Sammendrag

Norsk antarktispolitikk har vore tufta på å halde fast ved norske suverenitetskrav og å føre vidare det internasjonale samarbeidet for fredeleg utvikling i Antarktis. Siktemålet med meldinga er å forklare hovudomsyna bak den norske antarktispolitikken og korleis han skal vere i tida framover.

Noreg gjer krav på store territorium i Antarktis: Dronning Maud Land og Peter I Øy. I medhald av Antarktistraktaten ligg suverenitetskrava fast i verketida til traktaten. Antarktistraktaten har samstundes vorte opphav til fleire andre mellomstatlege avtaler – Antarktistraktatsystemet. Traktatsamarbeidet har halde ein heil verdsdel utanfor dei skiftande konjunkturane i verdspolitikken, eit internasjonalt vitskapleg samarbeid har lagt grunnlaget for eit internasjonalt samarbeid der partane har plikta seg til omfattande vern av miljøet.

Noreg kan vise til ei lang historie som forskingsnasjon og næringsaktør i og rundt Antarktis, og er i dag til stades med ein heilårs forskingsstasjon (Troll) i Dronning Maud Land og med jamlege forskingstokt i havområda rundt Antarktis. Norske selskap driv i dag næringsverksemd innanfor fiskeri i havområda rundt Antarktis, som turoperatør innanfor antarktisturismen og som leverandør av nedlesetenester for satellittverksemd på Troll.

Norsk antarktispolitikk har lege fast over lang tid med vekt på fred, vitskap og miljøvern.

Det har ikkje funne stad nokon strategisk gjennomgang av norsk antarktispolitikk tidlegare. På grunn av eit auka mangfald av aktivitetar og aktørar er dagsordenen i Antarktistraktatsystemet vorten breiare og meir komplisert.

Føremålet med meldinga er å auke medvitet om kva det har å seie for Noreg å vere ein polarnasjon i sør. Regjeringa har teke mål av seg til å gje ei samla framstilling av norske interesser og norsk politikk, slik at meldinga skal kunne tene som eit politisk styringsdokument og ei informasjonskjelde for eit breiare publikum.

Norsk antarktispolitikk skal gje føringar og rammer på følgjande område:

  • Ivaretaking av interessene til Noreg som kravshavar.

  • Oppfølging av internasjonale plikter, særleg under Antarktistraktaten, miljøprotokollen til Antarktistraktaten og konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis.

  • Noreg si rolle i samarbeidet under Antarktistraktatsystemet.

  • Auka synergi mellom kunnskap om Antarktis og kunnskap om Arktis der dette er relevant, til dømes når det gjeld klimaendringar.

  • Berekraftige norske næringsinteresser.

Norsk antarktispolitikk handlar om å ta hand om norske interesser innanfor eit enormt geografisk område og i høve til eit mangfald av aktivitetar. I denne samanhengen skal særleg følgjande framhevast:

  • Ein attkjenneleg og kunnskapsbasert politikk. Noreg skal vere ein tydeleg og attkjenneleg aktør, innanrikspolitisk og utanrikspolitisk.

  • Forsking og kunnskapsinnhenting. Norsk forsking og innhenting av ny kunnskap skal vere ein pilar i norsk nærvær og aktivitet i Antarktis og dei kringliggjande havområda.

  • Eit velfungerande og aktuelt Antarktistraktatsystem og -samarbeid. Eit av hovudmåla i norsk utanrikspolitikk er å medverke til å utvikle og vinne oppslutning om føreseielege og robuste internasjonale køyrereglar. Dette gjeld òg for norsk antarktispolitikk.

  • Noreg som kravshavar.

  • Antarktis som eit verneområde vigd til fred og vitskap. Noreg vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og å tryggje dette området som eit referanseområde for forsking.

  • Noreg som ansvarleg havnasjon skal vere eit føregangsland innanfor heilskapeleg økosystembasert forvalting.

  • Ansvarleg næringsaktør i sør innan område som fiskeri, turisme romverksemd

  • og skipsfart.

  • Antarktis som ein del av innanriks- og utanrikspolitikken ved at norsk lovgjeving vert gjort gjeldande for bilanda i Antarktis i den grad dette er føremålstenelig.

Sjå i øvrig meldingas kapittel 3 «Historia om Antarktis», kapittel 4 «Folkerettslege rammer», kapittel 5 «Lovgjeving», kapittel 6 «Forsking og kunnskap», kapittel 7 «Klima og miljø», kapittel 8 «Næringsaktivitet og ressursforvalting», kapittel 9 «Logistikk, infrastuktur, søk og redning» og kapittel 10 «Økonomiske og administrative konsekvensar».

Det er lagt til grunn at dei tiltaka og den politikken som er handsama i denne meldinga vert dekte innanfor gjeldande budsjettrammer. I den grad meldinga omtalar eller drøftar tilhøve som måtte tilseie seinare oppfølging i form av moglege endringar av politikk eller tiltak, vil regjeringa eventuelt kome tilbake til desse i samband med dei årlege budsjettframlegga.