Stortinget - Møte onsdag den 3. november 1993

Dato: 03.11.1993

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil stille følgjande spørsmål til justisministeren:

Stortinget gjorde i desember 1992 vedtak om plassering av redningshelikopter på Svalbard og fleirbrukshelikopter på Vigra. Redningshelikopteret på Svalbard er på plass.

Kva tid kan Stortinget forvente at vedtaket om plassering av fleirbrukshelikopter på Vigra er ein realitet?

Statsråd Grete Faremo: Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet har etter stortingsvedtaket i desember 1992 samarbeidd om denne saka. Behov og føresetnader for eit helikopter på Vigra er kartlagde i samråd med vedkomande departement og etatar. Vi kan så langt fastslå at behovet ikkje tykkjest vere til stades, eller i alle fall er svært avgrensa.

Kystforvaltningsutvalget, som kom med si innstilling 2. april 1993, har vurdert samordning av ressursane i kystnære område. Utvalet foreslår oppretta eit indre kystoppsyn som skal yte støtte til Forsvaret i tilknyting til suverenitetshandheving, kontroll med skip, fiskerioppsyn, hjelp ved algeinvasjonar o.l., miljøovervaking, tolloppsyn, sjøredning og fartøystøtte til alle statsetatar etter behov. Siktemålet er ei fleksibel ordning der ressursar som i dag er delte på mange etatar, blir samordna til felles nytte. Fleirbruk av eit helikopter på Vigra må sjåast i samanheng med oppfølginga av Kystforvaltningsutvalget si innstilling og den framtidige organiseringa av det indre kystoppsynet.

Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet vurderer beredskapstilhøva i redningshelikoptertenesta fortløpande, og stasjonering av eit redningshelikopter på Vigra er med i denne vurderinga.

I dag er det ikkje mogleg å tidfeste endeleg avgjersle.

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil takke statsråden for svaret, men eg kan ikkje seie at eg er nøgd med det som her vart sagt.

Den tragiske ulykka utanfor Finnmark førre helg har aktualisert kravet om eit redningshelikopter sjølv om det ikkje har direkte samanheng med dette havariet. Eg vil elles gjere merksam på at dette spørsmålet var levert inn før ulykka skjedde. Og det er sjølvsagt at beredskapen ved ulykker vil bli styrkt ved plassering av eit fleirbrukshelikopter.

Vi må også vere merksame på kva eit helikopter vil ha å seie for tryggingsopplæringa for fiskarane våre. Berre på Sunnmøre og i Romsdal fekk 3000 fiskarar tryggingsopplæringskurs, men - eg vil poengtere - utan at dei har fått høve til å trene med helikopter. Og ei slik trening vil vere eit stort pluss i tryggingsopplæringa. Eg vil også legge vekt på behovet når det gjeld lostenesta. Ein ny vinter står no for døra, og eg vil be statsråden svare på kvifor utgreiinga har teke så lang tid. Det er grunn til uro og angst ute blant folk, og eg vil be om at ein kan vurdere endå ein gong når dette redningshelikopteret kan vere på plass.

Presidenten: Presidenten må gjera merksam på at spørsmålet skal liggje innanfor 1 minutt.

Statsråd Grete Faremo: Denne saken har en lang forhistorie. Men Kystforvaltningsutvalgets innstilling er ikke like gammel, og det vil måtte ta noe tid å bearbeide den før konkrete anbefalinger kommer. Utgangspunktet vårt er jo selvsagt at redningstjenesten skal være så god som mulig, at man må vurdere den best mulige bruk av de totale ressurser, og at stasjoneringen må gjøres ut fra en best mulig geografisk løsning. Vi har et langstrakt land, store områder hvor det skal være tilgang på redningstjeneste. Det er det som ligger bak dagens mønster for plassering, og som vi blant annet med det redningshelikopteret vi fikk stasjonert på Svalbard sist høst, forsterket ytterligere. Det er også utgangspunktet for det videre arbeid.

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil rette eit veldig kort spørsmål til statsråden: Er det slik å forstå at det vedtaket som Stortinget gjorde i 1992 om plassering av fleirbrukshelikopteret på Vigra, at den plasseringa også synest usikker no ut frå det statsråden her seier?

Statsråd Grete Faremo: Stortingets vedtak danner selvsagt utgangspunkt for det arbeid som nå gjøres i Regjeringen. Det jeg har prøvd å si gjennom det svaret jeg har gitt, er hvordan vi nå bearbeider dette i lys av det arbeidet Regjeringen har på gang ut fra Kystforvaltningsutvalgets innstilling.