Stortinget - Møte onsdag den 24. april 1996

Dato: 24.04.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Laila Kaland (A): Eg har stilt følgjande spørsmål til fiskeriministeren som no blir svara på av landbruksministeren:

Då Stortinget handsama strukturmeldinga for fiskeria 7. desember 1992, bad ein samla sjøfarts- og fiskerikomite om at det blei nedsett eit samansett utval for å vurdere fritidsfiskarane sine framtidige rettar på sjøen.

Kan statsråden gjere greie for korleis denne saka står i dag?

Statsråd Gunhild Øyangen: Fiskeridepartementet sette den 1. juni 1993 ned eit utval for å greie ut spørsmål om regulering av fritidsfiske i sjøen, det såkalla Fritidsfiskeutvalet. Bakgrunnen er det auka omfanget som fritidsfisket har fått, tidvis drive som eit skjult næringsfiske.

Innstillinga frå utvalet vart lagd fram i oktober 1994, og Fiskeridepartementet sende den ut på høyring med høyringsfrist 15. mars 1995.

I innstillinga foreslår utvalet at hovudreguleringsforma i fritidsfisket skal vere regulering av reiskapsbruken.

Utvalet foreslår vidare at fangst som ikkje går med til eige konsum, skal kunne omsetjast gjennom salslag. Utvalet seier òg at det for visse artar eller fiskeri bør kunne gjelde føresegner om reiskapsavgrensing som er strengare enn det generelle forslaget, dette ut frå ressursomsyn, orden på feltet e.l.

Fleirtalet av høyringsinstansane har i hovudsak slutta seg til forslaget frå utvalet.

På bakgrunn av forslaget frå utvalet og utsegnene frå høyringsinstansane tek Regjeringa sikte på å fremje ein odelstingsproposisjon om endring av saltvassfiskelova i løpet av våren 1996.

Dette er Stortinget gjort kjent med.

Laila Kaland (A): Eg er glad for det statsråden sa, at denne saka blir behandla i vårsesjonen, for den er blitt møtt med stor interesse frå ein del folk langs kysten vår.

Vi veit at i fleire århundre har folk langs vår lange kyst hatt fiske som livsgrunnlag og som ei avgrensa attåtinntekt. Det å bruke båt og hauste av havet gjev også trivsel og avstressing. Fritidsfiskarane har til liks med andre godteke reguleringa i fisket, og vil på ingen måte konkurrere med dei som driv fiske som einaste næringsgrunnlag.

Eg vil be landbruksministeren ta med seg følgjande synspunkt til fiskeriministeren: No når ressursane er gode - av bestandane på torsk, hyse og sild - må avgrensingane nord for 62. breiddegrad opphevast fram til eit politisk vedtak blir gjort i Stortinget i høve til fritidsfiskarane.

Etter mitt syn er det ikkje fritidsfiskarane som øydelegg ressursane i havet. I saltvassfiskelova er det lovheimel for reiskapsavgrensing i visse delar av året og landet, men allmennretten til å fiske må vi ikkje øydeleggje.

Statsråd Gunhild Øyangen: Jeg vil ta med meg de synspunkter som representanten Kaland her tar opp, tilbake til fiskeriministeren.