1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og fiskeridepartementet kjem i proposisjonen med framlegg til endringar i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret (einingsregisterlova).

Proposisjonen inneheld framlegg til endringar i regelverket om krav til dokumentasjon ved registrering i Einingsregisteret. Det vert føreslått at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om sameigarar i tingsrettslege sameige. Føremålet med endringa er å gjere registrering i Einingsregisteret enklare for tingsrettslege sameige.

Framlegget inneheld òg endringar for å rette opp feil i einingsregisterlova, føretaksregisterlova og føretaksnamnelova.

1.2 Bakgrunnen for lovframlegget. Høyring

Bakgrunnen for gjennomgangen av reglane var innspel frå Domstoladministrasjonen og foreininga Norske Lakseelver.

Dei peika på nye reglar som førde til at fleire lag, sameige og bruk trong eit organisasjonsnummer for å kunne få offentlege tilskott og difor måtte registrere seg i Einingsregisteret. Regelen i einingsregisterlova kravde at alle medlemmer i laget måtte registrerast med personnummer. For bruk og sambruk på jordskiftefeltet og for elve-eigarlaga kunne det dreie seg om eit tresifra tal på sameigarar. Kravet om registrering av personnummer førde i fleire tilfelle til at registreringa ikkje var praktisk mogleg å gjennomføre. Laga eller bruka vart dermed forhindra frå å ta imot offentlege tilskott dei elles hadde hatt krav på.

Høyringsnotatet vart sendt på høyring 20. november 2014 med høyringsfrist 20. januar 2015. I same høyring vart det òg sendt framlegg om endringar i einingsregisterføresegna og føretaksregisterføresegna.

1.3 Tingsrettslege sameige – fjerne kravet til å registrere sameigarar i einingsregisterlova

Kva for registreringseiningar som skal registrerast i Einingsregisteret, er lista opp i einingsregisterlova § 4. I bokstav d er det bestemt at tingsrettslege sameige (jf. sameigelova) berre skal registrerast dersom dei opptrer «som sådanne utad» og er registrerte i tilknytte register eller særregister.

Når eininga vert registrert i Einingsregisteret for første gong, får eininga tildelt organisasjonsnummer (§ 5). Alle einingar må gje opplysningar slik det er sagt i § 5 for å kunne verte registrerte og få tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Unntak gjeld viss denne typen opplysningar ikkje finst. Når det gjeld tilleggsdata, går det fram direkte av lova at dei berre kan verte registrerte om dei finst for den aktuelle organisasjonsforma.

For tingsrettslege sameige går det fram av § 6 bokstav b at sameigarane skal meldast inn til registeret. I forarbeida står det at deltakarane i tingsrettslege sameige skal registrerast med namn og adresse. I tillegg skal dei registrerast med fødselsnummer, D-nummer eller organisasjonsnummer.

Vidare pliktar dei tingsrettslege sameiga å melde frå om endringar blant sameigarane utan ugrunna opphald, jf. einingsregisterlova § 15 første ledd første punktum.

1.4 Høyringsnotatet og departementet si vurdering

I høyringsnotatet vart det framheva at sakshandsaming i Brønnøysundregistra viser at dei fleste tingsrettslege sameiga er knytt til fast eigedom. Grunnboka viser kven som er eigar av fast eigedom. I tingsrettslege sameige der sameigetingen er fast eigedom, vert det altså rapportert dobbelt om kven som er sameigarar.

Fram til 2005 gjaldt plikta til å registrere sameigarar også for sameigarar i eigarseksjons-sameige. Einingsregisteret erfarte at føresegna om registrering av sameigarar i eigarseksjons-sameige ikkje fungerte slik ho var meint. Eit særskilt unntak frå kravet til å registrere sameigarar vart difor innført for eigarseksjonssameige frå 1. juli 2005. Eigarseksjonssameige har dermed ikkje lenger plikt til å melde frå om sameigarar til Einingsregisteret når eininga vert registrert.

Einingsregisteret si røynsle er at behovet for endringar òg gjeld for andre typar tingsrettslege sameige. Eit døme på tingsrettslege sameige der det har vist seg problematisk å halde registeret à jour, er elveeigarlag med felles fiskerettar. Eit anna døme på tingsrettslege sameige der det har vist seg problematisk å halde à jour naudsynte personopplysningar, er garasjesameige som er knytt til eigarseksjonssameige.

I høyringsnotatet vart det føreslått at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om sameigarar for tingsrettslege sameige. Det vart difor lagt fram framlegg om at einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav b vert oppheva.

Det vart i høyringsnotatet ikkje føreslått å endre føresegna i einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav c om at styret skal registrerast om det finst.

Nærings- og fiskeridepartementet går, i tråd med framlegget og høyringsinstansane sitt syn, inn for å forenkle kravet til registrering av sameigarar i tingsrettslege sameige, slik at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om sameigarar i tingsrettslege sameige i Einingsregisteret.

1.5 Opprettingar i lovtekst

1.5.1 Einingsregisterlova

Lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret (einingsregisterlova) § 2 bokstav b bruker det gamle namnet på «Statistisk sentralbyrås bedrifts- og foretaksregister». Departementet føreslår å ta i bruk det nye namnet som er Statistisk sentralbyrås Virksomhets- og foretaksregister.

Omgrepet «enkeltpersonforetak» i § 4 første ledd bokstav c vart ved ei endring i 2007 (samvirkelova) ved ein feil endra til «enkeltpersonsforetak» med uriktig fuge-s før «foretak». Departementet føreslår å rette opp dette.

1.5.2 Føretaksregisterlova

Lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak (føretaksregisterlova) § 3-7 andre ledd første punktum fastset kva for opplysningar registeret skal innehalde for ulike roller til fysiske personar. I oppramsinga av rollene er varamedlem utegløymt. Departementet føreslår å ta varamedlem inn i oppramsinga.

Lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova) har vore endra fleire gonger dei siste åra slik at nokre tilvisingar i føretaksregisterlova ikkje lenger er rette. Departementet føreslår at tilvisingane i føretaksregisterlova til verdipapirhandellova § 4-4 bokstav g og § 5-1 fjerde ledd vert retta. Vidare er det Finanstilsynet og ikkje børsen som er prospektmyndigheit, jf. verdipapirhandellova § 7-8 sjette ledd, slik at departementet føreslår at dette vert retta. Prospekt vert i dag berre sendt til Føretaksregisteret etter verdipapirhandellova § 7-10 dersom det ikkje skal godkjennast av Finanstilsynet etter verdi-papirhandellova § 7-7. I føresegnas tredje punktum føreslår departementet difor at og vert retta til eller. Vidare føreslår departementet å stryke «andel i kommandittselskap» fordi slike ikkje vert rekna som omsettelege verdipapir, og difor ikkje er underlagd prospektplikt etter verdipapirhandellova kapittel 17.

Finansdepartementet har påpeika at børsen og børsklagenemnda ikkje lenger har noko rolle kva gjeld prospekt etter kapittel 7 i verdipapirhandellova. Departementet føreslår difor òg at føretaksregisterlova § 5-1 (5) vert sletta.

1.5.3 Føretaksnamnelova

Omgrepet «firma» vart erstatta med omgrepet «foretaksnavn» i lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn mv. (føretaksnamnelova) i 2004. I nokre av føresegnene i lova vart omgrepet ved ein feil ikkje endra samstundes med lovendringa. Departementet føreslår at dette vert endra i §§ 2-2, 7-1 og 8-2.

1.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endring av einingsregisterlova i tråd med dette framlegget vil føre til at tingsrettslege sameige vert spart for byrda med å skaffe oversikt over sameigarar med dei naudsynte opplysningane. Dei vil heller ikkje trenge å oppdatere opplysningane.

For Einingsregisteret vil den føreslåtte endringa lette kontrollen og registreringa av sameige. Det er ikkje behov for endringar i datasystema.

Framlegget har ikkje økonomiske konsekvensar for Brønnøysundregistra.

Det vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar å rette opp feil i lovverket.