1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Landbruks- og matdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2016.

1.2 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2016

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

På grunn av forskingsbehov som følgje av sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD), som rammar hjortedyr, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga over kap. 1112, post 50 med 2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 1137, post 50.

Kap. 4115 Mattilsynet

Post 1 Gebyr m.m.

Ifølgje dei siste prognosane vil gebyrinntektene til Mattilsynet for 2016 bli på om lag 145,9 mill. kroner, som er 11 mill. kroner under det budsjetterte.

Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 11 mill. kroner.

Kap. 1142 Landbruksdirektoratet

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m.

Løyvinga er ei overslagsløyving. Ifølgje dei siste prognosane vil det vere behov for å auke løyvinga med om lag 40 mill. kroner knytt til oppgjer i samband med tidlegare utbrott av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA), pålagd sanering ved påvising av fotråte hos småfe og omfattande destruering av tomatplanter på grunn av viroid.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

Post 71 Naturskade, erstatningar

Løyvinga er ei overslagsløyving. Løyvinga for 2016 er på 182,2 mill. kroner.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2016 og tilsegn som ikkje er innfridde per 31.12.2016, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 35,5 mill. kroner, og å auke tilsegnsfullmakta med 19,2 mill. kroner til 83,1 mill. kroner.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.

Løyvinga er ei overslagsløyving. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Post 73 Pristilskott

Løyvinga er ei overslagsløyving. Ifølgje dei siste prognosane er det forventa eit meirforbruk på om lag 190,9 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 73 med 190,9 mill. kroner.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott

For å dekkje inn auka utgifter på posten gjer departementet framlegg om ein auke på 5,55 mill. kroner, som blir dekt inn gjennom tilsvarande reduksjon på kap. 1151, postane 51 og 79. Meirforbruket er i hovudsak knytt til dei produksjonsavhengige tilskotta.

1.3 Andre saker

1.3.1 Tilføying av stikkordet «kan overførast»

I samband med framlegginga av Prop. 77 S (2015–2016) Reindriftsavtalen 2016/2017 og endringer i statsbudsjettet 2016 m.m. blei stikkordet «kan overførast» ved ein feil ikkje teke med i vedtakslista. Departementet gjer difor framlegg om at stikkordet blir lagt til kap. 1142, post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kap. 1151, post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott og kap. 1151, post 79 Velferdsordningar.

1.3.2 Avvikling av Staur gård AS

Staten v/Landbruks- og matdepartementet eig alle aksjane i Staur gård AS, og den samla aksjekapitalen er på 1,5 mill. kroner. Forholdet mellom staten som eigar og selskapet som leigetakar av eigedommen er i dag regulert i eigen leigeavtale.

Staur gård AS har eit sektorpolitisk ansvar for å leggje til rette for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket, og å drive eigedommen på ein best mogleg måte. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe i regi av Tyr/Nortura, seminstasjonen for sau i regi av Norsk sau og geit, og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv også gjestegarden på Staur.

Dei seinare åra har særleg gjestegardsverksemda vore krevjande, noko som har bidrege til underskott. Samla nærmar eigenkapitalen seg no halvparten av den samla aksjekapitalen. På bakgrunn av denne økonomiske situasjonen fatta styret hausten 2016 vedtak om at selskapet ikkje lenger er i stand til å bere forpliktingane sine, og at vidare drift føresett at eigar tilfører selskapet kapital.

Departementet kan ikkje sjå at det er gode nok grunnar til at staten skal ta ansvar for å leggje til rette for gjestegardsverksemd av denne typen. Det bør difor ikkje vere aktuelt å nytte statlege midlar til å tilføre selskapet kapital eller til å dekkje dei økonomiske behova som er avdekt ved eigedommen elles. Det bør heller ikkje vere ein aktuell modell å avvikle gjestegardsverksemda og samstundes drive resten av selskapet som i dag.

Departementet kan ikkje sjå at det er gode nok grunnar til å halde fram med statleg eigarskap i dagens situasjon. Departementet legg difor opp til å avvikle Staur gård AS i tråd med aksjeloven § 16, jf. framlegg til vedtak IV, med sikte på å få effektuert avviklinga i løpet av første halvår 2017. Eigedommen Staur gard vil bli seld, i tråd med avhendingsinstruksen.