Stortinget - Møte onsdag den 1. juni 1994

Dato: 01.06.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Terje Sandkjær (Sp): Jeg har stilt følgende spørsmål til samferdselsministeren:

Gardermoen-utbyggingen innebærer at et stort antall boliger må innløses og fraflyttes. Erstatningenes størrelse og den sterke prisøkningen i boligmarkedet fører til urimelige økonomiske belastninger for de som må flytte fra området.

Vil statsråden ta initiativ til at huseierne ut fra en rimelighetsbetraktning kan få en kompensasjon som står i forhold til de økonomiske og sosiale ulempene de blir påført?

Statsråd Kjell Opseth: I Stortinget sitt vedtak om bygging av hovudflyplass på Gardermoen er det føresett at dei som må avstå frå eigedomen sin, skal ha fullt vederlag etter gjeldande rettsreglar og rettspraksis, dvs. i samsvar med Grunnlova sin føresetnad om fullt vederlag. Reglane i Grunnlova er utfylte gjennom ekspropriasjonserstatningslova og praksis frå Høgsterett. Etter norsk ekspropriasjonsrett blir det berre gitt vederlag for økonomiske forhold.

På dette grunnlaget tilbyr Luftfartsverket i forhandlingane ei erstatning som skal setje eigaren i stand til å dekkje kostnadene for kjøp av likeverdig bustad. Mellom anna tilbyr Luftfartsverket ny bustad innanfor sitt eige område for erstatningsbustader. Uttrykket likeverdig bustad treng ikkje vere det same som ein identisk bustad.

Luftfartsverket tilbyr erstatningsbustader på Jessheim til prisar som er identiske med dei som blir lagde til grunn for forhandlingane. Prisutviklinga har på det grunnlaget ikkje gjort seg gjeldande for nybygg innanfor dei vederlagsordningane Luftfartsverket tilbyr.

Det er inngått avtale med i alt 167 av dei 188 huseigarane det til no er forhandla med. Alle huseigarane har tilbod om juridisk hjelp under desse forhandlingane. Kostnadene blir dekte av Luftfartsverket.

Av dei 120 som har flytta ut av bustadene sine, er det berre tre som har nytta tilbodet frå Luftfartsverket om ny bustad innanfor Luftfartsverket sitt erstatningsbustadområde.

Luftfartsverket har i ein rapport frå april i år fått gjennomført ei vurdering av marknaden for brukte bustader i Gardermoen-området. Den syner at prisane for brukte bustader i området framleis ligg vesentleg under prisnivået for nye bustader.

Terje Sandkjær (Sp): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg synes kanskje ikke det brakte noe særlig nytt inn i saken.

For meg står det som et problem at ettersom tiden nå går, viser det seg at stadig flere av disse sakene går til rettslig skjønn. Det er neppe grunn til å betvile at lover og regler blir fulgt, men egentlig er det bare en del av det som saken dreier seg om. Når man snakker om at man oppnår enighet i forhandlinger, men stadig i minkende grad, så la oss huske på valgsituasjonen som huseierne står overfor. Det er ikke slik at man forhandler om man skal gå fra huset eller ikke. Stortinget har bestemt at boligene skal innløses, og så har man to valg - enten å sluttføre forhandlingene ved selv å være med, eller overlate det til rettsvesenet. Denne sterke frustrasjonen står blant annet om rettferdighet, og jeg vil minne om at saken kan løses ved en tilleggserstatning i størrelsesordenen 100000-200000kr.

La meg få stille følgende spørsmål: Hvordan vurderer egentlig statsråden grunneiernes frustrasjon?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil gjerne få lov å seie at når det er inngått frivillige avtalar med 167 av 188 huseigarar som det er forhandla med, kan ein ikkje seie at det er særleg mange saker som går til skjønn og rettsleg avgjerd.

Så til spørsmålet om eg skjønar frustrasjonen hos dei som bur på Gardermoen og må flytte. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at det medfører belastningar å flytte frå ein bustad som ein har budd i kanskje i heile sitt liv. Men det er ikkje slik at det er ein annan rettspraksis som skal følgjast om det er 200-220 bustader som skal eksproprierast enn om det er ein eller to. Vi må bruke same rettspraksis for alle, eller så må Stortinget forandre dei lover og reglar som gjeld på dette området, og det har eg ikkje sett nokon som har tatt initiativ til til dags dato.

Terje Sandkjær (Sp): Jeg vil minne statsråden om at det vi snakker om, er en rimelighetsbetraktning.

Når det gjelder antallet saker som man er blitt enige om, var mitt poeng utviklingen som skjer i dette tilfelle. Spørsmålet var oppe i spørretimen i februar i år, og da var tilfellet at man hadde oppnådd enighet i 121 av 127 saker. I dag er det oppnådd enighet i 167 av 188 saker. Stadig flere går til rettsvesenet, og dette er et sterkt indisium på den frustrasjonen som er til stede.

Ullensaker kommune har fått utarbeidet en undersøkelse av Diakonhjemmets høgskolesenter som konkluderer med at beboerne føler seg sviktet. Hovedproblemet er at folk som er gjeldfrie og ønsker et rolig liv, nå må sette seg i gjeld igjen, og det var ikke dette de hadde sett fram til. Rapporten avdekker stor og begrunnet uro og frustrasjon, og la meg til slutt spørre: Hvilken vekt vil statsråden tillegge en slik uavhengig gransking?

Statsråd Kjell Opseth: Eg har ingen vanskar med å erkjenne at det er uro. Men det betrar ikkje forholda at ein stadig får spørsmål i Stortinget om å gje erstatningar som det ikkje er lovheimel for. Det byggjer opp under denne uroa og skapar forventningar om noko som det ikkje er lovheimel for. Og til dags dato er det ingen som har fremma forslag om å endre gjeldande rettspraksis på dette området.

Vi legg sjølvsagt vekt på dei undersøkingar som kjem, anten det no er frå den eine eller den andre parten.

Utsegna som kjem om at eldre menneske må ta opp gjeld for å etablere seg i ny bustad, har vi tenkt å ta affære med. Vi vil gjennomføre ei undersøking om korleis dei eldre som har fått erstatning og flytta inn i ny bustad, kjem ut av dette økonomisk, for å sjå om det er noko i påstanden som alle av oss stadig vekk høyrer, at dei må ta opp nye lån for å kome inn i ein ny bustad.