Europautvalget - EØS-utvalet torsdag 23. april 1998 kl. 15.30

Dato: 23.04.1998

Sak nr. 4

Eventuelt

Leiaren: Så har vi dei andre sakene, dvs. det eventuelle, som stort sett knyter seg til dagsordenen for EØS-komiteen sitt møte, som også er utsend - altså sakene utover rettsaktene. Er det spørsmål og synspunkt der? - Veterinærsaker har vi vore innom tidlegare, protokoll 3 har vi alltid oppe, men eg går ut frå at det ikkje er noko nytt på dei sakene som ikkje er nemnde av utanriksministeren her, men som er på lista. - Då reknar vi berre at dette er den vanlege oppføringa. Då er det ingenting på dei sakene.

Så har vi ei sak som vekslar mellom EØS-utvalet og den utvida utanrikskomiteen - som strengt tatt høyrer heime i den utvida - og som eg veit at enkelte har vore opptekne av, faktisk på begge sider her no. Det gjeld Schengen, og ut frå det eg har sagt, tar vi ikkje opp den her no. - Ingen fleire har bede om ordet, heller ikkje under Eventuelt.

Møtet slutt kl. 16.45.