Stortinget - Møte onsdag den 2. mars 1994

Dato: 02.03.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil få retta følgjande spørsmål til justisministeren:

Det er kjent at forsikringstakarar ikkje har tilgjenge til opplysningar om seg sjølv dersom desse er manuelt lagra i forsikringsselskapa.

Vil statsråden fremja forslag om endring av lov om personregister slik at dette blir mogleg?

Statsråd Grete Faremo: Personregisterlova gjev ein avgrensa rett til innsyn i private personregister, men berre dersom opplysningane vert lagra eller handsama ved hjelp av edb.

Men personregisterlova § 7 fjerde ledd opnar for at Kongen ved forskrift kan fastsetje at innsynsrett òg skal gjelde i høve til private sine manuelle personregister.

Det er ikkje fastsett særskilde innsynsreglar for forsikringsselskapa sine personregister, og eg kjenner heller ikkje til at spørsmålet tidlegare har vore vurdert. Men eg er gjord kjent med at mange forsikringssøkjarar og forsikringstakarar føler det som eit problem at dei ikkje får tilgjenge til opplysningar om seg sjølve som forsikringsselskapa sit inne med. For tida arbeider Justisdepartementet med ein generell revisjon av forskrifta til personregisterlova. Justisdepartementet vil i samband med det arbeidet vurdere tilhøvet til forsikringsselskapa sine personregister, her òg spørsmålet om innsynsrett.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar for svaret, men eg er av den litt utålmodige typen, og eg veit at praksis har synt at moglegheitene som finst for å « gøyma » følsame opplysningar i manuelle delar av register, vert nytta. Dette kan igjen gjera det mogleg for registereigaren å samla inn fakta og gi karakteristikkar som den registrerte ikkje er kjend med og av den grunn ikkje har moglegheiter for å korrigera. Det kan vera til skade for den registrerte ikkje å ha kjennskap til dei opplysningane som finst om vedkomande, og opplysningane kan vera gale. Dette gjeld ikkje berre for forsikringsselskap, men for alle manuelle register, altså gjeld dette, som det òg vert sagt i svaret, når det er manuelt og ikkje når det er elektronisk lagra. Samtidig veit me at me har innsynsrett i journalane våre når me måtte trenga det på sjukehus. Dette verkar ikkje logisk. Eg er kjend med at Datatilsynet har sendt brev til Justisdepartementet for halvanna år sidan om dette, og eg lurer på når denne lovendringa vil kunna skje.

Statsråd Grete Faremo: Vi snakker her om private selskaper. Når det gjelder offentlige institusjoner, har vi et langt mer presist regelverk både i forvaltningsloven og i offentlighetsloven. Men fra vår side vil vi, som sagt, gå gjennom disse spørsmålene i forbindelse med gjennomgangen av forskriftsverket. Noe tid vil det måtte ta, men vi skal love å følge det opp så fort som mulig.

Unn Aarrestad (Sp): Det er sant som det vart sagt her, at me har eit offentleg, presist regelverk. Me har det. Men nettopp fordi dette er privat, er det veldig viktig at vi òg har innsynsrett, slik at det ikkje skal skje uhell, og at ein kan få høve til å retta på opplysningar som ikkje er korrekte. Ein har høyrt om fleire eksempel på dette. Derfor tykkjer eg at det er viktig å få fortgang på dette. Eg har ikkje ytterlegare spørsmål; eg håpar berre på snarleg gjerning i denne saka.