Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

2. Merknader frå komiteen

2.1 Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Åsunn Lyngedal og Rigmor Aasrud, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, leiaren Henrik Asheim, Mudassar Kapur, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Bård Hoksrud og Jan Steinar Engeli Johansen, frå Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, frå Venstre, Abid Q. Raja, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Kristoffer Robin Haug, og frå Raudt, Bjørnar Moxnes, viser til at denne innstillinga behandlar lovdelen av Prop. 72 LS (2018–2019), som gjeld forslag til lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven). Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjerd om forordning om endring av statistikkforordninga blir behandla i Innst. 343 S (2018–2019).

Komiteen viser til at gjeldande statistikklov vart vedteken i 1989, og at det berre er gjort endringar i forskriftene sidan den gong. Samtidig har rammeverket for statistikkproduksjon endra seg betydeleg både nasjonalt og internasjonalt. Komiteen viser også til statistikklovutvalets utredning NOU 2018:7 Ny lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå, og meiner det er nødvendig og bra at det kjem ei ny statistikklov nå.

Komiteen støttar forslag til ny formålsparagraf og viser til at det var brei støtte frå alle høyringsinstansane om denne.

2.2 Todelt samfunnsoppgåve

Komiteen viser til at høyringsinstansar har problematisert at Statistisk sentralbyrå (SSB) framleis bør ha ei todelt samfunnsoppgåve, både statistikk og analyse og forskingsdelen. Komiteen er samd i at det kan vera problematisk, men ser fordelane ved å behalde ei todelt samfunnsrolle som større enn ulempene. Denne konklusjonen har også dei fleste av høyringsinstansane.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Raudt er tilfredse med at forskingsoppdraget til SSB vert stadfest i den nye lova. Desse medlemene strekar under at forskinga i SSB skal understøtte behov i det norske samfunnet og må innrettast etter dette og ikkje etter t.d. publiseringspoeng eller internasjonale kvalitetsindikatorar. Desse medlemene held fram at ein viktig del av SSB si forskingsverksemd er å levere analyse og framskrivingar av store samfunnsendringar, økonomi og demografi.

2.3 Fagleg uavhengigheit

Komiteen viser til den europeiske fagfellevurderinga som peikte på at det i gjeldande lov er uklårleik om styret si rolle og om styret er ein del av SSB og dermed omfatta av den faglege uavhengigheita, eller om styremedlemene fungerer som departementet sine representantar.

Komiteen har også merka seg at høyringsinstansane viser til viktigheita av eit uavhengig SSB for å behalde høg tillit, og at det er ulikt syn på om dei foreslegne tiltaka er tilstrekkelege for å oppnå det målet. Komiteen støttar at det i framlegg til ny lov vert lovfesta at administrerande direktør skal tilsettast av Kongen i statsråd.

Komiteen har merka seg at det vert foreslått å innføre eit nasjonalt program for statistikk. Dette programmet skal vera ei ramme for kva lova regulerer, og avgrense kva som er offisiell statistikk. Lova vil vera på eit overordna nivå, og det vert ikkje teke stilling til innhaldet i programmet i lova, korkje kva statistikkområde som skal inngå, eller kven som skal produsere dei ulike statistikkane. Det vil først skje når programmet vert utarbeidd og beslutta.

Komiteen vil peike på at det er viktig å finne den rette balansen mellom fleksibilitet og detaljeringsnivå.

Komiteen har merka seg at det er noko ulikt syn når det gjeld kven som skal vedta programmet. Nokre høyringsinstansar peikar på at dersom Kongen i statsråd skal vedta programmet, slik regjeringa foreslår, vil det føre til svekka tillit til statistikken og bli stilt spørsmål om kor fagleg uavhengig SSB er.

Komiteen viser til at det er viktig å ha opne og breie prosessar ved utarbeiding av programmet, og understrekar at kravet om fagleg uavhengigheit skal gjelde for all produksjon av offisiell statistikk, også den som går føre seg i etatar der utøving av verksemd elles ikkje er fagleg uavhengig. Kravet om fagleg sjølvstende inneber at statistikkfaglege vurderingar og spørsmål skal handsamast uavhengig av politisk eller tenestleg instruks.

Komiteen understrekar at det dermed ikkje vil vera mogleg for overordna myndigheit å instruere ei underliggande verksemd i spørsmål som fell innanfor den faglege uavhengigheita i produksjonen av offisiell statistikk og øvrige kvalitets- og publiseringskrav for slik produksjon.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt, er samd i at tillit til fagleg uavhengigheit er avgjerande viktig, og meiner at for statistikkdelen så er summen av dei foreslegne tiltaka tilstrekkeleg for å vareta dette.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ønskjer å understreka at SSB sin faglege uavhengigheit er avgjerande for å behalde høg tillit, og understrekar at leiaren av det nasjonale statistikkontoret skal handle uavhengig under utføringa av sine faglege oppgåver. Regjeringa seier dei legg vekt på at SSB skal stå fritt til å gje råd om utforminga av oppdrag innan forsking og analyse, og at byrået også bør gjere greie for betydinga av overordna metodeval når resultata vert framlagde, i dei tilfella der SSB meiner at metodevala har stor på verknad på resultata. Regjeringa seier vidare at dersom SSB meiner at metodevala har stor påverknad på resultata, eller at resultata er misvisande, bør dette bli peika på. Desse medlemene vil understreka at i slike tilfelle skal SSB opplyse om dette, og desse medlemene vil streke under at det å kunne samanlikne over tid også må vere ivareteke. I tillegg har SSB adgang til å avvise oppdrag dersom byrået finn det fagleg uansvarleg og ikkje gjennomførleg eller for ressurskrevjande.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt er samde i at tillit til fagleg uavhengigheit er avgjerande viktig. Desse medlemene viser til kapittel 7.3.6.2 i proposisjonen, der det står:

«Statistikklovutvalget foreslår at Statistisk sentralbyrå skal kunne pålegges å gjennomføre beregninger ved bruk av særskilte modeller eller med bestemte forutsetninger og om overordnede metodevalg. Statistisk sentralbyrå og enkelte andre høringsinstanser er kritiske til dette av hensyn til byråets uavhengighet.

Departementet er enig med utvalget, men legger vekt på at det må være åpenhet rundt rammene for slike oppdrag.»

Desse medlemene viser vidare til at det i kapittel 7.2.4.3 i proposisjonen står:

«Som en del av styringsdialogen kan departementet avgrense omfanget og styre den tematiske innretningen av oppdragsfinansieringen.»

Desse medlemene meiner dette reiser spørsmålet om ikkje dette kjem i konflikt med artikkel 5a i EU-forordninga frå 2015, kor det mellom anna står:

«Within their national statistical system, Member States shall ensure the professional independence of officials responsible for the tasks set out in this Regulation. To that end, the heads of NSIs shall act in an independent manner while performing their statistical tasks; and neither seek nor take instructions from any government or other institution, body, office or entity.»

Desse medlemene meiner dette burde vært diskutert grundigare i proposisjonen. Desse medlemene viser i denne samanhengen til tidligare forskingsdirektør i SSB, Kjetil Telle, som i eit notat til høring i kontroll- og konstitusjonskomiteen januar 2018 skriv:

«Vil de vise at flyktninger er dyre, så bestiller de en analyse med Demec. Vil de vise at flyktninger er bra for norsk økonomi, iallfall bedre enn arbeidsinnvandring, så bestiller de en analyse med Kvarts.»

Telle viser vidare til at tidlegare SSB-direktør Christine Meyer vart utsett for eit «uformelt press» med insinuasjonar om at Meyer «misbruker sin posisjon til å stoppe eller trenere analyser om negative sider ved innvandring». Desse medlemene fryktar at dette forslaget frå regjeringa ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek den faglege uavhengigheita som SSB er avhengig av, og meiner at Stortinget må følgje med på situasjonen framover.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet viser til at statistikk er eit viktig verktøy for alle deltakarar i eit demokrati, til dømes for innbyggjarane direkte, for næringslivet, for regjeringa, for Stortinget og for ulike statlege etatar. God statistikk er avgjerande for ei god samfunnsutvikling, for riktige avgjersler politisk, kommersielt og også somtid i einskildindivida sine liv. Desse medlemene meiner det er uheldig at ein legg opp til at behandlinga av dei fleirårige statistikkprogramma ikkje skal reflektere den store verdien og betydinga statistikk har. Desse medlemene ynskjer at det skal leggjast opp til eit ope ordskifte kring viktige vegval i statistikkproduksjonen, og meiner at dette best vert oppnådd ved at dei fleirårige statistikkprogramma skal leggjast fram for Stortinget for avgjerd.

Desse medlemene fremjar på denne bakgrunnen fylgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med eit framlegg til lovendring som inneber at det er Stortinget som skal vedta dei fleirårige nasjonale statistikkprogramma.»

2.4 Kvalitetskrav

Komiteen har merka seg at Statistikkrådet får oppgåva med å betre samordninga mellom ulike myndigheiter som produserer offisiell statistikk, og at det vert ei lovfesting av dette.

Komiteen har vidare merka seg namneendringa frå «Statistikkrådet» til «Utvalet for offisiell statistikk» for å unngå mistydingar.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, viser også til lovfesting av kvalitetskrav for offisiell statistikk, og at det er den europeiske statistikkforordninga og retningslinjene for europeisk statistikk som vert lagde til grunn for all norsk offisiell statistikk, også den som ikkje er europeisk forordna, og støttar dette.

Fleirtalet meiner at dersom SSB vurderer eit oppdrag som fagleg uforsvarleg eller ikkje gjennomførleg, skal dei kunne avvise oppdraget. Dette er viktig for å understreke SSB si uavhengige rolle. Dersom SSB meiner ei oppgåve frå overordna departement er for ressurskrevjande i forhold til øvrige plikter, støttar fleirtalet at SSB kan gå til departementet og be om ei prioritering. Dette går på kva oppgåve som skal prioriterast, og ikkje korleis statistikk skal utarbeidast, utviklast og formidlast.

Fleirtalet meiner det er greitt med namneendringa frå «Statistikkrådet» til «Utvalet for offisiell statistikk».

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet peiker på at SSB ikkje er eit folkevald organ. Desse medlemene strekar under at det er svært uheldig både for demokratiet og for tilliten til SSB dersom byrået handlar slik at det kan oppfattast som om byrået avviser oppdrag ut frå medvetne eller umedvetne politiske motiv. Desse medlemene meiner at Christine Meyer-saka tydeleg viser kor viktig det er for SSB å unngå å setje seg i ein slik situasjon. Desse medlemene meiner det er maktpåliggjande at val kring statistikkproduksjonen føregår ope og gjennom offentleg debatt. Det er viktig at omgrep som «fagleg uavhengigheit» eller «fagleg uforsvarleg» ikkje vert misbrukte av byråkratiet til å ta val som høyrer folket til. Embetsmannstyre er ikkje demokrati. Det er Stortinget og ikkje SSB si rolle å halde regjeringa ansvarleg. Desse medlemene peiker på at det beste tiltaket for å sikre openheit og folkevald kontroll med statistikkproduksjonen er å late det vere Stortinget og ikkje regjeringa som vedtek statistikkprogramma. Desse medlemene viser til at eige framlegg i avsnitt 2.3 i denne innstillinga vil sikre dette. Viktige vedtak kring landets offisielle statistikk bør ikkje takast bak lukka dører, korkje hjå SSB eller i regjeringskontora, men i full openheit i Stortinget.

Desse medlemene ynskjer å streke under at EU sine krav og retningsliner ikkje skal vere gjeldande for statistikk som ikkje inngår i det nasjonale statistikkprogrammet. Desse medlemene peiker på at det ikkje er ynskjeleg at det kjem til ei einsretting i norsk statistikk der EU sine krav og retningsliner vert til hinder for innovasjon, fagleg diskusjon og alternative statistiske metodar og prinsipp enn dei som til eikor tid er gjeldande i EU-systemet.

2.5 Råd for SSB

Komiteen har merka seg at departementet går inn for at dagens styre vert erstatta med eit råd for SSB.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne viser til at det ikkje er eit eige sekretariat i det nye rådet, og rådet vil i stor grad vera avhengig av informasjon frå administrasjonen. Desse medlemene meiner tilsetterepresentasjon vil gje breiare tilfang av informasjon og gjere at rådet vert betre rusta til å vareta ombodsfunksjonen sin. Desse medlemene viser til at tilsetterepresentantar har særlig innsikt i korleis situasjonen og motivasjonen blant dei tilsette er i ulike delar av organisasjonen. Desse medlemene meiner det er viktig informasjon å ha med seg når ein skal diskutere effektivitet og kvalitet i løysing av SSB sine kjerneoppgåver. Det å fjerne lovfesta deltaking frå dei tilsette framstår etter desse medlemene sitt syn som dårlig tilpassa målet om å etablere ein meir robust styringsmekanisme for SSB. Desse medlemene understrekar at ei ordning der tilsette deltek, også vil vareta den norske tradisjonen for partssamarbeid og bedriftsdemokrati. SSB er ei kompetansebedrift. Gjennom tilsette sin representasjon får fagforeiningane meir informasjon om, og breiare forståelse av, styringsutfordringane.

Desse medlemene viser til at i argumentasjonen ved overgang frå styre til råd vert det vist til at dagens praksis vert vidareført, og at dagens modell har fungert godt. Det er difor ingen god idé å endre dette ved å ta dei tilsette ut ved overgang frå styre til råd, etter desse medlemene sitt syn.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til at § 19 femte ledd omhandlar at rådet skal ha sju medlemer som vert oppnemnd av Kongen i statsråd for ein periode på fire år. Desse medlemene vil ha eit tillegg om at det også skal oppnemnast to representantar av og blant dei tilsette.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

«Statistikkloven § 19 femte ledd nytt tredje punktum skal lyde:

I tillegg oppnevnes to representanter av og blant de tilsatte.»

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt viser til at regjeringa foreslår å erstatte dagens styre med eit råd, og at regjeringa foreslår at det ikkje skal vere representantar for dei tilsette i dette rådet. Desse medlemene viser til at Akademikerne, LO, Samfunnsøkonomene og Hovedverneombudene i Statistisk sentralbyrå støttar mindretalet i statistikklovutvalet, som foreslo at det skulle vere representantar for dei tilsette i rådet. Desse medlemene viser til mindretalet i statistikklovutvalet si grunngjeving i NOU 2018: 7 Ny lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå:

«Et mindretall, bestående av medlemmet Sannes, mener det å beholde ansatterepresentasjon vil være viktig når man går over fra å ha et styre til å ha et råd. Representanter for de ansatte vil styrke rådet. Rådet skal ikke ha et eget sekretariat, og vil i stor grad være avhengig av den informasjon det får fra administrasjonen. Ansatterepresentasjon vil gi et bredere tilfang av informasjon. Det gjør rådet bedre rustet til å ivareta sin ombudsfunksjon. Ansatterepresentanter har særlig innsikt i hvordan situasjonen og motivasjonen blant de ansatte er i ulike deler av organisasjonen. Det er viktig informasjon å ha med seg når rådet skal diskutere effektivitet og kvalitet i løsningen av Statistisk sentralbyrås kjerneoppgaver.

Å fjerne lovfesting av deltagelse fra de ansatte fremstår dårlig tilpasset innstillingens mål om å etablere en mer robust styringsmekanisme for Statistisk sentralbyrå. En ordning der ansatte deltar, vil også ivareta den norske tradisjonen for partssamarbeid og bedriftsdemokrati. Statistisk sentralbyrå er en kompetansebedrift. Gjennom ansattes representasjon får fagforeningene mer informasjon om, og bredere forståelse av, styringsutfordringene. Utvalget argumenterer for at overgangen fra styre til råd langt på vei vil videreføre dagens praksis. Det er i seg selv et argument for ikke å endre en ordning som en har gode erfaringer med.»

Desse medlemene støtter vurderingane til mindretalet i utvalet.

Desse medlemene viser vidare til at regjeringa foreslår å bare ha sju medlemer i rådet. Medan sju medlemer kan vere ein naturleg størrelse for eit styre, vert dette for lite for å kunne fungere som eit råd. Desse medlemene meiner det er viktig at fleire sektorar og miljø er representerte i rådet, for å sikre den faglege kvaliteten og det samfunnsoppdraget som er gitt til Statistisk sentralbyrå. Mellom anna bør det vere rom for representantar frå partane i arbeidslivet, forskingssektoren og miljørørsla, ikkje berre departementa.

Desse medlemene fremmer på denne bakgrunnen følgjande forslag:

«Lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven) § 19 femte ledd skal lyde:

(5) Rådet for Statistisk sentralbyrå skal ha femten medlemmer som oppnevnes av Kongen i statsråd for en periode på fire år. Medlemmer kan oppnevnes for en samlet periode på inntil tolv år. I tillegg oppnevnes to representanter av og blant de ansatte

2.6 Teieplikt

Når det gjeld teieplikt, er komiteen nøgd med at regjeringa har lytta til høyringsinnspela som var mot evigvarande teieplikt, og at ein opprettheld dagens grenser på 60 år for verksemder og 100 år for personopplysningar.

2.7 Utleveringsplikt

Komiteen vil også understreke kor viktig det er å imøtekome det Kripos og Politidirektoratet skriv i høyringsinnspela; at opplysningar som kan nektast utlevert òg må gjelde opplysningar om enkeltpersonar som av omsyn til tryggleik har behov for konfidensiell handsaming pga. reell fare for personane sine liv, helse og fridom. Dette vert vareteke ved at det kjem inn under omgrepet kriminalitetskjempande verksemd som er unnateken utleveringsplikt.

2.8 Tilgjengelegheit

Komiteen har merka seg at det vert lagt til rette for at opplysningar som SSB innhentar, vert gjord meir tilgjengelege enn i dag når vilkåra elles er oppfylte, og støttar dette. Det er òg teke inn ein sikringsventil der kravet om at SSB «skal» gje opplysningane vidare, er bytt med «kan» gje opplysningane vidare. Komiteen har merka seg dette.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt peiker på at statistikklovutvalet uttaler at det er fullt mogleg å gje monaleg betre tilgang til data enn i dag og samstundes ta omsyn til informasjonsgjevarane sine interesser, herunder personvernomsyn og kommersielle omsyn. Desse medlemene peiker på at dette i for liten grad er fylgt opp i regjeringa sitt framlegg. Samstundes har det for regjeringa faktisk vore aktuelt å stramme inn bruken av data, slik m.a. Frischsenteret har åtvara mot. Desse medlemene meiner den klare hovudregelen må vere at all informasjon, inkludert rådata, vert gjord gratis tilgjengeleg for alle så lenge dette ikkje kjem i motstrid til personvern og nasjonal tryggleik. Desse medlemene meiner vidare at også privatpersonar, bedrifter og andre skal kunne få utført tenester som anonymisering av data og utlevering av dei anonymiserte dataa, tilrettelegging av datasett mv.

Desse medlemene registrerer i denne samanhengen at departementet meiner at SSB bør vurdere dagens praksis med å krevje dei som får utført tenester frå byrået, for meir enn faktiske marginalkostnader. Desse medlemene meiner at statistikk er eit offentleg gode og at SSB ikkje skal kunne krevje dekt meir enn reelle kostnader frå brukarar av statistiske data, og at SSB heller ikkje skal krevje betaling for eller unnlate å gje ut informasjon dersom det ikkje er særlege grunnar for dette.

Desse medlemene gjer på denne bakgrunnen fylgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa gjennom forskrift fastsetje at SSB ikkje kan krevje brukarane for meir enn reelle marginalkostnader for å produsere tilpassa datasett og liknande tenester.»

«Stortinget ber regjeringa syte for at alle SSB sine data som ikkje er sensitive med omsyn til personvern eller landet sin tryggleik, skal gjerast tilgjengelege gratis for befolkninga på eigna måte.»

«Stortinget ber regjeringa fremje lovframlegg for Stortinget som gjer det tydeleg at den klare hovudregelen for SSB si verksemd er full openheit og deling av all informasjon, inkludert rådata.»

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet viser til at Utvalet for offisiell statistikk også må ta opp i seg innspel frå og konsultere brukarane av statistikk, herunder folk flest.

Desse medlemene fremjar på denne bakgrunnen fylgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa undersøkje korleis ein best mogleg kan organisere seg slik at statistikkbrukarar, inkludert folk flest, kan få påverknad på dei nasjonale statistikkprogramma og generelt på kva statistikk som vert produsert, korleis statistikk vert gjord tilgjengeleg, og liknande tilhøve.»

2.9 Helseopplysningar

Komiteen understrekar viktigheita av at SSB får tilgang til alle relevante opplysningar også når det gjeld helseopplysningar. Komiteen er samstundes samd i at det må sikrast at Statistisk sentralbyrå ikkje gir andre tilgang til helseopplysningar i strid med eventuelle reservasjonar frå dei som opplysningane gjeld. Dette krev ytterlegare utredning. Inntil dette er gjort, har komiteen merka seg at Statistisk sentralbyrå ikkje skal gi andre tilgang til helseopplysningar byrået har teke imot frå helseregistre, og at reglar om dette vert tekne inn i forskrift.

2.10 Øvrige tema

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt viser til at fordelinga mellom Kongsvinger og Oslo per i dag ikkje er følgd opp, og at det er viktig ikkje å svekke kompetansemiljøet på Kongsvinger. Desse medlemene viser til Granavolden-erklæringa, der ein seier:

«Regjeringen skal følge planen om utflytting av statlige arbeidsplasser fra 2016 og arbeide for ytterligere utflytting i perioden.»

Desse medlemene meiner dette må vise att i praktisk politikk, og som eit minimum må Kongsvinger opp att på 40 pst.

Desse medlemene har òg merka seg at det tidlegare var tilsett avdelingsdirektørar med arbeidsstad på Kongsvinger. No er alle plasserte i Oslo, noko som kan gje ubalanse i styrkeforholdet mellom dei to lokalitetane.

Desse medlemene fremjar følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa sikre at tidlegare politiske føringar vert følgde opp, og at SSB-Kongsvinger vert styrkt i tal på årsverk og i innhald.»

Desse medlemene ber om at forskrifter til denne lova vert førelagt Stortinget før iverksetjing, og fremmer følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa leggje fram forskriftene til statistikklova for Stortinget før iverksetjing.»

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt viser til innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen i sak om handtering av omorganisering i SSB, Innst.199 S (2017–2018), der det vart fremmja sterk kritikk av finansministeren si handtering av styringa i SSB og at fleirtalet i Stortinget i den samanhengen fatta slikt vedtak:

«Stortinget finner finansministerens embetsutøvelse ved behandling av sak om håndtering av omorganiseringen av SSB kritikkverdig»

Eit samrøystes storting vedtok også følgjande:

«Stortinget forutsetter at før det foretas omfattende endringer i SSB, herunder oppfølging av statistikklovutvalget, legges opp til en åpen demokratisk debatt, herunder en egen sak til Stortinget.»

Desse medlemene viser til eigne merknader i samband med denne saka.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner det er opp til Stortinget å vurdere og eventuelt godta nye EØS-forpliktingar. Tidlegare praksis synest å ha vore at jamvel omfattande forordningar, t.d. EU si statistikkforordning frå 2008, er teken direkte inn i forskrift utan forutgåande behandling i Stortinget, korkje i form av ordinær sak eller samtykkesak, men berre nemnd ved namn i «Forelegg for Stortinget av overenskomster inngått med fremmede makter i 2008». Ein slik praksis er etter desse medlemene sitt syn konstitusjonelt uheldig og i strid med grunnleggjande prinsipp om folkevald kontroll.

Desse medlemene fremjar på denne bakgrunnen fylgjande framlegg:

«Statistikkloven § 21 skal lyde:

Departementet kan gi forskrift som er nødvendig for å oppfylle Norges statistikkforpliktelser etter EØS-avtalen frem til XX. juni 2019 (lovens vedtakstidspunkt). Eventuelle fremtidig oppståtte forpliktelser skal legges frem for Stortinget til behandling i egen sak. EØS-forpliktelser av teknisk karakter på begrensede statistikkområder kan likevel fastsettes i forskrift uavhengig av når de inntrådte og uten behandling i Stortinget

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser elles til eigne merknader i Innst. 343 S (2018–2019), som tek føre seg samtykkedelen av Prop. 72 LS (2018–2019).

2.11 Konsekvensar

Komiteen har merka seg at konkretiseringa av prisingsprinsipp for tilgang til mikrodata vil bli teke inn i forskrift til lova, og at eventuelle budsjettmessige konsekvensar vil bli lagd fram i eit eige budsjettdokument før lova trer i kraft.

2.12 Avslutning

Komiteen viser elles til Innst. 199 S (2017–2018) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen i sak om handteringa av omorganiseringa i SSB og til samrøystes vedtak i Stortinget, og har ikkje ytterlegare merknader.

Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, sluttar seg til regjeringas forslag til ny statistikklov.

Komiteens medlemer frå Senterpartiet sluttar seg til forslag til ny lov med unntak av forslag til § 21.

Komiteens medlemer frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt sluttar seg til forslag til ny lov med unntak av forslag til § 19 og § 21.

Komiteens medlem frå Miljøpartiet Dei Grøne sluttar seg til forslag til ny lov med unntak av forslag til § 19.