Stortinget - Møte onsdag den 2. mars 1994

Dato: 02.03.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil få lov til å stilla følgjande spørsmål til administrasjonsministeren:

Statsadministrasjonen vert ofte oppfatta som svært sektordelt. Dette kan ha som effekt at gode tiltak og prosjekt vert avviste, eller at dei ikkje får noka handsaming, fordi dei ikkje naturleg høyrer inn under ein sektor/eit departement. Statsråden tok tidlegare i år til orde for sterkare brukarorientering i forvaltninga og for betre samarbeid på tvers av fagsektorar.

Vil statsråden ta initiativ til å betre det tverrsektorielle arbeidet i staten, og vil brukargrupper verta høyrde i ein slik prosess?

Statsråd Nils Olav Totland: Representanten Ausdal Starrfelt peiker på ei av dei største interne utfordringane det nasjonale styringsverket står overfor. Statsforvaltninga er prega av stor breidd i oppgåver. Dei offentlege tiltaka og tilboda som den einskilde brukar møter på ulike felt, er ofte resultat av avgjersler i fleire instansar på ymse nivå. I einskilde døme kan oppdeling og spesialisering føre til at ansvar vert viska ut, og at naudsynt samordning vert vanskeleggjord. Sviktar samordninga, kan faglege og administrative skilje hindre riktig bruk av ressursane og gjere god politisk styring vanskeleg. Av den grunn legg Regjeringa stor vekt på å få til betre samarbeid og samspel på tvers av etats- og sektorgrensene i staten.

I den forvaltningspolitiske utgreiinga til Stortinget tidlegare i år synte eg til fleire tiltak som allereie er sette i verk for å få til betre samordning i høve til brukarane. Dette gjeld særleg forsøksverksemda med offentlege servicekontor, arbeidet med å betre samordninga av den regionale statsforvaltninga og ikkje minst fleire tiltak til føremon for næringsdrivande, mellom anna når det gjeld enklare innrapportering og informasjonsutveksling og samordning av tilsynsverksemda.

Administrasjonsdepartementet og kommunal- og arbeidsdepartementet vil om kort tid leggje fram retningsliner for samordning av statlege etatar si tilsynsverksemd. I arbeidet med desse retningslinene er det lagt stor vekt på samråding med brukargrupper.

I den nemnde forvaltningspolitiske utgreiinga sa eg at det vil bli sett i verk eit samordna program for brukarretting av forvaltninga. Dette programmet er no under førebuing i Administrasjonsdepartementet. Programmet vil bli utvikla i samråd med dei andre departementa, og det vil bli presentert seinare i 1994. I arbeidet med dette programmet vil det mellom anna bli lagt vekt på å få fram nye tiltak som gir betre merksemd til behova til brukarar som har kontakt med fleire etatar.

I denne prosessen vil vi på ymse vis hente inn kunnskap, signal og innspel om kva behov brukarane har i høve til forvaltninga.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar for svaret.

Eg tykkjer det er veldig positivt at statsråden har teke initiativ i denne samanhengen. Eg har sjølv - frå fleire nivå, både som tilsett i helse- og sosialsektoren og som politikar - erfaring for at det er eller kan vera vanskeleg å jobba på tvers av sektorar.

Problema er mange gonger samansette, og det gjeld både når saker fell mellom stolar - eller departement, om vi skal halda oss til staten - og når saker går på tvers av departement. Det siste er ofte eit vel så stort problem som det fyrste.

For dei som står utanfor, er det mange gonger vanskeleg å finna fram, og dei opplever å verta avviste eller sende frå den eine til den andre for kanskje å enda med uforretta sak. Eg har sett det i mange samanhengar og kunne brukt ein del tid på eksempel. Det skal eg ikkje gjera, men eg tenkjer ikkje minst på tiltak og prosjekt på kommunalt/fylkeskommunalt nivå som det er snakk om statlege midlar til. Vil nokre av desse tiltaka som statsråden no har nemnt, kunna fanga opp dette slik at saker ikkje vert avviste fordi dei formelt ikkje høyrer heime eller ikkje finn sin plass i systemet?

Statsråd Nils Olav Totland: Eg trur eg innleiingsvis vil seie at eg deler representanten sine refleksjonar knytte til både erfaring og konkrete eksempel elles.

Eg kan berre stadfeste at det ikkje er så enkelt. Administrasjonsdepartementet prøver å ta hand om mange saker, og det er ofte vanskeleg å finne rett adressat. Vi driv ei omfattande rettleiing både overfor enkeltpersonar, næringsliv og andre instansar, slik at ein kan kome på eit betre spor med sakene og ting ikkje forsvinn, for å seie det på den måten.

Departementet arbeider òg fortløpande med å avdekkje systemfeil, for å førebu tiltak som kan få det sentrale styringsverket til å stå fram meir heilskapleg for dei ulike brukarane.

Så er det òg slik at samfunnet endrar seg, og det vil alltid kunne oppstå gråsoner mellom offentleg verksemd og det offentlege sine ansvarsområde.

Det er òg slik at det ikkje går an å organisere seg vekk frå plikta til å samarbeide. Difor står arbeidet med å skape betre kontakt veldig sentralt i departementet.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar igjen for svaret.

Eg er oppteken av at det skal kunna vera nokon å gå til når ein ikkje finn fram. Det har ein no fått til i ein del kommunar og fylke med informasjonskontor. Er det tenkjeleg at ein kan få til noko liknande i statsforvaltninga - ikkje på regionalt nivå, men på sentralt nivå - så ikkje folk risikerer å verta sitjande igjen med uforretta sak? Ein kunne kanskje kalla det eit « ankedepartement ». Eller det kunne vera eit departement som kunne gi råd om korleis ein skulle koma vidare, slik at ein slepp å ta initiativ i kvar enkelt sak for å få til eit tverrdepartementalt arbeid.