Erling Folkvord (RV):
Etter at
dagsordenen for møtet i EØS-komiteen i Brussel no til fredag er endra, kan
det vel òg godt tenkjast at det er samferdselsministeren som er nærmaste
rette vedkomande til å svare. Spørsmålet er følgjande:
28. april 1995 kan rådsresolusjon om
liberalisering av telekommunikasjonsinfrastrukturen komme opp i
EØS-komiteens møte i Brussel. Samferdselsministeren sa før jul at han ville
ta opp saken i vårsesjonen i Stortinget, og at han ventet at « Stortinget då
vil drøfte kva som skal vere norsk politikk på dette området framover ».
Betyr dette at Regjeringa vil gå mot
rådsresolusjonen 28. april 1995 siden saken ikke er drøftet i
Stortinget?
Statsråd Kjell Opseth:
På grunn av
manglande omsetjing til ulike språk er rådsresolusjonen om prinsippa og
tidsplanen for deregulering av telekommunikasjonsinfrastruktur teken av
dagsordenen til EØS-komiteen sitt møte den 28. april. Handelsministeren vil
orientere Stortinget sitt konsultasjonsorgan for EØS-saker om resolusjonen
før han blir teken opp til avgjerd i EØS-komiteen.
Regjeringa fremja 7. april d.å
Ot.prp.nr.36 (1994-1995), Lov om telekommunikasjon. I lovframlegget drøftar
ein behovet for ei vidare utvikling av telepolitikken, m.a. på bakgrunn av
nemnde resolusjon. I proposisjonen er det likevel ikkje gjort framlegg om
nokon endringar i grensa mellom einerett og konkurranse. Det går vidare
fram av proposisjonen at Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med
turvande forslag når det blir aktuelt å gjennomføre endringar i gjeldande
politikk.
Erling Folkvord (RV):
Raud Valallianse
har det siste året fleire gonger her i Stortinget tatt opp korleis
Regjeringa har brukt og bruker EØS/EU sine vedtak og reglar til å presse
fram ei endring av Televerket som ikkje er vedtatt i Stortinget, og som
Arbeidarpartiets talsmenn seier at dei eigentleg ikkje er for. Thorbjørn
Jagland sa t.d. på Arbeidarpartiet sitt landsmøte:
Hvis
vi ikke hadde gjort noe med Televerket hadde vi fått en privatisering.
Alle veit at det er brei mobilisering
i fagrørsla for at Telenor framleis skal vere ei samfunnsbedrift, og den
skal skilje seg frå å vere ei profittbedrift ved det at ein tar
samfunnsmessige omsyn. Eg vil da spørje: Korleis kan samferdselsministeren
la direktør Hermansen i Telenor ture fram med same handlemåte som vi ventar
av den verste privatkapitalist, samtidig som statsråden på ulike måtar gir
eit skin av at det er Stortinget som skal avgjere telepolitikken og grensa
mellom det som er konkurranseutsett og det som er monopol i framtida?
Statsråd Kjell Opseth:
Eg vil på det
mest bestemte tilbakevise påstanden om at ein gjennom EU og EØS-avtalen
pressar fram endringar i norsk telepolitikk som Stortinget ikkje har
vedteke. Det er ei heller slik at Telenor ikkje er og skal vere ei sterk
telebedrift i dette landet. Det er nettopp det som er bakgrunnen for dei
tiltaka som etter vedtak her i huset er i ferd med å bli gjennomførte, og
det at direktør Hermansen er oppteken av å gjere Telenor til ei sterk
telebedrift med sikre arbeidsplassar, skjer innafor dei rammer som
Stortinget har vedteke.
Erling Folkvord (RV):
Det som nå blir
freista gjennomført under Tormod Hermansen si leiing og sikkert med fullmakt
frå statsråden, er å etablere Telenor som ei sterk, profittstyrt
telebedrift, ikkje berre i Noreg, men også i Sverige. Telenor driv i dag
ein aggressiv kamp for å erobre marknadsdelar i den liberaliserte
telemarknaden i Sverige og driv ein aggressiv oppkjøpspolitikk i Noreg.
Databedrifta Comma vart kjøpt opp like før påske for 182 mill. kr. Eg må
seie at dersom det ikkje er slik at det er rein profittstyring som nå blir
innført, korleis kan det da ha seg at Telenor kan bla opp 182 mill. kr til
eit slikt kjøp nærmast over natta, medan ei anna samferdselsbedrift, NSB,
ikkje har nok midlar til f.eks. å vere i stand til å kjøpe inn nødvendig
moderne vognmateriell?
Statsråd Kjell Opseth:
Det er med ei
viss undring eg registrerer at representanten Folkvord seier at det å tene
pengar er det same som å gjere noko gale. Det er faktisk det at Telenor har
eit godt økonomisk fundament som gjer at dei no er i stand til å byggje seg
opp som ei sterk nasjonal, statleg eigd tele- og databedrift, og det trudde
eg faktisk også var i RV og representanten Folkvord si interesse, for det er
jo det som sikrar arbeidsplassane innafor Telenor, og framfor alt er det det
som sikrar at alle i dette landet får basistenestene innafor Telenor til
like vilkår. Eg har litt vanskar med å skjøne at det kan liggje noko
motsetnadsforhold i det at Telenor tener pengar for sjølv å legge til rette
for dei tenestene som m.a. Stortinget ber Telenor ta seg av.
Presidenten: Vi går så tilbake til
spørsmål 9.