Sammendrag

Meldinga gjeld Noreg si deltaking i FN si generalforsamling, som kvar haust finn stad i organisasjonen sitt hovudsete i New York. Meldinga, som illustrerer det omfattande norske engasjementet i FN, er samansett av fire delar: generalforsamlinga, dei seks faste komiteane, Tryggingsrådet og styrking av FN, reform og aktørar. For ei nærare skildring av dei ulike aktivitetane og sakene under generalforsamlinga vert det vist til meldinga. I det følgjande vert nokre av dei mest sentrale attgjevne.

Den 69. generalforsamlinga var prega av den ustabile regionale situasjonen i Midtausten og delar av Afrika, dei mange og store humanitære krisene verda står overfor, og utviklinga i Ukraina. Konfliktane i Syria, Irak, Sør-Sudan og Den sentralafrikanske republikken har tvinga millionar av menneske på flukt og ført til enorme humanitære lidingar. Krigshandlingane i Gaza og konflikten i Mali, saman med den sterke framgangen for brutale terroristorganisasjonar som ISIL og Boko Haram, utgjorde òg ein del av det dystre bakteppet.

Ein fellesnemnar for mange av konfliktane er at dei er komplekse, vedvarande og utan direkte utsikter til politiske løysingar. Konfliktane har òg tvinga svært mange menneske på flukt i og utanfor sitt eige land. Verda står no overfor den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Massive brot på menneskerettane og på andre grunnleggjande folkerettslege prinsipp, saman med utbrotet og spreiinga av det svært smittsame og dødelege ebola-viruset, prega òg dagsordenen.

Dei store og samtidige krisene har sett det humanitære systemet til FN på ei alvorleg prøve, men har òg understreka behovet for felles løysingar. Ein tydeleg etterspurnad etter eit effektivt og handlekraftig FN stod sentralt under høgnivåveka hausten 2014. Mange land mobiliserte kraftig for global styring og forsvar av folkeretten. Tryggingsrådet til FN heldt rekordmange møte i 2014, og drøfta òg helsekrisa i samband med ebola-epidemien. Ukraina-konflikten kompliserte dynamikken i Tryggingsrådet, men berre på nokre avgrensa område.

I tillegg til dei akutte krisene har Noreg prioritert det langsiktige normative arbeidet i FNs generalforsamling, utviklingsagendaen og reformtiltaka for å styrkje FN si evne til å løyse oppgåvene sine. Noreg har styrkt den operative evna til FN. Døme på dette er støtte til å fjerne kjemiske våpen frå Syria, innsatsen mot ebola, bidrag til FNs fredsoperasjonar og politiske meklingsrolle. På nedrustingsområdet har Noreg medverka til å auke oppslutninga om den internasjonale våpenhandelsavtalen (ATT) og humanitær nedrusting.

Noreg hatt ein høg profil når det gjeld likestilling, på menneskerettsområdet og innanfor internasjonal strafferett, kvinners seksuelle og reproduktive helse og rettar og diskriminering av homofile (LHBT). Trass i motstand har det vore mogleg å oppnå gode vedtak på viktige område, òg når det gjeld Nord-Korea og Iran. Noreg spela ei viktig rolle i å konsolidere oppslutninga om viktige FN-resolusjonar i kampen mot dødsstraff, utanrettslege avrettingar og diskriminering og vald mot kvinner og seksuelle minoritetar.

Noreg har òg spela ei aktiv rolle i alle relevante havrettsprosessar.

Noreg heldt fram som ein sterk og synleg støttespelar for den humanitære innsatsen til FN, mellom anna gjennom støtte til ei sterkare koordinering i felten og gjennom tett dialog med sekretariatet til Verdas humanitære toppmøte.

Noreg er den viktigaste bidragsytaren til FN-sekretariatet si ståande gruppe av fredsmeklarar og ekspertar på konfliktførebygging som er tilgjengelege for FNs spesielle politiske oppdrag.

Utviklingspolitiske spørsmål stod sentralt under høgnivåsegmentet i generalforsamlinga, og Noreg er tungt engasjert i dei pågåande reformene på utviklingsområdet (medrekna dei nye berekraftsmåla og finansiering for utvikling).

Når det gjeld samarbeidsklimaet i FN, var det ikkje eintydig verre enn i tidlegare år. Det går framleis eit hovudskilje mellom vestlege land og utviklingslanda i den alliansefrie rørsla (NAM). Eit anna og til dels overlappande hovudskilje er motsetnaden mellom pluralistiske demokrati og land med eit autoritært styresett. Trass i vedvarande motsetnader på ei rekkje område har det likevel lukkast å kome fram til semje i fleire viktige saker ved å samle støtte på tvers av tradisjonelle blokker og skiljelinjer.

Arbeidet i Tryggingsrådet var i høg grad prega av Ukraina-konflikten og dei forverra relasjonane mellom Russland og vestlege land. Dette førte først og fremst til handlingslamming når det gjeld Ukraina-spørsmålet og i tilhøvet til Syria, som i tidlegare år. Det lukkast likevel for Tryggingsrådet å gjere viktige vedtak mellom anna når det gjeld kampen mot internasjonal terrorisme og fredsoperasjonar i Afrika. Både i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet førte det auka internasjonale konfliktnivået ikkje berre til splitting, men viste òg eit tydeleg behov for å stå saman mot globale trugsmål.

Reform av FN er eit krevjande og omstendeleg arbeid. Hovudutfordringa er å få alle dei 193 medlemslanda til å einast om konkrete reformer. Under den 69. generalforsamlinga spela Noreg ei aktiv rolle i ei rekkje pågåande prosessar for å effektivisere og styrkje FN.

Det er mellom anna eit sterkt press frå ein del dominerande vestlege land for å kutte i budsjetta, og Japan og mange ikkje-vestlege medlemsland ønskjer å detaljstyre arbeidet til generalsekretæren. Dette er ei stor utfordring for den samla effektiviteten til FN.

Noreg har teke initiativ til ein breiare prosess for reform av FN i samband med val av ein ny generalsekretær i 2016, ein prosess som vil byggje på og styrkje dei reformtiltaka som alt er påbyrja. FN-reform vil framleis stå sentralt i norsk FN-politikk i dei komande åra.

FNs 69. generalforsamling la grunnlaget for store internasjonale prosessar i 2015 på sentrale område. Dette gjeld forhandlingane og avgjerdene om å vedta nye berekraftsmål, konferansen om finansiering for utvikling og forhandlingane om ein ny klimaavtale (COP21).