadde departementet fastsett reglar for dei aller fleste tilskotsordningane, inklusive tilskotsordningar som blir forvalta av våre ytre etatar.

Økonomiregelverket blei på nytt revidert og forenkla i 2003/2004. I dette regelverket (bestemmingane kap. 6.2.1.2) blei det mellom anna tydelegare fokusert på sambandet til forvaltningslova sine reglar om føresegner då reglane kan vere bestemmande for rettar og pliktar for målgruppene for dei einskilde reglane, jamfør forvaltingslova § 2 c. Med bakgrunn i dette la Miljøverndepartementet fram nokre typiske tilskotsordningar for lovavdelinga i Justisdepartementet i brev av 7. april 2005. Lovavdelinga uttalte i brev av 6. oktober 2006 at vesentlege delar av desse ordningane måtte sjåast på som føresegner i samband med forvaltningslovas reglar. Etter dette har Miljøverndepartementet fastsett følgjande nye tilskotsreglar som føresegner:

  • Føresegn om tilskot frå Svalbards miljøvernfond (kap. 1472)

  • Føresegn om Norsk kulturminnefond (kap. 1432, og som for ein stor del omhandlar tilskotsforvaltning)

I tillegg har vi revidert reglane for tilskot til frivillige miljøvernorganisasjonar med verknad frå 2012 ved fastsetting av føresegn om tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftingar (kap. 1400 post 70).

Alle reglane som departementet har fastsett, er i samsvar med kapittel 6.2.1 i bestemmingane og omfattar:

  • 1. Mål for ordninga

  • 2. Målgruppe

  • 3. Tiltak som kan få tilskot

  • 4. Kunngjering og innhald i kunngjeringa

  • 5. Krav til innhald i søknadane

  • 6. Krav til handsaming av søknadane

  • 7. Informasjon til søkjarar som får tildelt tilskot - innhald i tilsegnsbrev/tilskotsbrev

  • 8. Informasjon til søkjarar som ikkje får tildelt tilskot eller tildelt mindre enn dei har søkt om

  • 9. Utbetalingsplan

  • 10. Krav til rapportering frå mottakar av tilskot

  • 11. Utbetaling og rekneskapsføring av tilskot

  • 12. Kontroller

  • 13 Evaluering

2.2 Presentasjon for Stortinget

Kapittel 6.2.1.3 i bestemmingane gir reglar om presentasjonen av tilskotsordningar for Stortinget. Desse reglane uttrykker at departementet skal gi ein presentasjon av hovudelementa i tilskotsordningane. Med bakgrunn i dette har Miljøvern-departementet i alle år etter at denne regelen blei fastsett, eller tilsvarande krav i regelverket frå 1997, omtalt ordningane i dei årlege budsjettproposisjonane med:

  • Mål for kvar einskild ordning og i fleire tilfelle målgruppa for dei einskilde ordningane

  • Kriteria for måloppnåing. Desse er omtala der vi meiner at måloppnåing enkelt kan bli gjort greie for ved hjelp av kriteria.

  • Tildelingskriteria

  • Oppfølging og kontroll

2.3 Kunngjering

Kapittel 6.3.2 i bestemmingane gir reglar om kunngjering.

I alle reglane som er fastsett av departementet, er det tatt med krav om kunngjering av ordningane i samsvar med ordlyden i dette punktet.

Miljøverndepartementet har sidan 1974 kunngjort tilskotsordningar i rundskrivsform. Sidan starten av 1990-åra blei rundskriva trykt i kvart sitt hefte (eitt for naturforvaltingsområdet og eitt for forureiningsområdet). Med verknad frå 1999 har Miljøverndepartementet kunngjort tilskotsordningane i eitt felles rundskriv ( T-1/98). Frå 2005 (T-1/04) er rundskrivet lagt ut på Miljøverndepartementet si heimeside på www.regjeringa.no og ikkje fysisk sendt ut. Løyving av tilskot som er øyremerka, anten ved namnet på mottakar i postnemninga, eller namn gitt i postomtalen, eller der formålet som er skrive i teksten, klart peikar mot den målgruppa ordninga gjeld for, blir ikkje kunngjort i rundskrivet, jamfør reglane i kapittel 6.4.2 a. Det same gjeld tilskot til internasjonalt arbeid som ikkje blir kunngjort i samsvar med kap. 6.4.2 c i bestemmingane. Samla gjelder desse unnataka i 2011 kap. 1400 postane 71, 74, 75, 79 og 81. Det gjelder også kap.1410 postane 70, 72 og 73.

I 2011 omfatta rundskrivet alle ordningane i heile miljøvernforvaltninga med unnatak av dei tilskota som fell inn under unntaksreglane i bestemmingane kapittel 6.4.2.

I tillegg omfatta rundskrivet for 2011 ikkje kap. 1400 post 73 Kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk. I 2011 hadde denne posten ei løyving på 18,75 mill. kroner. Ein sum på 5,1 mill. kroner blei ikkje kunngjort. Posten var ei vidareutvikling av kap. 1442 post 70 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk i statsbudsjettet for 2000.På denne tida omfatta posten løyvingar til bestemte verksemder som var nemnd i proposisjonsteksten, i tillegg til ein fri del til avfallsføremål som det kunne søkjast på. Dette blei kunngjort i rundskrivet. Frå 2003 er posten ikkje kunngjort i rundskrivet. Dette skuldast at heile løyvinga blei nytta til dei verksemdene som er nemnd i proposisjonsteksten. I 2007 blei posten igjen utvida med ein fri del mellom anna til Klimaløftet som blei kunngjort på departementet si heimeside på www.regjeringa.no. Etter at Klimaløftet var avslutta, blei dei frie midla ikkje kunngjort. Årsaka til dette var at departementet meinte posten var vel kjend, og dessutan blei midla i noko mon tildelt dei namngitte verksemdene under posten til konkrete tiltak. Av verksemder som ikkje er nemnd i postteksten er det gitt tilskot til Stiftelsen Foreningen Ren Marina, WWF Norge, Norsk forening for farlig avfall, Norsk kulturarv, Standard Norge, Cicero og Norges Naturvernforbund. Tilskota blei tildelt etter søknad. Eg viser til oversikta over kap. 1400 post 73 i vedlegget.

Rundskrivet for 2011 omfatta heller ikkje kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning post 71 Forvaltningstiltak i verdsarvområde, post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, post 81 Verdiskapingsprogrammet for naturarven og kap. 1429 Riksantikvaren post 77 Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet. Desse ordningane har blitt kunngjort direkte overfor aktuelle tilskotsmottakarar mellom anna gjennom konferansar og via kunngjeringar frå fylkesmannsembeta og fylkeskommunar. Verdiskapingsprogrammet for kulturminne blei avslutta i 2010. Løyving for 2011 og 2012 er nytta til evaluering og prosjekt i regi av statlege verksemder.

Rundskrivet i 2012 omfattar alle tilskotsordningane i miljøvernforvaltninga som ikkje er øyremerka i proposisjonen eller retta mot internasjonalt arbeid, og med dei same unnataka som i 2011 som er nemnd ovanfor. Kap.1400 post 73 er oppheva frå 2012, og midlane er overførte til kap. 1400 postane 70 og 76. Av desse er post 70 kunngjort separat på www.regjeringa.no og post 76 er kunngjort i rundskrivet.

Sjølv om departementet meinar tilskotsordningane er kunngjorde i tilstrekkeleg grad, vil eg syte for at alle tilskotsordningar som det kan søkjast på, blir tekne inn i rundskrivet for 2013.

2.4 Forvaltningslova

All sakshandsaming av ikkje-øyremerkte tilskot i Miljøverndepartementet følgjer bestemmingane om enkeltvedtak i forvaltningslova.

Som nemnt i punkt 2.1 ovanfor la Miljøverndepartementet fram nokre typiske døme på reglar for tilskotsordningane for lovavdelinga i Justisdepartementet i 2005. Lovavdelinga uttalte at vesentlege delar av innhaldet i våre reglar måtte sjåast på som føresegner etter forvaltningslova. Ved komande revisjonar av dei tidligare fastsette tilskotsordningane og ved eventuell oppretting av nye tilskotsordningar vil spørsmålet om føresegn bli vurdert.

Det er opp til den einskilde sjølv å vurdere sin habilitet ved handsaming av saker i departementet. Dersom vedkommande er i tvil om sin habilitet, blir saken vurdert av departementet, og av lovavdelinga i Justisdepartementet dersom ein framleis er i tvil.

3. Gjennomgang av tilskot i 2011

Miljøverndepartementet har gått gjennom alle utbetalingar i 2011 som departementet sjølv har gjort, og skilt ut tilskot. I vedlegget finns departementet si oversikt over tilskotsutbetalingar i 2011. Kartlegginga som no er gjennomført, har ikkje avdekka noko prinsipielt nytt samanlikna med det departementet har vore kjent med mellom anna frå funna til Riksrevisjonen.

3.1 Tilskot frå kap. 1400 postane 01, 21 og 22

Gjennomgangen viser at det i 2011 blei utbetalt tilskot for i alt 19,9 mill. kroner under desse postane. Av desse tilskota gjekk i alt 14,1 mill. kroner til kommunesektoren; i all hovudsak til fylkeskommunane. Ein vesentleg del av desse midla, 4,2 mill. kroner, gjekk til kompetansetiltak i samband med iverksetting av ny plan- og bygningslov i 2009 som omtalt i Prop. 1 S (2010-2011) og 4,35 mill kroner til støtte til plansekretariatet Oslo/Akershus. Tilskota til fylkeskommunane blir i all hovudsak tildelt etter søknader frå fylkeskommunane gjennom fylkesmannen. Tilskota blir tildelt for å støtte opp under den rolla fylkeskommunane har etter plan- og bygningslova. Som Riksrevisjonen har peika på i Dok. 1 (2011-2012), vil Miljøverndepartementet i framtida ha særlig fokus på å skilje mellom kjøp og tilskot under driftspostane.

4. Sikre ei tilskotsforvaltning i tråd med økonomireglementet framover

I innleiinga av dette brevet har eg vist til brevet av 30. januar i år frå tidlegare statsråd Solheim til Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Som omtalt i brevet, tek departementet sikte på at dei merknadene som Riksrevisjonen har peika på, så langt det er mogleg, skal vere løyste i framlegget til Prop. 1 S (2012-2013).

Etter at nemnte brev blei sendt, har Miljøverndepartementet arbeidd vidare med desse problemstillingane. Mellom anna tek eg sikte på å fremje saker i proposisjonen i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2012 for å kome i møte fleire av Riksrevisjonens merknader. Nokre saker må likevel utstå til Prop. 1 S (2012-2013)

Departementet vil halde fram med å kunngjere tilskotsordningane i dei årlege rundskriva T-1 på www. regjeringa.no slik at ordningane som har ei ope målgruppe, blir gjort kjend for allmenta og relevante målgrupper.