Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, vil peike på at det er naudsynt å ta i bruk meir bioenergi om me skal nå måla om å redusere utsleppa våre med 40 pst. innan 2030.

Komiteen meiner dei funna som Riksrevisjonen har gjort er urovekkjande, mellom anna at det er:

  • Liten vekst i forbruket av bioenergi som gjev eit monaleg mindre klimabidrag enn kva ressurspotensialet i Noreg gjev grunnlag for

  • Styresmaktene sine verkemiddel for auka bioenergi har gjeve svake resultat

  • Styresmaktene har ikkje samordna mål og strategiar for å auke produksjonen av bioenergi

  • Endringar i verkemidla og utydelege signal kan hemme auka produksjon av bioenergi.

Komiteen merkar seg at det har vore liten vekst i forbruket av bioenergi, berre 1,6 TWh frå 2008 til 2016, trass i at målsettinga var å auke til inntil 14 TWh. Komiteen syner her til Rikrevisjonens rapport og merkar seg at dei etterspør ein samordna strategi frå dei involverte departementa.

Komiteen syner til at styresmaktene sine verkemiddel for auka bruk av bioenergi har gjeve svake resultat på området. Komiteen har merka seg dei einskilde svara frå statsrådane og ser at dei har ulike svar på dei utfordringane som Riksrevisjonen har kome med. Det i seg sjølv er eit klart signal om at det er naudsynt med ei betre samhandling mellom departementa.

Komiteen vil peike på dei store endringane som kontinuerleg endrar føresetnadene for at bioenergi vert teken i bruk i større omfang. Komiteen vil med bakgrunn i dette peike på behovet for at regjeringa samordnar ressursane særskilt med tanke på nye løysingar som kan opne for ein auke i bruk av bioenergi, og vil peike på at det er særs viktig at regjeringa legg til rette for forsking og utvikling som kan utløyse ein slik auke. Bioenergi er ein stor ressurs som det ligg godt til rette for å ta i bruk i Noreg, samstundes som stadig nye alternative energiløysingar gjer det naturleg å sjå på dei måla ein set for bruk av bioenergi i ein ny og endra heilskap.

Komiteen vil særskilt syne til at bioenergimarknaden framleis er ein umoden marknad, og difor er fortsatt støtte til realisering av bioenergianlegg særs viktig for å stimulere til utvikling og bruk av andregenerasjons biodrivstoff. I tillegg meiner komiteen at ein bør vurdere ei ordning for støtte av skogflis som kan sikre gode rammevilkår i ein utviklingsfase.

Komiteen vil streke under at ei samordning kan kome fram i ei eiga stortingsmelding om satsinga på bioenergi framover. Ei rekkje stortingsmeldingar frå fleire departement, der bioenergi har vore eit av fleire tema, har vore handsama – utan eit felles overblikk. For å rette på dette bør regjeringa vurdere ei samla stortingsmelding om framtidig satsing på bioenergi.

Komiteen meiner det er avgjerande for utviklinga av næringa at ho får eit stabilt skatte- og avgiftsregime, slik Riksrevisjonen òg spør etter. Komiteen vil peike på at satsinga på biodrivstoff har vore utsett for ulike styringssignal og uklåre politiske prioriteringar under skiftande regjeringer dei siste åra. Til dømes biodrivstoffavgifta i 2008 og nedleggjinga av satsinga på Tofte har vore med på å forverre den langsiktige satsinga, både mot utslepp av klimagassar og for dei ulike aktørane som driv innan feltet. Komiteen ynskjer ei utvikling der biodrivstoff som blir brukt her til lands, i størst mogleg grad er utvikla frå norske ressursar.

Komiteen vil peike på at Miljødirektoratet i 2015 i sin rapport peika på at det vil vere eit uutnytta potensial på om lag 30 TWh i 2030 innanfor primærenergien frå skogsråstoff, jordbruksavfall og anna avfall.

Komiteen vil peike på at det er naudsynt å halde fram satsinga på forsking og utvikling for å sikre utsleppsreduksjonar, auke kunnskapen om karbon- og nitrogendynamikk i landbruket og tilpassing til nye klimatilhøve.

Komiteen vil streke under at det er viktigare enn nokon gong å samarbeide på tvers av landegrensene. Samarbeidet med øvrige delar av Norden, EU, USA og Canada bidreg til utveksling av kunnskap og forsking. Revideringa av fornybardirektivet frå EU vil òg leggje føringar framover som er viktige for næringa.

Komiteen syner til anbefalingane frå Riksrevisjonen overfor Olje- og energidepartementet, Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Riksrevisjonen anbefaler desse departementa å:

  • Evaluere resultata for satsinga på høvesvis bruk og produksjon av bioenergi og identifisere dei mest effektive verkemidla

  • Etablere ei felles forståing av Stortingets mål og føresetnader

  • Utarbeide ein felles og omforeint strategi for bioenergi; strategien bør òg inkludere skatte- og avgiftspolitiske verkemiddel

  • Gjere det mest mogleg føreseieleg for næringsaktørar og brukarar.

Komiteen støttar desse anbefalingane.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen, viser til at det er alminnelig kjent at han er klimarealist med den oppfatning at klimaendringer alltid har skjedd, og at det i all hovedsak er bestemt av naturen og kloden selv. Dette medlem mener at det å bruke store beløp eller lovregler og pålegg for å redusere utslipp av den livsgivende gassen CO2 er meget uklokt.

Dette medlem aksepterer imidlertid at grunnlaget for regjeringens politikk er Jeløyerklæringen, og vil derfor avstå fra å fremme alternative forslag, selv om dette medlem er personlig motstander av pålegg om innblanding av biodrivstoff.