1. Sammendrag

1.1 Bakgrunn

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår i proposisjonen ei endring i bustøttelova som utvidar tilgangen til å gje bustøtte på individuelt grunnlag til flyktningar og andre vanskelegstilte som bur i bukollektiv.

Ved å utvide moglegheita for å gje bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv kan ein busetje flyktningar og andre som treng ein bustad, raskt. Bruk av bukollektiv kan også bidra til at den enkelte får lågare buutgifter og dermed blir raskare sjølvhjelpen med eiga inntekt. Forslaget vil gje kommunane eit større handlingsrom til å utnytte bustadmassen og den private bustadmarknaden når dei skal busetje flyktningar og andre vanskelegstilte.

Forslaget er varsla i integreringsmeldinga (Meld. St. 30 (2015–2016)) og følgjer også opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 800 (2014–2015).

1.2 Litt om bustøtteordninga og gjeldande rett

Bustøtta er eit fundament i den bustadsosiale politikken og er det mest sentrale verkemiddelet staten har på dette området. Tildelinga er behovsprøvd. Bustøtta er direkte retta inn mot dokumenterte buutgifter og skil seg slik sett frå inntektssikringsordningar som trygd og sosialhjelp.

Dersom vilkåra som er knytte til person og bustad er oppfylte, er det forholdet mellom buutgiftene og inntekta som avgjer om det blir tildelt støtte, og i så fall kor mykje. Retten til støtte er i stor grad inntektsavhengig. Det har også noko å seie kor mange personar det er i husstanden, og kva kommune husstanden høyrer til.

Kommunane er førstelinje i sakshandsaminga, men det er Husbanken som gjer vedtak. Bustøtte blir rekna ut og vedteke for ein månad om gongen. Klagenemnda for Husbanken handsamar klager på vedtaka.

I dagens bustøtteregelverk er «husstand» eit sentralt begrep. Dersom vilkåra i unntaksføresegna i bustøttelova § 5 andre ledd er oppfylte, vil ein kunne rekne kvart enkelt rom som ein bustad, slik at kvar person blir rekna som éin husstand. Dermed får også personane rekna ut bustøtte enkeltvis, det vil seie utan at inntekta til dei andre i bukollektivet blir rekna med.

1.3 Høyringa

I høyringsutkastet blei det føreslått å utvide tilgangen til å gje bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv ved å erstatte kravet om kommunal tildelingsrett i bustøttelova § 5 andre ledd med eit meir lempeleg krav om kommunal godkjenningsrett. Samtidig blei det føreslått enkelte språklege forenklingar av lovteksten i bustøttelova § 5. Høyringsinstansane støttar forslaget. Nokre av dei har kommentarar slik det går fram i punkt 5 og 6.3 i proposisjonen.

1.4 Vurderingar frå departementet

Departementet meiner at unntaksregelen i § 5 andre ledd er for snevert formulert når det er eit vilkår for å få bustøtte på individuelt grunnlag i eit bukollektiv, at kommunen har tildelingsrett til bustaden. Vilkåret om kommunal tildeling er utforma slik at flyktningar og andre som på eige initiativ skaffar seg bustad i eit rom i eit bukollektiv, ikkje kan få bustøtte. Dagens regel er også utydeleg formulert og fører til ulik praksis i kommunane.

Eit krav om kommunal godkjenning vil gjere det mogleg for flyktningar og andre som ønskjer å dele bustad med andre, å få bustøtte. Med ein slik ordlyd vil ikkje bustøtte til bukollektiv lenger vere avgrensa til bustader kommunen allereie disponerer. Departementet legg til grunn at godkjenninga frå kommunen må ha ei helse- eller sosialfagleg grunngjeving.

For å opne for at personar som bur i eit bukollektiv med ei helse- eller sosialfagleg grunngjeving, kan få bustøtte på individuelt grunnlag, føreslår departementet nokre endringar i dagens § 5. Departementet meiner at lovteksten tydelegare enn i dag må vise at også bustader som er del av eit bukollektiv, må gje høve til kvile og ha tilgang til kjøkken. For å gjere det tydeleg at ein kan gjere unntak frå kravet til eige bad, toalett og tilgang til kjøkken så lenge desse fasilitetane er tilgjengelege i bukollektivet, men ikkje frå kravet om at det må vere mogleg å kvile på eige rom, føreslår departementet at kravet om høve til kvile blir skilt ut i ein eigen bokstav d i § 5 første ledd.

Kommunen bør ha ei viss aktivitetsplikt. Bustøttesøkjaren kan sjølv finne ein bustad, men kommunen skal godkjenne bustaden.

1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet forventar at kommunane i større grad vil nytte bukollektiv til å busetje vanskelegstilte dersom bustøtta blir utvida i tråd med lovforslaget. Det er knytt stor uvisse til dei økonomiske konsekvensane av lovforslaget, men det er grunn til å tru at det samla sett vil gje ei innsparing for samfunnet. Det er vidare grunn til å tru at endringa vil gje raskare overføring frå mottak til busetjing i kommunen. UDI har opplyst at det kostar om lag 152 000 kroner for ein vanleg asylmottaksplass i løpet av eit år. Kostnaden til utbetalt bustøtte til ein person i bukollektiv er rekna til 25 000 kroner per år.