2.1 Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, leiaren Linda C. Hofstad Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, viser til Prop. 65 L (2013–2014).

Komiteen har merka seg at proposisjonen inneheld ein meldingsdel som omhandlar mellom anna endringar i verkeområde for losplikta, ny farleisbevisordning og ny organisering av lostenesta; samt ein proposisjonsdel med ein gjennomgang av loslova og med eit nytt forslag til ei heilskapleg loslov.

2.2 Meldingsdel

Komiteenviser til at meldingsdelen først gjer greie for: losutvalet si innstilling (NOU 2013:8 Med los på sjøsikkerhet – Losordningens omfang, organisering og regelverk), skipstrafikken og risiko, skildring av losordninga (medrekna ressursbruk og finansiering), samt førebyggjande sjøtryggleikstiltak. Komiteen viser vidare til at meldinga kjem med forslag til: endringar i losplikta sitt verkeområde, ny farleisbevisordning og ny organisering av lostenesta.

Vurdering av losplikta sitt saklege verkeområde

Komiteen viser til at lostenesta er eitt av fleire førebyggjande sjøtryggleikstiltak, og må sjåast i samanheng med desse. Komiteen har merka seg at Losutvalet har vurdert om ny teknologi, medrekna utvikling av nye førebyggjande sjøtryggleikstiltak, inneber at bruken av los kan reduserast utan at det går ut over sjøtryggleiken. Komiteen har merka seg at fleirtalet i Losutvalet tilrår at den generelle lospliktgrensa for fartøy over 70 meter bør vidareførast, og at Samferdselsdepartementet støttar denne tilrådinga. Komiteen har merka seg at departementet meiner at behovet for ei kostnadseffektiv losordning for fiskerifartøy og små fraktefartøy i staden bør ivaretakast gjennom endringar i farleisbevisordninga.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil be om at det vert gjort ei vurdering om fritak for losberedskapsavgift for dei minste fartøya.

Komiteen har også merka seg at departementet legg opp til at den særskilte losplikta for passasjerfartøy blir heva til 50 meter, og at fartøyet blir underlagt den generelle lospliktsgrensa på 70 meter når det ikkje er passasjerar om bord. Komiteen har endeleg merka seg at departementet vil setja i gang ei utgreiing om innslagspunktet for fartøy som fører dei ulike kategoriane av farlege og forureinande stoff i bulk, samt moglegheita for ytterlegare differensiering av restriksjonar på bruk av farleisbevis for fartøy som fører farlege og forureinande stoff.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet sluttar seg til dette, og vil understreke at det er viktig å sette i gang dette arbeidet så snart som mogleg.

Komiteen sluttar seg til Samferdselsdepartementet si vurdering av losplikta sitt saklege verkeområde.

Vurdering av losplikta sitt geografiske verkeområde

Komiteen sluttar seg til at hovudregelen med losplikt innanfor grunnlina blir vidareført.

Komiteen viser til at det per i dag er tolv lospliktige område eller korridorar som går frå grunnlina og inn til losbordingsfelt, og at Kystverket med unnatak av Oslofjorden vil sende på høyring eit forslag til mindre justeringar og endringar i lospliktfrie korridorar og losbordingsfelt.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet, viser til at fleirtalet i Losutvalet tilrår at det blir oppretta eit nytt losbordingsfelt i området Bastøy for hovuddelen av trafikken inn Oslofjorden. Fleirtalet har merka seg at departementet går inn for at det blir oppretta eit nytt losbordingsfelt ved Bastøy i Oslofjorden dersom dei oppdaterte utgreiingane viser at dette er miljø- og tryggleiksmessig forsvarleg, og samla sett gir kostnadsreduksjonar.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil påpeke at varslede utredninger må gjennomføres så raskt som mulig slik at endelige beslutninger ikke tar unødig tid. Det gjelder videre utredninger om losbordingsfeltet i Oslofjorden og fremtidig organisering.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil ikkje ta stilling til flytting av losbordingsfeltet no, men avventar resultatet av den varsla utgreiinga. Når den føreligg, ber desse medlemene om at regjeringa kjem tilbake med tilråding til Stortinget på eigna måte.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Venstre ventar at utgreiinga vil ta særskilt omsyn til nasjonalparkane Ytre Hvaler og Færder.

Desse medlemene syner vidare til høyringsfråsegnene frå KS Buskerud, KS Telemark, KS Vestfold, Vestfold fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestfold, Bellona og STAFO Kyst som alle går imot eit nytt bordingsfelt ved Bastøy. Desse medlemene sluttar seg til desse, og meiner at tryggleiken vert svekka ved flytting av bordingsfeltet, og at omsynet til miljø og menneske må vere det viktigaste i denne samanhengen.

Losplikt ved forflytting i hamn (Forhaling)

Komiteen har merka seg at Losutvalet og departementet meiner det ikkje er føremålstenleg med losplikt ved korte og tryggleiksmessig uproblematiske forflyttingar i hamn. Komiteen har vidare merka seg at departementet tek sikte på å forskriftsfesta unntak frå losplikta, og at reglane på området skal baserast på risikovurderingar.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet sluttar seg til dette. Desse medlemene vil vidare peike på at dette er eit arbeid som bør gjerast snarast mogleg.

Vurdering av farleisbevisordninga

Komiteen viser til at farleisbevisordninga inneber at ein lospliktig seglas kan gjennomførast utan los om bord, dersom skipsførar og eventuelt andre av skipet sine navigatørar har eit farleisbevis. Komiteen har merka seg at Losutvalet tilrår at farleisbevisordninga blir endra og blir gjort mykje enklare for næringa, gjennom eit forslag med ei differensiert ordning med tre ulike farleisbevis. Komiteen har vidare merka seg at departementet sluttar seg til Losutvalet si tilråding, og legg opp til å innføra ei ny differensiert farleisbevisordning der farleisbeviset blir delt inn i ulike klassar ut frå ei vurdering av risikonivået dei ulike gruppene av fartøya representerer.

Komiteen er tilfreds med at ordninga med farleisbevis vert gjort meir fleksibel slik at fleire kan gjera seg nytte av ordninga. Kvalifisering av rederia sine eigne navigatørar gjennom farleibevis vil ivareta tryggleiken langs kysten på ein god måte, samstundes som det er ei ordning som reduserer kostnadene for sjøtransporten og gjer denne meir konkurransedyktig. Komiteen vil peike på at ordninga med farleisbevis må praktiserast på ein slik måte at den vert opplevd som lett tilgjengeleg for rederia og ikkje bidrar til unødvendig byråkrati.

Vurdering av landbasert losing

Komiteen har merka seg at departementet vurderer at landbasert losing ikkje vil kunne erstatta ordinær losing i stort omfang, og at dei ut frå ei samla vurdering av dei økonomiske og tryggleiksmessige konsekvensane ikkje vil tilrå ei løysning med landbasert losing.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet sluttar seg til dette.

Vurdering av losavgiftssystemet

Komiteen viser til at losavgiftene utgjer om lag 700 mill. kroner per år, og at dei er ein vesentleg kostnadskomponent ved hamneanløp. Komiteen har vidare merka seg at Losutvalet tilrår at losberedskapsavgifta blir fjerna for farleisbevis klasse 3, og at departementet vurderer endringar i fordelinga mellom losingsavgifta og losberedskapsavgifta. Komiteen har også merka seg at regjeringa ikkje no, men i dei komande årlege budsjetta, vil vurdera å redusera losavgiftene, som ei oppfølging av regjeringserklæringa. Komiteen merkar seg vidare at regjeringa som oppfølging av Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 og Nærskipsfartsstrategien, vil vurdera om blant anna ein reduksjon i losavgiftene kan vera eit verkemedel for å nå målsetjinga om å overføre transport av gods frå veg til sjø.

Lostenesta er i dag i si helheit brukarfinansiert, og tiltak som kan bidra til lågare kostnader vil også bidra til å styrke sjøtransporten si konkurranseevne og bidra til at meir gods kan bli transportert sjøvegen. Komiteen er derfor også svært positiv til at regjeringa i framtidige budsjett vil vurdere å redusere avgiftsnivået, da fortrinnsvis losberedskapsavgiften.

Lostenesta si organisering

Komiteen viser til dei påpeikingar Losutvalet, høyringsfråsegnene i samband med Losutvalet si utgreiing, samt Agenda Kaupang sin rapport «Mulig organisering av lostjenesten» (2013), har hatt når det gjeld noverande organisering av lostenesta. Komiteen har merka seg at det er brei semje om at hovudutfordringa er uklare grenser mellom drifts- og forvaltingsnivåa. Komiteen har vidare merka seg at ulike framtidige organisatoriske alternativ for lostenesta er blitt vurderte, men at regjeringa har avgjort at den operative lostenesta skal organiserast som ei eiga eining direkte underlagd Kystverket sitt hovudkontor, samt at forvaltningsoppgåvene vil bli ivaretekne av ei anna avdeling som er organisasjonsmessig skild frå loseininga. Komiteen sluttar seg til dette.

Komiteen har vidare merka seg at departementet, på bakgrunn av regjeringa si avgjerd, har bede Kystverket om at omorganiseringa skal gjennomførast med verknad frå 1. januar 2015. Komiteen sluttar seg til dette.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, vil likevel understreka at dette ikkje må bety at all losaktivitet vert samla ein stad, men at ein søkjer ei oppgåve- og funksjonsdeling som er mest mogleg føremonstenleg i høve til aktiviteten.

Fleirtalet vil understreka at dette heller ikkje må innebera at alle forvaltningsoppgåvene vert samla ein stad, men at ein søkjer å oppretthalde fag- og kompetansemiljø langs heile kysten.

Nærmare om losformidlinga

Komiteen viser til at losformidlinga tek imot losbestillingar og prioriterer, planlegg og koordinerer kvart losoppdrag, for å sikra best mogleg utnytting av loskorpset og best mogleg service til brukarane. Komiteen har merka seg at Losutvalet tilrår at dagens tre losformidlingskontor blir vurdert samanslegne, og at departementet meiner at organiseringa av losformidlinga må sjåast i samanheng med organiseringa av den operative lostenesta. Komiteen har merka seg at Kystverket har fått i oppdrag å sjå nærare på den framtidige organiseringa av losformidlinga.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, sluttar seg til at organiseringa av losformidlinga må sjåast i samanheng med organiseringa av den operative lostenesta.

Fleirtalet vil likevel understreka at dette ikkje må innebera at losformidlinga skal slåast saman til eitt kontor, men at ein finn ei mest mogleg effektiv og funksjonell organisering ut frå brukarane sine behov.

Nærare om tilbringartenesta

Komiteen viser til at tilbringartenesta si oppgåve er å frakte losar til og frå losoppdrag, og at tenesta består av Kystverket sine losbåtar og losbåtførarar, innleigde skyssbåtar med mannskap og innleigde helikoptertenester. Komiteen viser til at hovuddelen av tilbringartenesta vert driven av Kystverket sjølv, med om lag 90 pst. av tilbringaroppdraga.

Komiteen har merka seg at departementet sluttar seg til Losutvalet si vurdering om at tilbringartenesta er ein rein støttefunksjon for lostenesta, og at departementet også meiner at ei konkurranseutsetjing av tilbringartenesta kan vera kostnadssparande. Komiteen har vidare merka seg at regjeringa har avgjort at tilbringartenesta skal konkurranseutsetjast, og at Kystverket er bede om å førebu omlegging til konkurranseutsetjing av tilbringartenesta.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, er positiv til den varslede konkurranseutsettingen av tilbringertjenesten der det kan gi et kvalitativt godt tilbud til en lavere kostnad. Flertallet mener det er viktig å sørge for at mer av tjenesteproduksjonen organiseres på en slik måte at flere leverandører kan få konkurrere om å levere det kvalitativt beste tjenestetilbudet til det offentlige.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet har merka seg at regjeringa har avgjort at tilbringartenesta skal konkurranseutsetjast. Desse medlemene er opptekne av at ei eventuell konkurranseutsetjing av tilbringartenesta må vera basert på faglege og kostnadsmessige kriterier, og ikkje reint ideologiske årsaker. Desse medlemene er skeptiske til konkuranseutsetjing, og vil visa til at tilbringartenesta også har ei viktig beredskapsmessig rolle fleire stader langs kysten. Desse medlemene føreset at regjeringa sørgjer for at omorganiseringa av tilbringartenesta kan skje etter reglane om verksemdsoverdraging, og at dei tilsette sine rettar skal ivaretakast på ein god måte.

Vurdering av organiseringa av sjøtrafikksentraltenester

Komiteen viser til at det i Noreg er oppretta fem sjøtrafikksentralar for overvaking og kontroll med skipstrafikk og anna ferdsel i område der trafikken representerer ein særskilt risiko for sjøtryggleiken og miljøet. Komiteen har merka seg at Losutvalet viser til at ei samlokalisering av Kystverket sine fem sjøtrafikksentralar vil gje store økonomiske innsparingar. Komiteen har vidare merka seg at departementet påpeikar at ei slik tilråding ligg utanfor losutvalet sitt mandat, men at Samferdselsdepartementet vil gjennomføra ei utgreiing av ulike alternativ for organisering av sjøtrafikksentralane, og om det kan vera aktuelt med samanslåing.

Komiteenhar merka seg at ei slik utgreiing vil inngå som ein del av den varsla meldinga til Stortinget om førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, vil påpeke at den varslede utredningen om ulike alternativ for organisering av sjøtrafikksentralene må gjennomføres så raskt som mulig slik at endelige beslutninger ikke tar unødig tid. Flertallet er opptatt av at sikkerheten og beredskap mot utslipp og ulykker til sjøs ivaretas, og ønsker videre at utredningen synliggjør hvordan ulike måter å organisere sjøtrafikksentralene på kan bidra til å nå målsettingen om å tilrettelegge for at mer gods transporteres til sjøs.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet går imot å samlokalisera dei fem sjøtrafikksentralane. Desse medlemene vil visa til at sentralane nettopp er oppretta i område der trafikken representerer ein særskilt risiko for sjøtryggleiken og miljøet.

Desse medlemene vil understreke viktigheita av å behalde nærværet, vidareutvikle kompetansen og arbeidsoppgåvene ved dei fem trafikksentralane.

2.3 Proposisjonsdel

Komiteen viser til at Losutvalet i NOU 2013:8 har peikt på behovet for å oppdatera og modernisera gjeldande loslov og tilhøyrande forskrifter, og at lovutkastet som nå føreligg er ein tilnærma full gjennomgang av gjeldande loslov. Komiteen har merka seg at gjennomgangen av loslova har hatt som føremål å forenkla og modernisera regelverket, samt at lovteksten også er forsøkt harmonisert med ordlyden i «lov 17. april 2009 nr. 17 om havner og farvann», sidan øvrige tiltak knytta til førebyggjande sjøtryggleik er regulert i eller i medhald av denne lova. Komiteen har også merka seg at det blir foreslått å løfta prinsipielle spørsmål frå forskriftsnivå til lovnivå, særlig innafor det som gjeld farleisbevisordninga.

Komiteen har merka seg at det på bakgrunn av innkomne høyringsfråsegner er foreslått enkelte endringar i Losutvalet sitt utkast til føremålsbestemmelse og straffebestemmelse. Vidare har komiteen merka seg at det i proposisjonen er teke inn bestemmelsar av betydning for Forsvaret, samt ein ny bestemmelse som gjev heimel for å nekta eller avbryta gjennomføring av eit losoppdrag.

Komiteen sluttar seg til føremålet om at losordninga skal bidra til å redusera risikoen for uynskte hendingar ved sjøtransport slik at ein unngår skade på liv og helse, miljø og materielle verdiar, og at ei oppdatert loslov skal gjenspegla dette.

Komiteen har avslutningsvis merka seg behovet for å oppdatera forskriftsverket når ny loslov er vedteke.

Komiteen viser til vedlagte brev frå Samferdselsdepartementet, datert 29. april 2014, om feil om henvisningar i lovteksten i proposisjonen.