1.1 Føremål og hovudoversikt

1.1.1 Føremål

Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2015, for å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2015 vart vedteke.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering er handsama.

Omgrupperingsproposisjonen for 2015 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2015 og tilleggsløyvingar. Det er òg føreslått ein reduksjon på løyvingane som følgje av utsette utbetalingar på prosjektet for nye kampfly. Totalt utgjer omgrupperinga for 2015 ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 816 280 mill. kroner. Reduksjonen er ikkje reell, då dei reduserte midlane til kampflyanskaffing er foreslått løyva ekstra på budsjettet for 2016. I tillegg føreslår regjeringa å auke ei bestillingsfullmakt.

1.1.2 Tilleggsløyvingar

Etablering av prosjektkontor i Linderud leir

Forsvarsdepartementet ved Forsvarsbygg har behov for å auke kapasiteten i samband med nyprosjektering. Det er derfor foreslått i 2015 å etablere eit eige prosjektkontor i eigna lokale på Linderud leir. Dette medfører ei meirutgift på 5 000 mill. kroner i 2015. Midlane for 2015 skal brukast mellom anna til arealmessige tilpassingar og kabellegging for teknisk utstyr.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1710 post 1 vert auka med 5 000 mill. kroner i 2015.

1.1.3 Midlar i 2015 vert førte tilbake – Kampflyanskaffingar

I Prop. 1 S (2015–2016) er det foreslått å auke løyvinga til kampflyanskaffingar i 2016 med 1 100 000 mill. kroner basert på at forventa utbetalingar i 2015 er utsett til 2016. Som følgje av dette vert den føreslåtte løyvinga på kap. 1761 post 45 for 2015 redusert tilsvarande med 1 100 000 mill. kroner. Dette blir såleis ein teknisk reduksjon sett mot auka i 2016.

1.1.4 BA-prosjekt til godkjenning

Stortinget har, gjennom behandlinga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vedtatt å etablere ein kampflybase på Ørland hovudflystasjon og ein framskoten operasjonsbase ved Evenes. Vidare er det vedtatt å flytte Luftforsvaret si styrkeproduksjon knytt til luftvern og basesett til Ørland. Endringane inneber at det er behov for å tilpasse tilbodet av bustad og kvarter til befal og mannskap på Ørland. Ei kartlegging av status og framtidig behov visar at det er eit behov for å auke talet på befalskvarter med om lag 150 boeiningar. Opptrappinga av tilbodet av kvarter vert gjennomført i fleire trinn, tilpassa personellplanen for Luftforsvaret ved Ørland hovudflystasjon samt tilgjengelege investeringsmidlar for eigedom, bygg og anlegg. Trinn 1 vert planlagt ferdig i løpet av 2017. Øvrige kvarterbehov vert planlagt ferdig i løpet av 2020.

Prosjekt Ørland – befalskvarter trinn 1 omfattar bygging av ei forlegning med til saman 50 nye kvarter i nærleiken av eksisterande befalskvarter og messe på Ørland hovudflystasjon. Prosjektet er viktig for å føre vidare Ørland hovudflystasjon som ein framtidsretta og attraktiv arbeidsplass. Løysinga skal baserast på gjenbruk av byggeprosjekt under gjennomføring på Bardufoss og Setermoen for å halde prosjekteringskostnadene låge.

Den anbefalte kostnadsramma for prosjektet, inkludert nødvendig innreiing, er på 110 000 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetting for usikkerheit. Prosjektet si styringsramme er på 94 500 mill. kroner.

1.1.5 Grunnlaget for omgrupperinga

1.1.5.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2015, midlar overførte frå 2014 og seinare endringar gjorde av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2015.

Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2015, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2015

43 787 866

Innst. 360 S (2014–2015) til Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2015 (RNB)

342 067

Innst. 357 S (2014–2015) til Prop. 133 S (2014–2015) Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap («soldatproposisjonen»)»

1 032

Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015

99 270

= Faktisk løyving før omgruppering

44 230 235

+ Midlar overførte frå 2014

2 433 748

= Disponible midlar i 2015 før omgrupperinga

46 663 983

Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2015, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2015

5 604 470

Innst. 360 S (2014–2015) til Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2015 (RNB)

287 727

= Løyvingar før omgruppering

5 892 197

1.1.5.2 Inntekter i 2015

I høve til saldert budsjett for 2015, med dei seinare endringane gjorde av Stortinget, er ei meirinntekt på 278 720 mill. kroner. Det same beløpet er føreslått lagt til utgiftsida. Den budsjettmessige verknaden på utgiftssida av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015 er 99 270 mill. kroner. På inntektssida er verknaden i 2015 på 6,937 mill. kroner. Desse midlane vart fordelte i samband med lønsoppgjeret. Meirinntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2014–2015) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og beskriven i detalj under pkt. 2 under.

1.1.5.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2015.

Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter førte til utgiftssida

278 720

Tilleggsløyvingar

5 000

Midlar i samband med kampflyanskaffingar vert førte tilbake

-1 100 000

= Sum behov ved omgrupperinga

-816 280

+ Løyvingar før omgrupperinga

44 230 234

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

43 413 954

+ Midlar overførte frå 2013

2 433 748

= Samla disponible midlar i 2013 etter omgrupperinga

45 847 702

Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):

Meirinntekter

278 720

+ Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015

6 937

= Sum behov ved omgrupperinga

285 657

+ Løyvingar før omgrupperinga

5 892 197

= Løyvingar etter omgrupperinga

6 177 854

På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak at utgiftsramma vert redusert med 816 280 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 285 657 mill. kroner.

1.2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå

I statsbudsjettet for 2015 bli det foreslått følgjande endringar:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

Utgifter

1700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

34 970 000

frå kr 412 686 000 til kr 447 656 000

73

Forsking og utvikling, kan overførast, vert auka med

480 000

frå kr 30 499 000 til kr 30 979 000

1710

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

1

Driftsutgifter, kan overførast, vert auka med

5 000 000

frå kr 3 336 420 000 til kr 3 341 420 000

47

Nybygg og nyanlegg, kan overførast, kan nyttast under kap. 1761 post 47, vert redusert med

46 500 000

frå kr 1 692 983 000 til kr 1 646 483 000

1716

Forsvarets forskingsinstitutt

51

Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt, vert redusert med

1 196 000

frå kr 185 950 000 til kr 184 754 000

1719

Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

7 124 000

frå kr 284 171 000 til kr 291 295 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, kan overførast, vert redusert med

3 829 000

frå kr 3 829 000 til kr 0

71

Overføringar til andre, kan overførast, vert redusert med

1 192 000

frå kr 58 837 000 til kr 57 645 000

1720

Felles leiings- og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert auka med

39 881 000

frå kr 3 694 354 000 til kr 3 734 235 000

1721

Felles leiing av Forsvarets spesialstyrkar

1

Driftsutgifter, vert auka med

940 000

frå kr 38 666 000 til kr 39 606 000

1723

Nasjonalt tryggingsorgan

1

Driftsutgifter, vert auka med

13 960 000

frå kr 205 113 000 til kr 219 073 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, vert redusert med

59 854 000

frå kr 2 093 141 000 til kr 2 033 287 000

70

Renter låneordning, kan overførast, vert redusert med

4 280 000

frå kr 8 974 000 til kr 4 694 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, vert auka med

1 766 000

frå kr 5 327 879 000 til kr 5 329 645 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

20 456 000

frå kr 3 576 729 000 til kr 3 556 273 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert auka med

129 955 000

frå kr 4 824 606 000 til kr 4 954 561 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

7 871 000

frå kr 1 232 874 000 til kr 1 225 003 000

1735

Etterretningstenesta

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

4 177 000

frå kr 1 232 611 000 til kr 1 236 788 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, vert auka med

148 418 000

frå kr 2 024 518 000 til kr 2 172 936 000

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760 post 45,

vert auka med

8 480 000

frå kr 987 820 000 til kr 996 300 000

44

Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del, kan overførast, vert redusert med

16 000 000

frå kr 52 733 000 til kr 36 733 000

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under kap. 1761 post 45, vert auka med

82 991 000

frå kr 4 111 312 000 til kr 4 194 303 000

48

Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, kan overførast, vert redusert med

46 500 000

frå kr 68 103 000 til kr 21 603 000

75

Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskot til NATOs investeringsprogram for tryggleik, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760 post 44, vert redusert med

10 000 000

frå kr 85 000 000 til kr 75 000 000

1761

Nye kampfly med baseløysing

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1761 post 45, vert redusert med

244 000

frå kr 115 168 000 til kr 114 924 000

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med

1 131 700 000

frå kr 4 584 857 000 til kr 3 453 157 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, vert redusert med

41 365 000

frå kr 1 031 809 000 til kr 990 444 000

1791

Redningshelikoptertenesta

1

Driftsutgifter, vert auka med

91 149 000

frå kr 794 319 000 til kr 885 468 000

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter, vert auka med

5 344 000

frå kr 571 562 000 til kr 576 906 000

1795

Kulturelle og allmennyttige føremål

1

Driftsutgifter, vert auka med

1 072 000

frå kr 269 502 000 til kr 270 574 000

60

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, vert redusert med

1 000 000

frå kr 1 000 000 til kr 0

Inntekter

4700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsinntekter, vert auka med

36 000 000

frå kr 24 185 000 til kr 60 185 000

4710

Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

1

Driftsinntekter, vert redusert med

15 678 000

frå kr 4 101 002 000 til kr 4 085 324 000

47

Sal av eigedom, vert redusert med

21 700 000

frå kr 171 701 000 til kr 150 001 000

4719

Fellesinntekter til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsinntekter, vert auka med

3 253 000

frå kr 775 000 til kr 4 028 000

4720

Felles leiings- og kommandoapparat

1

Driftsinntekter, vert auka med

2 252 000

frå kr 130 742 000 til kr 132 994 000

4721

Felles leiing av Forsvarets spesialstyrkar

1

Driftsinntekter, vert løyvd med

1 890 000

frå kr 0 til kr 1 890 000

4723

Nasjonalt tryggingsorgan

1

Driftsinntekter, vert auka med

13 000 000

frå kr 7 028 000 til kr 20 028 000

4731

Hæren

1

Driftsinntekter, vert auka med

30 000 000

frå kr 64 628 000 til kr 94 628 000

4733

Luftforsvaret

1

Driftsinntekter, vert auka med

11 200 000

frå kr 179 664 000 til kr 190 864 000

4740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsinntekter, vert auka med

101 777 000

frå kr 221 623 000 til kr 323 400 000

4760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsinntekter, vert auka med

585 000

frå kr 2 234 000 til kr 2 819 000

45

Større nyskaffingar, vert auka med

48 870 000

frå kr 19 063 000 til kr 67 933 000

48

Fellesfinansierte investeringar, inntekter, vert redusert med

27 500 000

frå kr 65 500 000 til kr 38 000 000

4791

Redningshelikoptertenesta

1

Driftsinntekter, vert auka med

92 203 000

frå kr 755 722 000 til kr 847 925 000

4792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsinntekter, vert auka med

7 000 000

frå kr 10 368 000 til kr 17 368 000

4795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsinntekter, vert auka med

2 505 000

frå kr 9 495 000 til kr 12 000 000

For omtale av endringane i dei enkelte kapitla vises det til proposisjonen.

1.3 Bestillingsfullmakter

Det er føreslått auke i bestillingsfullmakter i 2015:

Bestillingsfullmakt under kap. 1740 post 1 Driftsutgifter, er føreslått auka med 50 000 mill. kroner, frå 1 320 000 mill. kroner til 1 370 000 mill. kroner. Auka kjem som følgje av prisauke på varer og tenester som vert kjøpte inn av FLO.