Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen
framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar
i folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi
frå 1. juli 2014. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert
gjort på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening
og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort
på grunnlag av eventuell avtale med dei tre fysioterapeutorganisasjonane
Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende
Fysioterapeuters Forbund som alle deltek i forhandlingane. Endringar
i takstane som avtalane inneber, blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane
med dei nemnde organisasjonane var ikkje avslutta då proposisjonen
vart lagt fram 6. juni 2014.
Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg
om eventuelle løyvingsendringar.
Komiteen har ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet
får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til trygderefusjonane
for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2014. Endringane
vil bli gjort på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening
og Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening
og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund frå same dato.
Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 12. juni 2014
Kari Kjønaas Kjos
|
Harald T. Nesvik
|
leder
|
ordfører
|