1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet foreslår i denne proposisjonen å oppheva tidsfristane for å reisa sak om endring av farskap. Tidsfristane vart innførte med verknad frå 1. januar 2014, etter at dei hadde vore oppheva sidan 2003.

Årleg vert det fødd om lag 60 000 barn her i landet. I tilfelle der det er tvil om den juridiske farskapen er i samsvar med den biologiske, trengst det reglar som gjev høve til å få prøvd og eventuelt endra farskapen. Kven som er dei biologiske foreldra til eit barn, er grunnleggjande for korleis menneska forstår seg sjølv. Dersom det er tvil om kven som er far til eit barn, vil det vera til beste for barnet å få tvilen avklara. Omsynet til barnet og foreldra sitt behov for kunnskap om biologisk opphav veg så tungt at det bør gå føre andre omsyn. På denne bakgrunn legg departementet fram forslag til endringar i barnelova om å oppheva tidsfristar i saker om endring av farskap.

Departementet fremjar òg nokre mindre endringar i andre lover.

1.2 Gjeldande rett

Når eit barn vert fødd medan mora er gift, reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen, som faren til barnet, jf. barnelova § 3. Nærare halvparten av dei om lag 60 000 barna som vert fødde årleg i Noreg, får farskapet fastsett etter denne pater est-regelen.

Dei fleste av barna som vert fødde av ei ugift mor, har likevel foreldre som lever saman. Når foreldra ikkje er gifte, kan mora oppgje kven som er far til barnet, og faren kan erklæra farskapen anten i fødselsmeldinga, eller til jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll eller til enkelte andre offentlege instansar, jf. barnelova § 4. Dersom faren erklærer farskapen utan at mora har oppgjeve han som far, må ho skriftleg godta erklæringa. Fram til 2014 nytta barnelova ordlyden «vedgåing av farskap».

Når farskap ikkje følgjer av ekteskap eller erklæring, kan farskap fastsetjast ved dom. Utgangspunktet i barnelova § 9 er at ein mann som vert utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dømmast til far.

Det er krav om heimel i lov for at ein juridisk farskap skal kunne prøvast på nytt. Dersom ein ny mann erklærer farskapen, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet endre farskapen administrativt etter barnelova § 7. I desse tilfella må mora, den juridiske faren og den nye faren vera samde, og Arbeids- og velferdsdirektoratet må fatta vedtak etter at DNA-analyse godtgjer at den andre mannen er faren til barnet. Det gjeld ikkje tidsfristar for å endra farskap etter barnelova § 7.

Barnelova § 6 har reglar om endring av farskap etter § 3 (pater est) og § 4 (erklæring) for domstolen. Det følgjer av barnelova § 6 at kvar av foreldra kan reisa sak for domstolen om endring av farskap dersom vedkomande legg fram opplysningar om at ein annan mann kan vera far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, men likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vart født. Retten kan gjera unntak frå tidsfristen når særlege grunner talar for det.

Den som meiner at han er far til eit barn, kan fram til barnet fyller tre år, reise sak om farskapen dersom han legg fram opplysningar som tyder på at han kan vere faren. Retten kan i desse tilfella gjera unntak frå begge tidsfristane når særlege grunnar talar for det.

Det gjeld ikkje tidsfristar for tilfelle der det ikkje er fastsatt noko farskap.

Barnet kan alltid reisa sak for domstolen for å endra farskap, uavhengig av tidsfristar, jf. barnelova § 6 første stykke.

1.3 Høyringsforslaget

Departementet fremja i høyringsnotatet forslag om å oppheva tidsfristane i barnelova § 6, slik at eventuell usikkerheit om farskap kan avklarast uavhengig av tida som har gått etter at tvilen om farskapen oppstod.

1.4 Vurderingane til departementet

Hovudreglane i barnelova om fastsetjing av farskap verkar godt for det store fleirtalet. Det er likevel viktig at det skal vera mogleg å korrigera feilen når den juridiske farskapen ikkje samsvarer med den biologiske tilknytinga. Kunnskap om kven som er dei biologiske foreldra til eit barn, er grunnleggjande i menneska si forståing av seg sjølv.

Det er få høyringsinstansar som har gitt høyringsutsegn til forslaget til lovendringar. Høyringsutsegna er ikkje eintydige, men går i ulik retning om dei ulike forslaga som vart sende på høyring.

Likestillings- og diskrimineringsombodet påpeikar at å leva med tvil om ein er far til eit barn, for mange vil vera ei stor unødig påkjenning. Difor meiner ombodet det er rett at ein skal få høve til å prøva farskapen, òg i tilfelle der barnet er fylt tre år. Ei oppheving av treårsfristen vil i større grad likestilla kvinner og menn som foreldre. Hovudargumentet mot å oppheva treårsfristen er at ein familie ikkje skal uroast og kanskje verte splitta opp ved at ein tredjemann kjem inn i biletet og reiser sak om farskapen etter at barnet er fylt tre år. Ombodet anerkjenner dette som eit problem, men meiner likevel at høvet til å få prøvd farskapen for den moglege biologiske faren bør vega tyngre. Departementet sluttar seg til dette.

Departementet legg vidare til grunn at dersom det er tvil om kven som er far til eit barn, vil det vera til barnet sitt beste å få tvilen avklara ved at både den juridiske faren, ein mogleg far og mora har rett til å reisa sak, uavhengig av tidsfristar. I tilfelle der det er ei påkjenning for barnet å få kjennskap til tvilen om farskapen, meiner departementet likevel at det i det lange løp vil vera best å kjenne sanninga. Vilkår og fristar for å ta opp sak om endring av farskap vil i lita grad kunna verna barnet mot den psykiske uroa tvil om farskapen kan skapa. Omsynet til kunnskap om biologisk opphav veg så tungt for det enkelte barn og for foreldra at det ikkje bør vera tidsfristar i lova som hindrar at sakene kan takast opp og verte handsama på ein forsvarleg måte i rettssystemet.

Då forslag om å oppheva den tidas tidsfristar vart fremja i Ot.prp. nr. 93 (2001–2002) vart forslaget grunngjeve på følgjande måte:

«Konsekvensene av det regelverket vi har med søksmålsfrister for alle parter med unntak av barnet, er at passivitet «straffes». En mann som ikke vil forstyrre harmonien i et etablert samliv ved å sette spørsmål ved farskapet til ektefellens eller samboerens barn, kan komme i en situasjon der ‘bordet fanger’.

Det samme gjelder en mor som ikke går til endringssak innen ett år selv om hun vet at ektefellen ikke er far til barnet, eller at feil mann har erkjent farskapet.

Gjennom presse og henvendelser til departementet fra privatpersoner vet vi at det kan være en stor påkjenning for en mann å være juridisk far til et barn som han betviler er hans, uten muligheter til å få farskapet sikkert avklart. Vi vet også en del om den vanskelige situasjonen for en mann som er avhengig av de juridiske foreldrenes samtykke for å få avklart hvorvidt han er far til et barn, og for eventuelt å få endret farskapet. Dersom farskapet ikke blir endret, har de ofte ikke mulighet til å etablere kontakt med barnet, noe som fører til savn og fortvilelse.

Tvil rundt farskapet vil uansett regelverk kunne føre til at barnet opplever uro og konflikter i familien. Barnet vil kunne få høre om fars eller mors tvil fra foreldrene selv, eller fra andre. Vilkår og søksmålsfrister for å ta opp sak om endring av farskap vil i liten grad kunne beskytte barnet mot den psykiske uroen tvil rundt farskapet kan skape. Regelverket gjelder også i de tilfellene der ‘barnet’ ikke lenger er mindreårig og hensynet til å beskytte barnet derfor ikke er like tungtveiende.

Dersom vilkårene og søksmålsfristene for å gå til endringssak i barneloven § 6 oppheves, vil en juridisk far alltid kunne få avklart enhver tvil om han er barnets biologiske far, og eventuelt bli frikjent for farskapet dersom han ikke er det. Det samme gjelder en mann som mener at han kan være far til et barn som allerede har en juridisk far. Dersom en endringssak fører til at barnet får en annen juridisk far, vil dette kunne få store praktiske konsekvenser for barnets daglige liv. En juridisk far kan gå til sak for å få del i foreldrebeføyelser over barnet. Dette betyr at han vil kunne få fastsatt samvær og eventuelt få del i foreldreansvaret. Den tidligere juridiske far mister alle rettigheter i forhold til barnet, samtidig som barnet mister alle rettigheter i forhold til ham. Dersom farskapssaken fører til et samlivsbrudd mellom mor og den som har vært barnets juridiske far, kan barnet miste kontakten med den mannen som har vært juridisk og sosial far for barnet. Barnet vil imidlertid kunne få opprettet kontakt med den som er barnets biologiske far.»

Farskapssaker kan vera svært ulike og samansette. Det er naudsynt å ha gode hovudreglar, men samtidig høve til å korrigera juridiske foreldreskap når desse ikkje er i samsvar med dei biologiske tilhøva.

Det er vanskeleg å fastslå kva som er til barnet sitt beste i det enkelte tilfellet, men sanninga vil ofte vera frigjerande og positiv over tid, både for vaksne og barn. Det gjeld anten utfallet skulle vera ei stadfesting eller ei avkrefting av ein eksisterande juridisk farskap.

Departementet finn at omsynet til barnet sitt beste i desse sakene vil vera å avklare eventuell uvisse knytt til uttalt tvil om farskapen. Departementet går difor inn for å oppheva tidsfristane i barnelova § 6.

1.5 Regeltekniske endringar i ekteskapslova og brudvigjingslova

Mynda til å gje etterfylgjande godkjenning av ugyldige ekteskap er heimla i ekteskapslova og brudvigjingslova. Viss eit ekteskap er ugyldig fordi framgangsmåten var gal eller vigslaren mangla mynd, kan fylkesmannen etter ekteskapslova § 16 andre stykke gje etterfylgjande godkjenning av ekteskapet når særlege grunnar talar for det. Der eit ekteskap som er inngått i utlandet, ikkje kan verte anerkjent i Noreg, kan fylkesmannen likevel godkjenne ekteskapet viss det er sterke grunnar som talar for det, jf. ekteskapslova § 18 a andre stykke. Etter brudvigjingslova § 11 tredje stykke, kan ein vigsel som er utført i strid med lova, verte godkjend når særlege grunnar talar for det.

Ekteskapslova og brudvigjingslova vart endra ved lov 18. september 2015 nr. 92, og mynda til å handsame søknadar om godkjenning av ugyldige ekteskap vart lagd til fylkesmannen i førsteinstans. Endringane tredde i kraft 1. januar 2016. Det er Fylkesmannen i Oslo og Akershus som handsamar søknadane.

Mynda til å godkjenne ugyldige ekteskap etter ekteskapslova § 16 andre stykke og § 18 a andre stykke var før lovendringa lagd til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Departementet var klageinstans. Mynda til å godkjenne ekteskap etter brudvigjingslova § 11 tredje stykke var lagd til departementet i førsteinstans. Kongen i statsråd var klageinstans. Det var ikkje ynskjeleg at departementet og Kongen i statsråd skulle vere første- og/eller klageinstans i einskilde saker etter ekteskapslova og brudvigjingslova. Departementet fremja difor eit lovforslag i Prop. 103 L (2014–2015) for å leggja til rette for ei betre handsaming av saker der inngåtte ekteskap ikkje er gyldige etter norsk rett. Det vart føreslått at alle saker om etterfylgjande godkjenning av ugyldige ekteskap skulle verte handsama av fylkesmannen. Departementet uttala vidare i lovforslaget at det ville vurdere nærare om mynda burde verte lagd til eit eller fleire fylkesmannsembete. Bakgrunnen for forslaget om at den eller dei same organ skulle handsame alle sakene, var at ein ville gje ei meir einskapleg og effektiv sakshandsaming.

Ved eit mistak vart det i ordlyden i ekteskapslova § 16 andre stykke, ekteskapslova § 18 a andre stykke tredje punktum og brudvigjingslova § 11 tredje stykke første punktum, fastsett at fylkesmannen kan godkjenne, anerkjenne og vedta ugyldige ekteskap og vigslar. Dette inneber i utgangspunktet at alle fylkesmenn er gjevne denne mynda innanfor det geografiske området deira. Departementet føreslår å endre ordlyden i ekteskapslova § 16 og § 18 a og brudvigjingslova § 11 for å gjere det tydeleg at departementet fastsett kva for fylkesmenn som skal handsame slike saker. Lovendringane inneber inga endring i dagens situasjon, og hensikta til departementet er at Fylkesmannen i Oslo og Akershus skal halde fram med å handsame søknadar om etterfylgjande godkjenning av ugyldige ekteskap.

Etter at lov 13. februar 2015 nr. 9 om utenrikstjenesten (utenrikstjenesteloven) tok til å gjelde, vart tilvisinga i ekteskapslova § 12 første stykke bokstav c feil. Den rette tilvisinga skal vere § 14, ikkje § 17, slik det står no. Departementet føreslår å endre dette.