Lars Sponheim (V):
Eg har følgjande
spørsmål til samferdselsministeren:
I forbindelse med flyulykken i
Overhalla har flyhavarikommisjonen avvist å utlevere rapporten fra flyets
taleregistrator til politiet.
Vil samferdselsministeren bidra til å
omgjøre flyhavarikommisjonens vedtak, slik at politiet får tilgang på det
bevismaterialet de trenger for å kunne fullføre etterforskningen og innen
rimelig tid få informert pårørende og overlevende om ulykkens årsak og
eventuelle strafferettslige forhold?
Statsråd Kjell Opseth:
Eg må be om
forståing for at eg kjem til å bruke litt lengre tid på dette svaret enn det
som er reglementert.
Havarikommisjonen for sivil luftfart,
HSL, er eit sjølvstendig forvaltningsorgan. Når det gjeld arbeidsmåte og
sakshandsaming, står HSL fritt og ubunde i sitt arbeid. Administrativt er
HSL underlagd Samferdselsdepartementet.
Departementet gjev forskrifter og
retningsliner for verksemda til HSL. Dette regelverk er bunde opp til
internasjonalt regelverk for same type kommisjonar. Føremålet med verksemda
til HSL er å greie ut om forhold som den meiner er viktig for å hindre
ulykker og farlege tilhøve i luftfarten. Innafor dei gjevne retningslinene
avgjer HSL sjølv om og når dei skal gje frå seg bevismateriale i samband med
sakene dei granskar. Det vil difor ikkje vere aktuelt for departementet å
gripe inn i dei ulike avgjerder som HSL tek under handsaminga av den
einskilde saka. Men departementet er klageinstans for vedtak som er gjorde
i HSL som førsteinstans. I slike høve kan departementet prøve om
sakshandsaminga i HSL er i samsvar med det regelverk som gjeld for deira
verksemd. Departementet kan likevel ikkje overprøve dei reint faglege
vurderingane som HSL har gjort.
I samband med ulykka i Overhalla har
Namdal politikammer ved telefax av 3. november 1993 bedt om å få ei avskrift
med tolkinga av bandet på taleregistratoren. I telefaks av same dato avslo
HSL denne oppmodinga med mellom anna denne grunngjevinga:
| « Den internasjonale
luftfartsorganisasjonen ICAO, hvor Norge er medlem, har i Chicago-konvensjonens
Annex 13, (Aircraft Accident Investigation), pkt 5.12, blant annet retningslinjer
om bruk av CVR-opptak ... Disse retningslinjer går blant annet ut på at CVR-opptak
ikke skal gjøres tilgjengelig for annet formål enn undersøkelse av havari/hendelse,
dersom undersøkelsesmyndigheten mener frigivelse av slik informasjon til annet
formål kan skade tilgjengeligheten av informasjon ved den aktuelle eller fremtidige
undersøkelser. |
| HSL mener at bruk av CVR-informasjon
til slike formål som det her gjelder, vil kunne skade fremtidige undersøkelser.
Kommisjonen kan således ikke imøtekomme politikammerets anmodning. » |
Departementet har ikkje fått noka
klage på avgjerda i saka. I samsvar med det som er sagt ovanfor om HSL si
verksemd, vil eg difor ikkje gripe inn i den konkrete saka.
Presidenten: Presidenten aksepterte,
slik statsråden oppmoda om i innleiinga til svaret, at det vart gitt litt
meir taletid fordi dette er ei veldig spesiell sak.
Lars Sponheim (V):
Eg takkar for
svaret. Det var i og for seg greitt nok - statsråden vil ikkje gripe inn.
Eg skal få sitere frå eit rundskriv
frå riksadvokaten av 30. april 1992 om nettopp forholdet mellom politi og
flyhavarikommisjonen, om « Etterforsking av luftfartsulykker og hendelser ». Eg
siterer:
Dersom Havarikommisjonen
for sivil luftfart i medhold av luftfartsloven § 165 annet ledd ønsker å ta hånd
om de samme gjenstander, og de to undersøkende myndigheter ikke kommer til enighet,
oppstår et kompetanse- og harmoniseringsspørsmål. Det er ikke tvilsomt at straffeprosessloven
beslagsregler går foran luftfartsloven § 165 annet ledd. Bestemmelsene i luftfartsloven
er gitt for å gi kommisjonen hjemmel til å kreve vraket eller vrakdeler utlevert
fra blant annet eiere. Det fremgår direkte av forarbeidene at politiet og påtalemyndighetenes
etterforskning ikke berøres av bestemmelsene.
Slik eg oppfattar dette rundskrivet,
seier forskriftene om offentlege undersøkingar av luftfartsulykker og
luftfartshendingar at politiet skal ha tilgang på for eksempel ein slik
taleregistrator. Korleis kan samferdselsministeren grunngi at ein kommisjon
underlagd hans departement faktisk bryt intensjonen med forskriftene, og at
han med sitt svar i dag velsignar dette brotet på forskriftene?
Statsråd Kjell Opseth:
Eg finn grunn
til å understreke at saka ikkje er anka. Difor har eg gjennom mitt svar
gått gjennom det som er den generelle handteringsmåten. Dette er underlagt
internasjonale avtalar som vi har underteikna, slik at spørsmålet om kva for
lover og paragrafar som går utanpå andre, er eit spørsmål som eg tvilar på
at vi vil løyse gjennom eit spørretimespørsmål i Stortinget.
Lars Sponheim (V):
Eg har stor
forståing for at dette representerer eit vanskeleg spørsmål, som krev ei
vanskeleg avbalansering av motstridande omsyn for statsråden.
Eg vel vidare å tru at flygaranes
interesseorganisasjon med sitt store engasjement har ei ueigennyttig
grunngjeving for nettopp dette engasjementet. Mitt engasjement har
grunngjeving i den tryggleiken politiet representerer for at ting ganske
enkelt går rett for seg, og den rett allmenta og pårørande har til innsyn og
informasjon.
Flyulykker har for meg så stor allmenn
interesse at tilhøva ikkje toler innpakking i ein mur av frimureri.
Statsråd Kjell Opseth:
Det kan vere
grunn til å understreke at når Havarikommisjonen sine rapportar er avgjevne,
er dei offentlege, så det er ingenting som blir drege unna offentlegheit når
det gjeld å finne fram til årsaksforhold i samband med ulykker i luftfarten.
Å finne årsaksforhold til ulykker
innan luftfarten er ei komplisert og fagleg særdeles krevjande oppgåve. Det
finst det mange døme på. Det er å underkjenne Havarikommisjonens faglege
dugleik til å finne årsaksforhold å tru at politiet kanskje skulle kunne
gjere det betre. Eg tvilar sterkt på det. Eg er nokså sikker på at
Havarikommisjonen har den faglege integriteten som skal til for å finne
årsakene til flyulykker, dersom det er råd å finne dei. Dessverre er det
ein del ulykker der det ikkje lar seg gjere, trass i den faglege innsats som
blir gjord frå Havarikommisjonen si side.