Søk

Samandrag

I grunnlagsdokumentet for Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029 kjem det fram at 476 personar har omkome i samband med bruk av fritidsfartøy i perioden frå 2002 til 2015. Berre i 2015 omkom 37, ein auke på ni personar eller 32 pst. frå året før. Samanlikna med skipsulukker ved ferdsel til sjøs i næring, er talet omtrent seks gonger høgare når det gjeld drepne knytt til bruk av fritidsbåt. Forslagsstillarane viser til at det gjennom fleire år til samanlikning har vore ein markant nedgang i talet på drepne og hardt skadde i biltrafikken. For vegtrafikken har ein fått ei halvering av talet på dødsfall den siste tiårsperioden, men på sjøen har talet på drepne ikkje minka. Dette er etter forslagsstillarane si meining urovekkjande.

Forslagsstillarane meiner det er ei utfordring at tre ulike departement har kvart sitt ansvarsområde. Til dømes ser Samferdselsdepartementet i hovudsak på sitt eige ansvarsområde – infrastruktur. Førebyggande sjøtryggleik ligg under Nærings- og fiskeridepartementet og beredskap under Justis- og beredskapsdepartementet. For at ein skal få betre effekt av tiltak, bør dette arbeidet samordnast langt betre enn det som er tilfellet i dag. Forslagsstillarane meiner at det er naudsynt med fleire tiltak for å redusera talet på drepne på sjøen. Dette gjeld også organisatoriske tiltak.

I dokumentet vert det lagt fram slikt forslag:

«Stortinget ber regjeringa styrka og samla den totale ressursinnsatsen innan sjøtryggleik i ein eigen strategi, med hovudføremål å få ned talet på omkomne og hardt skadde i fritidsbåtar. Stortinget ber regjeringa om følgjande åtgjerder:

  • Etablera ei eiga ulukkesgruppe som undersøker ulukker og brannar der fritidsbåtar er involvert. Innsamling og bruk av data må ha som føremål å førebyggja og hindra fleire ulukker og brannar.

  • Vurdera om andre enn politiet skal vera meldeinstans med føremål å få fleire til å rapportera uynskte hendingar og ulukker med fritidsbåtar til sjøs.

  • Vurdera åtgjerder fartsreduksjon i ulukkesutsette farvatn.

  • Vurdera åtgjerder som kan sikra at påbodet om flytevestar gir resultat.

  • Sikra at bransjeorganisasjonar og Redningsselskapet blir viktige medspelarar i arbeidet med å utforma ny strategi for å auka tryggleiken knytt til bruk av fritidsbåt.

  • Utarbeida særleg navigasjonsstøtte for fritidsbåtar.»