I høyringsnotatet gjer departementet greie for endringar i partiloven som indirekte kan seiast å følgje av GRECOs rekommandasjonar.

3.1 Kva for organisasjonsledd rapporteringsplikta bør gjelde for

3.1.1 Sammendrag

Artikkel 6 i Rec/2003-4 er indirekte ein del av GRECOs evalueringsgrunnlag ved at det blir vist til denne i artikkel 11 om rekneskapar:

«Regler om gaver til politiske partier, unntatt reglene om rett til skattefradrag som er nevnt i artikkel 4, bør i aktuelle tilfeller også gjelde for enheter som er direkte eller indirekte knyttet til et politisk parti eller på annen måte kontrolleres av et politisk parti.»

Med tilvising til denne artikkelen har GRECO i fleire evalueringsrapportar hatt fokus på at rapporteringssystemet må gjelde for alle delar av partiorganisasjonen, ikkje berre partiledd som stiller til val. Det er vist til at regelverket elles lett kan omgåast ved at parti opprettar einingar som har til formål å samle inn pengar til partiet eller kandidatar under valkampar eller at bidrag blir kanaliserte gjennom verksemder/føretak i partihierarkiet. På denne måten kan identiteten til bidragsytarar og omfanget av enkeltbidrag haldast skjult for allmenta.

Partiloven § 18 første ledd slår fast at loven gjeld for «alle politiske partier, herunder organisatoriske ledd av partier som er omfattet av loven.» Ved tolking må ein ta utgangspunkt i at Partifinansieringsutvalets forslag var at rapporteringsplikta skulle knytast til retten til å søkje om statsstøtte, jf. merknadene i NOU 2004:25. Sjølv om det i Ot.prp. nr. 84 (2004–2005) blei gjort enkelte modifikasjonar i utvalets forslag når det gjaldt oppfylling av plikta som vilkår for støtte, blei det ikkje gjort nokon justeringar m.o.t. kva for partilag rapporteringsplikta skulle gjelde for. Dette inneber igjen at «som» i § 18 første ledd viser tilbake på partiledd som har rett til å søkje om støtte etter §§ 11, 12 og 13 – dvs. sentralleddet, fylkeslaget, kommunelaget pluss sentral ungdomsorganisasjon og fylkesungdomsorganisasjon. Loven er derfor ikkje til hinder for at det blir oppretta organisasjonseiningar utanfor rapporteringssystemet som eksempelvis har innsamling av pengar som formål. Slike einingar vil i dag ikkje komme inn under nokon del av partiloven.

3.1.1.1 Høyringsnotatet sine forslag

I høyringsnotatet viser departementet til at fleire parti har oppretta selskap under seg som ivaretek dei meir forretningsmessige sidene av partidrifta. Enkelte parti har òg etablert partiorganisasjonar i utlandet.

Sjølv om GRECO av uvisse årsaker ikkje har teke dette opp i den norske rapporten, vil forekomsten av verksemder/organisasjonar i partihierarkiet som ikkje er direkte omfatta av partiloven, vere eit potensielt hol i lovgivinga – først og fremst når det gjeld private bidrag, definert i § 19 tredje ledd. For å vidareføre prinsippet i artikkel 6 Rec 2003/4 blir det foreslått i høyringsnotatet at føresegnene om rapportering av bidrag òg skal omfatte bidrag gitte til organisasjonar eller verksemder som kan knytast til eit politisk parti – uavhengig av kva formål verksemdene har. Det same vil gjelde partiorganisasjonar etablerte i utlandet, Svalbard medrekna.

3.1.1.2 Departementets vurderingar og forslag

Departementet viser til at GRECO har uttalt seg positivt om dette forslaget, jf. avsnitt 29 i oppfølgingsrapporten.

Departementet vidarefører derfor forslaget i denne proposisjonen om at bidrag til partiorganisasjonar eller verksemder – som ikkje kan søkje om støtte etter §§ 11, 12 og 13, men som direkte eller indirekte er knytte til eit politisk parti eller på annan måte er kontrollert av eit politisk parti eller partiledd, blir tekne med i partileddets rapportering. For verksemder under sentralleddet vil terskelverdien for bidrag etter forslaget vere 35 000 kroner. For regionale eller lokale verksemder vil verdien vere hhv. 23 000 kroner og 12 000 kroner. Regelen vil etter forslaget òg gjelde bidrag gitt i valkampperioden.

3.1.2 Komiteens merknader

Komiteen har ingen merknader.

3.2 Berre parti eller også kandidatar?

3.2.1 Sammendrag

Med tilvising til artikkel 8 i Rec 2003/4 legg GRECO til grunn at reglane for finansiering av politiske parti også bør omfatte kandidatar som stiller til val. I land med typisk personorienterte valsystem har GRECO gitt rekommandasjonar om like reglar for partis og kandidatars valkamprapportering.

Det vert i proposisjonen peika på forhold som gjer at det norske systemet kan reknast for å vere typisk partiorientert.

For alle dei nemnde forholda vil situasjonen likevel kunne vere ein annan på fylkestings- og kommunestyrenivå der valloven gir veljarane større moglegheit til å påverke personvalet.

Noreg har nytta desse argumenta overfor GRECO. I likskap med bl.a Sverige, Danmark og Latvia har Noreg unngått ein rekommandasjon om å likestille kandidatar med politiske parti.

3.2.1.1 Høyringsnotatet sine forslag

Sjølv om systemet i dag blir sett på som sterkt partiorientert, kan det innanfor dagens vallovgiving skje endringar over tid. Vallovkommisjonen (NOU 2001:3) meinte at personvalet blir viktigare fordi konfliktane i ei rekkje prinsipielle politiske spørsmål etter kvart går like mykje gjennom dei politiske partia som mellom dei. Høyringsnotatet legg til grunn at partiloven bør ha ein viss fleksibilitet overfor endringar i forholdet personval/partival. I notatet foreslår departementet ein forskriftsheimel der rapporteringssystemet heilt eller delvis òg skal kunne omfatte finansieringa av valkampar til kandidatar som representerer politiske parti eller partiledd som vinner representasjon til folkevalde organ.

Slik heimelen er formulert i høyringsnotatet vil den berre dekkje finansieringa av valkampar for innvalde kandidatar, dvs etterskotsrapportering. Ut frå diskusjonen om rekommandasjon 3 over, vil dette gjelde bidrag frå privatpersonar mottekne i valkampperioden, etter forslaget over 10 000 kroner. Ved «helt eller delvis» opnar ein òg for at forskrifta kan avgrensast til eitt valnivå, f.eks. kommunestyreval der utviklinga i retning personval til no har komme lengst.

I høyringsnotatet blir det teke omsyn til at eit forslag om kandidatrapportering i utgangspunktet kan vere ressurskrevjande for det offentlege sjølv om rapporteringsprosedyren i seg sjølv blir gjord enkel for kandidatane. I høyringsnotatet ser departementet derfor for seg at forslaget bør avgrensast til å gjelde kandidatar som representerer politiske parti og at innrapporteringa eventuelt blir ein del av partiets eller partileddets ordinære årsrapport.

3.2.1.2 Departementets vurderingar og forslag

Departementet viser til GRECOs positive fråsegn om dette i avsnitt 29 oppfølgingsrapporten i proposisjonen.

Departementet vidarefører derfor forslaget om i forskrift å kunne bestemme at rapporteringssystemet heilt eller delvis også skal omfatte finansieringa av valkampar til kandidatar som representerer politiske parti eller partiledd og som vinner representasjon til folkevalde organ. Departementet har endra forslaget slik at det samsvarer betre med SSBs merknad. Viss heimelen nyttast, skal rapporteringa gjerast som ein del av partiets eller partileddes årlege rapportering etter loven.

3.2.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, støtter regjeringens forslag. Flertallet viser til høringsuttalelsen fra SSB der de fremholder at kandidatrapportering «begrenses til å gjelde kandidater som representerer politiske partier og at innrapporteringen blir en del av partiets ordinære rapportering».

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti vil presisere at plikten bør gjelde alle kandidater, uavhengig av om de representerer et politisk parti.