Stortinget - Møte onsdag den 12. januar 1994

Dato: 12.01.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Ranveig Frøiland (A): Eg skal få stilla følgjande spørsmål til justisministeren:

Seksuelle overgrep mot mindreårige får stor plass i massemedia. For barna det gjeld og deira næraste vert dette ei ytterlegare påkjenning.

Vil justisministeren sjå til at « ver varsam »-haldninga gjennomsyrer informasjon frå politiet si side, og eventuelt vurdera retningsliner av omsyn til dei som blir ramma?

Statsråd Grete Faremo: Generelt er det etter mi meining naudsynt å betre vilkåra for kriminalitetsoffera. Regjeringa vil foreslå sterkare vern og auka støtte til kriminalitetsoffera i ein proposisjon som vil bli lagd fram med det første.

I dei seinare åra har talet på saker som gjeld seksuelle overgrep, og som politiet har hatt til handsaming, auka. Eg er glad for at media har sett søkjelyset på slike saker. Samfunnet har krav på informasjon om kriminelle handlingar. Det gjeld òg straffesaker om seksuelle overgrep mot mindreårige. Slike saker er likevel særs kjenslevare, og dei som har vore utsette for overgrep, kan ofte oppleve media sin omtale av saka som tyngjande og vond.

Eg er difor opptatt av at den informasjonen som politiet gir til pressa i straffesaker, er avbalansert, nøktern og korrekt. Politiet må vere spesielt varsame i sin omtale av saker som gjeld seksuelle overgrep. Det er mellom anna viktig at det ikkje går fram kven som har vore utsett for overgrepet. Politiet og påtalemakta må heile tida vurdere informasjonsbehovet opp mot omsynet til personvern, rettstryggleik og mogelege skadeverknader.

Vi har i dag reglar i påtaleinstruksen som pålegg politiet og påtalemakta teieplikt om opplysningar som dei får i straffesaker om personlege forhold. Seksuelle overgrep mot mindreårige gjeld i høgste grad slike personlege forhold.

Fordi tiltalevedtaket i saker som gjeld seksuelle overgrep, som oftast inneheld kjenslevare opplysningar, er politiet og påtalemakta varsame med å gi pressa kopi av tiltalevedtaket.

Justisdepartementet og Riksadvokaten har i to rundskriv frå 1981 gitt nærare retningsliner for korleis politiet og påtalemakta skal opptre overfor pressa i straffesaker. Norsk Presseforbunds « Vær varsom »-plakat er tatt inn som eit vedlegg til retningslinene.

Det blir minna om desse retningslinene ved ulike høve. Eg nemner òg at Politihøgskolen til våren vil halde eit seminar om tilhøvet mellom politiet og media. Her vil også « ver varsam »-haldningar i særleg kjenslevare saker bli tatt opp. Saka vil òg bli sett på dagsordenen på politisjefmøtet til våren.

Det er viktig å ha eit ope og positivt samarbeid med media. Vi må difor sikre ein god balansegang, der også den som blir offer for overgrep, får det vernet som han eller ho har krav på og behov for.

Ranveig Frøiland (A): Eg skal få takka for dette positive svaret, og eg er glad for at justisministeren vil gjera framlegg om sterkare vern for kriminalitetsoffera.

Når det gjeld media si rolle ved seksuelle overgrep hos barn, har det vore veldig ymse. Eg er sjølvsagt samd i at det er viktig at media omtalar desse sakene, for dei skal ha offentleg interesse, men slike ting skjer ofte i små lokalsamfunn der det ikkje skal så veldig mykje til for å veta kven som er kven. Og å få lesa alle detaljar om slike overgrep i avisene er ei ytterlegare påkjenning. Derfor synest eg det er flott at ein heile tida er oppteken av dette med å vera varsam i forhold til kva som skal ut i media, og eg håpar berre at dette blir følgt opp. Det ser det ut til at det skal bli frå justisministeren si side. Men det er nødvendig stadig vekk å påpeika dette, for - som sagt - i små lokalsamfunn er det ei svært stor belastning for dei det gjeld og deira pårørande.

Statsråd Grete Faremo: Dette tror jeg er et område som opptar mange, og den formen og det innholdet politiets informasjon har, er viktig, men det er også viktig hvordan media selv omtaler disse sakene. Og når det gjelder medias dekning av ulike saker, er jeg som nevnt glad for at pressen har satt søkelyset på denne kriminalitetsformen. Samtidig er det like viktig at pressen også følger sin egen vær varsom-plakat og ikke glemmer det omsynet som den som har vært utsatt for en slik kriminell handling, trenger, og som jo også risikerer å få sitt privatliv utlevert for offentligheten. Dette er også en form for overgrep som offeret og familien og miljøet ikke skal utsettes for.

Jeg kan nevne at riksadvokaten har vendt seg til Justisdepartementet med forslag om å sette ned et representativt utvalg med medlemmer fra de sentrale presseorganisasjoner for å vurdere medias omtale av saker som står for retten, og forslaget blir nå vurdert i departementet.