Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard og leiaren Martin Kolberg, frå Høgre, Erik Skutle og Michael Tetzschner, frå Framstegspartiet, Tom E. B. Holthe og Helge Thorheim, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Venstre, Abid Q. Raja, frå Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, viser til at målet med undersøkinga er å vurdere såkornfondas resultat og Nærings- og fiskeridepartementets og Innovasjon Norges oppfølging opp mot Stortingets vedtak og føresetnadar.

Riksrevisjonen har særleg sett på fondas bidrag til nye levedyktige vekstbedrifter, om avkastinga i såkornfonda er tilstrekkeleg til at staten får tilbakebetalt sin kapital, og om departementet og Innovasjon Norges oppfølging sikrar gode resultat.

Riksrevisjonen har undersøkt Bølgje 1 og Bølgje 2. Bølgje 3 er ikkje undersøkt, då fonda nyleg er oppretta.

Komiteen merkar seg at Riksrevisjonens hovudfunn seier at:

  • I perioden 1998–2014 har ingen store vekstbedrifter vokse fram frå såkornfasen

  • Høg risiko for at fleire av såkornfonda i bølgje 2 ikkje kan betale tilbake lån og renter til staten

  • Innovasjon Norge følgjer opp såkornfonda for lite systematisk

  • Nærings- og fiskeridepartementet har ikkje lagt godt nok til rette for læring og oppfølging av langsiktige resultat av såkornordningane

Resultat av såkornfonda

Ordning

Statleg kapital

Tal på investeringar

Finansielle resultat

Vekstbedrifter

Bølgje 1

1998–2013

1 landsdekkande

og 5 regionale

såkornfond

388 mill.

173

Store tap for

både staten og private

Minus 456 mill. kr for staten

Ca. 18 stk. med 10–49 tilsette

Bølgje 2

2006–2021

4 landsdekkande

såkornfond

681 mill.

67

Høg risiko for at staten ikkje får tilbake lån og renter

Ca. 4 stk. med 10–19 tilsette blant selde investeringar.

Fleire potensielle vekstbedrifter som er eigd av fonda.

Bølgje 2

2006–2023

5 distriktsretta såkornfond

964 mill.

72

Høg risiko for at staten ikkje får tilbake lån og renter

Ca. 11 stk. med vekst i verdiskaping

3 bedrifter med klar vekst etter sal

Bølgje 3

2013-

2+2 landsdekkande fond

800 mill.

8

Ikkje undersøkt da fonda er nyleg oppretta

Ikkje undersøkt da fonda er nyleg oppretta

Komiteen merkar seg at det i bølgje 1 er store tap for både staten og private og at staten taper 456 mill. kroner. I tillegg at det av 173 investeringar ikkje har vokse fram meir enn ca. 18 vekstbedrifter med 10–49 tilsette.

Vidare merkar komiteen seg at i bølgje 2 er det høg risiko for at staten ikkje får tilbake lån og renter både på dei landsdekkande og distriktsdekkande såkornfonda. Og at det er berre 4 stk. vekstbedrifter med 10–19 tilsette av 67 investeringar på landsdekkande fond, og ca. 11 stk. med vekst i verdiskaping på dei distriktsretta fonda.

Nærings- og fiskeridepartementets oppfølging

Komiteen merkar seg at Riksrevisjonen finn at det er svakt grunnlag for læring og oppfølging av langsiktige resultat av såkornordninga.

Komiteen merkar seg vidare at det er omfattande rapportering frå Innovasjon Norge til Nærings- og fiskeridepartementet, men at den løpande rapporteringa manglar systematiske analyser.

Riksrevisjonens anbefalingar

Riksrevisjonen tilrår at:

  • Nærings- og fiskeridepartementet bør følgja opp resultata i såkornfonda betre ved å:

    • definere kva som kan reknast som gode resultat for såkornordninganes overordna mål om å få fram nye vekstbedrifter og

    • sørgje for ei rapportering frå Innovasjon Norge som betre kan få fram fondas løpande resultat og som kan brukast til læring og forbetring.

  • Nærings- og fiskeridepartementet bør forsikra seg om at Innovasjon Norge legg til rette for ei mindre sårbar og meir systematisk oppfølging av såkornordningane.

  • Innovasjon Norge bør etablere meir systematikk i oppfølging av såkornordningane gjennom å etablere plan for deling av beste praksis, risikoanalyse av fondas situasjon, strategi for korleis såkornbedrifter som Innovasjon Norge overtek frå avvikla fond, vert handtert og retningslinjer for eigarstyring.

Komiteen er samd med Riksrevisjonen.

Departementets oppfølging

Komiteen merkar seg at statsråden i sitt svar til Riksrevisjonen seier at det er rom for forbetringar av statens og Innovasjon Norges forvalting av ordninga, og at Riksrevisjonen undersøking vil bidra til utvikling av såkornfonda. Statsråden oppgjer at konkrete tiltak vil vurderast nærmare, og komiteen avventar dette.