Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato: 08.05.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 24

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil få stilla fylgjande spørsmål:

Ifylgje media er Rogaland Fiskesalgslag heilt avhengig av føringstilskot for å halda fleire av dei små fiskemottaka opne.

Kva vil fiskeriministeren gjera for å hindra stenging av desse slik at fisken kan bli transportert til større foredlingsanlegg?

Statsråd Jan Henry T Olsen: I samsvar med Stortinget sitt vedtak av 18. desember 1995, jf. B.innst.S.nr.8 Tl.02 (1995-1996), blei det for 1996 løyvt 70 mill. kr til støttetiltak for fiskerinæringa.

Fiskeridepartementet fastsette fordelinga av støttemidlane i brev av 19. januar d.å. I brevet går det fram at Fiskeridepartementet har sett av 35 mill. kr til garantilott, 3 mill. kr til lineegnesentralar, 8 mill. kr til selfangst, 17 mill. kr til føringstilskot m.v. og 7 mill. kr til reserve. Av føringsmidlane er 3 mill. kr sette av til krabbe og kystbrisling. Vidare har Norges Råfisklag fått innvilga inntil 8 mill. kr og Norges Sildesalslag inntil 2 mill. kr i føringstilskot. Då føringstilskotet vil måtte avgrensast til dei tilfelle der det oppstår alvorlege mottaksproblem, fann ein det i utgangspunktet føremålstenleg berre å setje av midlar til dei to salslaga som opererer i Nord-Noreg, då det tradisjonelt er i desse områda det oppstår mottaksproblem i samband med sesongfiskeria.

I tillegg sette departementet av 4 mill. kr i reserve på føringsmidlane, som er tenkt brukt i spesielle situasjonar der det kan dokumenterast mottaksproblem. Av desse midlane er 1 mill. kr tildelt Vest-Norges Fiskesalslag som føringstilskot i 1996. Dersom det oppstår mottaksproblem i andre distrikt, har dei andre salslaga fullt høve til å søkje om midlar til føring frå denne avsetjinga.

Rogaland Fiskesalgslag ber i søknad av 27. mars i år departementet om å få innvilga 1,9 mill. kr til føringstilskot for 1996. Laget hadde eit forbruk på i overkant av 1,2 mill. kr i 1995. Hovuddelen av fjorårets tilskot - i underkant av 1 mill. kr - blei nytta til ei ordning med føring frå mottaksstasjonar til større tilverkingsanlegg, slik representanten Unn Aarrestad også etterlyser her.

Denne søknaden ligg for tida til behandling i departementet. På bakgrunn av dei knappe midlane vi har tilgjengelege til fiskeristøtte på budsjettet for inneverande år, har departementet førebels ikkje funne å kunne ta endeleg stilling til salslaget sin søknad - dette bl.a. sett i lys av dei alvorlege mottaksproblema som har oppstått i Finnmark, og som representanten Nymo nettopp var inne på i førre spørsmål.

Regjeringa vil leggje opp til konkrete løyvingsforslag til verkemiddel for næringa knytte til problema i Finnmark i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett. Departementet vil vente med å behandle søknaden frå Rogaland Fiskesalgslag til etter dette.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar for svaret, men bakgrunnen for spørsmålet mitt er vanskane som Rogaland Fiskesalgslag nå har med å få føringstilskot og med å få avsetjing av fangstar frå mindre farty - og Rogaland er òg ein del av Noreg!

Me er kjende me at føringstilskota òg gjer det lettare å fordela råstoffet mellom fiskeindustribedrifter og mellom regionar, og dette medverkar igjen til utjamning av sesongsvingingane og stabilisering av sysselsetjinga. Dette tykkjer me er viktig.

Rogaland Fiskesalgslag er heilt avhengig av føringstilskott for å halda dei små fiskemottaka i drift. Alternativet er nedlegging.

Kva er det som gjer at Rogaland stiller heilt utanfor ordninga i år? Har departementet tenkt å avvikla denne ordninga, som verker så stabiliserande på sysselsetjinga innan fiskerinæringa?

Statsråd Jan Henry T Olsen: Først til det siste spørsmålet frå representanten Unn Aarrestad, om departementet har planar om å avvikle denne typen ordning. Det har departementet ikkje planar om. Tvert imot, vi har funne det nødvendig, bl.a. i lys av situasjonen i nord, å kome med påfylling av slike midlar for 1996. Og vi er nøydde til å vente med å behandle den konkrete søknaden som Aarrestad omtalar, til så har skjedd.

Føringsmidlar skal elles, når dei blir nytta, brukast til å hjelpe fiskarane sine avsetjingsproblem, ikkje til å fordele ekstra råstoff til enkeltbedrifter. Det ville i så fall vore i strid med EØS-avtalen. Nettopp derfor er det viktig å halde fast på at det er fiskarane sin avtalesituasjon som skal avhjelpast.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar igjen for svaret.

Fiskerinæringa har dei seinare åra hatt ei positiv utvikling i tråd med auken i kvotane for dei viktigaste fiskeria. I 1995 fekk Rogaland 1,25 mill. kr til føring av fisk. No måtte ein altså senda særskild søknad for å få støtte, noko som førebels har resultert i ingenting og at saka berre vart lagd vekk i ein skuff.

Eg er kjend med at fiskeristøtta for 1996 kom på 70 millionar, altså ein veldig sterk nedgang frå tidlegare år. I Senterpartiet hadde me forslag om å auka den totale ramma til 115 millionar. Vi fekk ikkje fleirtal for forslaget, men det igjen ville gjort det mykje lettare å gi føringsmidlar til dei som treng det langs kysten, for på den måten å halda oppe arbeidsplassane i fiskeria.

Når det no er så klart underbygt at det trengst meir pengar til dette, reknar eg med at statsråden kjem med ekstra midlar til dette i revidert budsjett. Eg håpar at dette kan stadfestast.

Presidenten: Finn ikkje statsråd Jan Henry T Olsen grunn til å kommentere dette spørsmålet?

Statsråd Jan Henry T Olsen: Eg oppfatta ikkje at det låg noko spørsmål i dette, eg oppfatta det som ein kommentar. Men dersom det låg noko spørsmål i det, kan eg iallfall stadfeste at det på fredag i revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram tiltak som går både på omstilling av fiskeindustrien i Finnmark, på flåten generelt og på føringsmidlar.