1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i proposisjonen eit framlegg om å ta inn ein lovheimel i lov 16. juni 2017 nr. 67 om statens ansatte mv. (statsansatteloven) for å kunne etablere ei registreringsordning for statstilsette sine verv og økonomiske interesser. (Godkjend i statsråd 23. juni 2021 (regjeringa Solberg))

Framlegget skal gje eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at verksemder i staten skal kunne påleggje tilsette i bestemde stillingar å registrere verva sine og dei økonomiske interessene dei har. Det er kvar enkelt verksemd som må vurdere om det er nødvendig å innføre ei registreringsordning, og i så fall kva for stillingar som skal påleggjast ei registreringsplikt. Verksemdene må òg vurdere kva for verv og økonomiske interesser som skal omfattast.

Departementet fremjar òg framlegg om endringar i tilvisingane i statsforetaksloven og statsansatteloven til lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister.

1.2 Bakgrunnen for lovframlegget

1.2.1 Innleiing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har tidlegare utarbeidd og sendt på høyring eit framlegg til rettleiande sentrale retningslinjer for ei registreringsordning for statstilsette sine verv og økonomiske interesser. Framlegget var ein del av oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak 12. april 2016 (vedtak nr. 590 (2015–2016)), som lydde:

«Stortinget ber regjeringen vurdere om tilsvarende regler som gjelder for registrering av regjeringsmedlemmers økonomiske interesser, bør gjøres gjeldende for departementsråder.»

KMD kom til at ei mogleg registreringsordning ikkje bør avgrensast til departementsrådar, men òg gjelde for andre tilsette i staten, og fremja difor dette i høyringa.

Framlegget til ei registreringsordning for statstilsette sine verv og økonomiske interesser vart opphavleg fremja som retningslinjer verksemdene kunne velje å innføre ut frå styringsretten til arbeidsgjevar.

Framlegget vart sendt på høyring i 2017.

Departementet har ut frå tilbakemeldingane frå Datatilsynet og Lovavdelinga komme til at ei registreringsordning krev heimel i lov.

Framlegget til lovføresegn er også ein del av oppfølginga av oppmodingsvedtak 648 (2017–2018). Oppmodingsvedtaket lydde:

«Stortinget ber regjeringen styrke kunnskapen om habilitetsreglene og bevisstgjøre arbeidsgivere og arbeidstakere i offentlig sektor om dobbeltroller.»

Framlegget til lovheimel blei sendt på høyring 29. juli 2020.

1.2.2 Gjeldande rett

1.2.2.1 Det rettslege grunnlaget for ei registreringsordning

Det finst i dag ei rekkje reglar og retningslinjer som skal sikre sjølvstendet, integriteten og nøytraliteten til forvaltninga.

Det blir i proposisjonen vist til at utgangspunktet likevel er at statstilsette har full råderett over fritida si og står fritt til å organisere økonomien sin utan innblanding eller innsyn frå arbeidsgjevar.

Det vart lagt til grunn at ein lovheimel er nødvendig for å utvide styringsretten til arbeidsgjevar og slik gje eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at arbeidsgjevar skal kunne påleggje dei tilsette ei plikt til å registrere verva og dei økonomiske interessene sine.

Ei registreringsordning for verva og dei økonomiske interessene til dei tilsette vil likevel kunne seiast å regulere handlingane til dei tilsette utanfor arbeidstida. Departementet la til grunn at ein lovheimel vil kunne gje rettsleg grunnlag for ordninga og fungere som ei utviding av styringsretten. Arbeidsgjevar vil, innanfor rammene av styringsretten og heimelen som er føreslått i statsansatteloven, kunne fastsetje ein generelt utforma instruks som pålegg arbeidstakarar i klart fastsette stillingar å opplyse om tilhøve som kan føre med seg interessekonfliktar. Eit slikt pålegg vil vere ei utviding og presisering av lojalitetsplikta.

1.2.2.2 Registreringsordningar på andre område

I proposisjonen blir det vist til omtalen i høyringsnotatet om registrering av verv og økonomiske interesser for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer og om dommarar.

1.2.3 Sentrale omsyn

I proposisjonen blir følgjande omsyn omtalte:

  • Tilliten til forvaltninga

  • Førebygging av interessekonfliktar

  • Openheit i forvaltninga

  • Omsyn til retten statstilsette har til privatliv

1.2.4 Personvern

Det vert òg i proposisjonen gjeve ein omtale av personvern, irekna:

  • Grunnlaget for handsaminga

  • Særlege kategoriar av personopplysningar

  • Sletting

1.3 Høyringa

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende framlegget til lovheimel på høyring 29. juli 2020.

I proposisjonen sitt kap. 4 vert det gjeve ein omtale av framlegget i høyringsnotatet, med framlegg til lovheimel og høyringsinstansane sitt syn. Det er ulike syn på framlegget. Omtalen knyter seg til punkta:

  • Registreringsordninga

  • Lovheimel

  • Tilgang

  • Personvern

1.4 Om lovframlegget og vurderingane til departementet

Det blir i proposisjonen peikt på at befolkninga har høg tillit til statsforvaltninga i Noreg. Reglane om habilitet i forvaltningsloven er i utgangspunktet tilstrekkeleg for å sikre at dei som førebur saker og gjer vedtak i forvaltninga, ikkje er inhabile. Samstundes er det ikkje tvilsamt at dei tilsette sine verv, økonomiske interesser, investeringar m.m. kan føre til bindingar eller særinteresser som kan tenkjast å medføre ein interesse- eller lojalitetskonflikt mellom dei private engasjementa til den tilsette og interessene til verksemda. I tillegg kjem at tilliten til statsforvaltninga og det enkelte forvaltningsorganet vil kunne bli påverka av om dei tilsette blir oppfatta å ha bindingar eller særinteresser grunna i økonomiske interesser, verv, ekstraarbeid osv.

Departementet fremjar i proposisjonen ein ny § 39 a i statsansatteloven. Føresegna skal gje verksemdene i staten eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for å påleggje tilsette ei plikt til å registrere verva og dei økonomiske interessene sine. Føresegna seier at for å førebyggje interessekonfliktar kan ei verksemd fastsetje at enkelte tilsette i bestemde stillingar kan bli pålagde å registrere verva og dei økonomiske interessene sine. Ei slik plikt kan berre påleggjast der det er nødvendig ut frå arbeidsoppgåvene og ansvaret som høyrer til stillinga.

Det er opp til kvar enkelt verksemd å vurdere behovet for ei registreringsordning. Departementet vil utarbeide sentrale retningslinjer om korleis ei registreringsordning kan gjennomførast i verksemda.

Føremålet med føresegna er å førebyggje interessekonfliktar i statsforvaltninga og gjennom transparens kring verva og dei økonomiske interessene til dei tilsette i staten auke tilliten til statsforvaltninga.

Departementet legg til grunn at dersom vilkåra i statsansatteloven § 39 a er oppfylte, er det ikkje nødvendig å vurdere om tiltaket har heimel i arbeidsmiljøloven § 9-1.

Departementet føreslår at føresegna blir teken inn i kapittel 6 i statsansatteloven, som inneheld ein paragraf om forbod mot gåver i tenesta m.m. Den nye paragrafen vil omfatte både statstilsette og embetsmenn.

Departementet meiner fastsette retningslinjer og merknadene i forarbeida vil gje verksemdene tilstrekkeleg informasjon til at dei skal kunne vareta omsynet til personvernet og privatlivet til den tilsette. Samstundes får verksemdene ei rettleiing for korleis ei registreringsordning kan gjennomførast, dersom verksemda meiner ei slik ordning er nødvendig.

I kapittel 5 blir det gjeve vurderingar av følgjande tema:

  • Lovheimel og føremål

  • Den rettslege statusen til registreringsplikta (om Forskrift, Pålegg er ein instruks, Kontrolltiltak)

  • Særlege katgegoriar av personopplysningar

  • Retningslinjer

  • Registreringsodninga (om frivilligheit og personvern)

I kapittel 6 fremjar òg departementet framlegg om endringar i tilvisingane i statsforetaksloven og statsansatteloven til lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister.

1.5 Dei økonomiske og administrative konsekvensane

Departementet vurderer dei økonomiske og administrative konsekvensane til å vere små for verksemdene. Eventuelle kostnadar må dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer. Sjå kapittel 7 i proposisjonen for nærare omtale.