Stortinget - Møte onsdag den 22. mars 1995

Dato: 22.03.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Erling Folkvord (RV): Eg må først få seie meg lei for at eg ikkje eingong klarte å følgje med på timeplanen slik at eg var her til riktig tid. Men så skal eg stille spørsmålet til samferdselsministeren:

Postverket sprer en brosjyre fra Folkebevegelsen mot innvandring. Postbud som nekter å dele ut brosjyren, kan få rullebladsnotering for ordrenekt. Brosjyren er uadressert post som Postverket distribuerer i konkurranse med private firmaer, og kommer ikke inn under den typen post Postverket ifølge lov har monopol på.

Skal det statseide Postverket på rein kommersiell basis spre materiale der legal innvandring blir likestilt med militær okkupasjon?

Statsråd Kjell Opseth: Sjølv om eg kan ha forståing for at ein del reagerer på å omdele post med rasistisk innhald, kan det ikkje vere opp til det enkelte postbod å avgjere dette.

Postverket si rolle i samband med distribusjon av post som kan ha rasistisk innhald, har vore vurdert tidlegare. Lovavdelinga i Justisdepartementet uttala i 1990 at Postverket ikkje utan heimel i lov har mynde til å nekte å omdele slike sendingar. Dette gjeld òg for sendingar som ikkje går inn under eineretten til Postverket. Postverket kan melde forholdet når allmenne omsyn ligg føre. Det blir då opp til retten, eventuelt påtalemakta, å avgjere om sendingane skal haldast attende og beslagleggjast etter straffeprosesslova.

Jorunn Ringstad: hadde her teke over presidentplassen.

Erling Folkvord (RV): Eg takkar for svaret, og håper vi kan kome litt lenger enn det, for dette handlar om ein veldig viktig haldningskamp. Blant anna er Folkebevegelsen mot innvandring i den situasjon at dei har dyktige juristar som hjelper dei med å formulere presist eller passe upresist rasistisk hets, slik at det ikkje skal kunne rammast av straffelovens føresegner. Men den rasistiske bodskapen er like klar og like eintydig. Da står vi overfor dette problemet: Skal også ei statseigd bedrift verkeleg vere forplikta til å spreie den slags, sjølv om denne rasistorganisasjonen har juristar som omgår loven? Ser statsråden eit behov for å prøve å endre på den rettstilstanden som han skildra?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil gjerne gjenta at eg har stor forståing for dei postboda som ikkje synest om det å omdele den slags materiale, men derifrå til å gjere endringar i postlova som skulle føre til at Postverket skulle sortere ut kva som er rasistisk og ikkje-rasistisk, trur eg ville bli eit alvorleg problem både for representanten Folkvord, meg sjølv og Postverket. Kva blir då kravet frå den neste som vil ha forbod mot andre sendingar som Posten vil vere pålagt å omdele?

Erling Folkvord (RV): Eg ser også det problemet som statsråden nemnde, og eg trur for så vidt at for dei postboda det gjeld, vil det vere ei viss moralsk støtte i det at statsråden har forståing for motviljen deira mot å spreie « lovleg » rasistisk materiale. Men eg skulle ønskje at statsråden blei med på å jobbe for å finne korleis vi skal gå fram for iallfall å prøve å avgrense spreiinga av det som er « lovleg » rasisme, til det som desse rasistorganisasjonane måtte vere i stand til å spreie sjølve. Når det ikkje handlar om adressert post, synest eg det er urimeleg at eit statseigd postverk skal føle seg juridisk forplikta til å spreie den slags, og det ville vore utmerkt om statsråden ser det som eit uløyst etisk problem som vi må jobbe saman om å løyse.

Statsråd Kjell Opseth: Eg føler meg nokså viss på at det er retten som i siste instans må avgjere om ei sending er over grensa for det som er lovleg å omdele i Noreg, anten det skjer av Postverket eller av andre. Det kan hende ein bør vurdere om Postverket i større grad bør nytte seg av det høvet det har til å melde forholdet til påtalemakta og få den til å vurdere om dette er rasistisk eller ikkje. Men det er den einaste moglege farbare vegen eg ser i augneblinken.

Presidenten: Vi går då vidare til spørsmål 11.