Børre Rønningen (SV):
Eg vil få stille
fylgjande spørsmål til statsråden:
Den differensierte
arbeidsgiveravgiften granskes nå av EFTAs overvåkningsorgan. Den forrige
Regjeringen uttalte at EØS-avtalen ikke var til hinder for å videreføre
dette politiske virkemiddelet.
Deler den sittende Regjeringen dette
synspunktet, og hva vil Regjeringen eventuelt foreta seg for å sikre at den
differensierte arbeidsgiveravgiften kan videreføres?
Statsråd Kjell Opseth:
Differensiert
arbeidsgjevaravgift er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel som direkte
støttar sysselsetjinga i distrikta. Den generelle og næringsnøytrale
karakteren til ordninga er i tråd med målet i skattereforma om at ein bør
unngå selektive ordningar som diskriminerer mellom bedrifter og næringar.
Vidare er ordninga enkel å administrere.
Regjeringa sitt syn på ordninga med
differensiert arbeidsgjevaravgift, slik det kjem fram i St.prp.nr.100
(1991-1992) om samtykke til ratifikasjon av EØS-avtalen, ligg fast. Den
differensierte arbeidsgjevaravgifta er eit generelt verkemiddel ein må kunne
vidareføre i EØS i den noverande forma. Noreg sitt syn er at ordninga fell
utanom statsstøtteregelverket i EØS-avtalen, og difor ikkje er i strid med
denne.
Regjeringa meiner òg at om ein legg
statsstøttereglane til grunn, må hovudtrekka i ordninga kunne førast vidare.
Reglane for statsstøtte er dei same i EØS som i EU. I St.meld.nr.40
(1993-1994) om medlemskap i Den europeiske union er det skissert ei løysing
basert på statsstøtteregelverket. Her heiter det om den differensierte
arbeidsgjevaravgifta at regelverket
gir
mulighet for å videreføre hovedtrekkene i » ... « ordningen med nedsatt arbeidsgiveravgift
i prioriterte regioner », men at « visse justeringer kan bli nødvendig
Ingen einskilde ordningar vart
forhandla om eller godkjende i EØS-prosessen. Seinare har EFTA sitt
overvakingsorgan, ESA, stilt spørsmål om ordninga med differensiert
arbeidsgjevaravgift må sjåast som statsstøtte, på same måte som
EF-kommisjonen gjorde under forhandlingane om norsk medlemskap i EU. På
spørsmål frå ESA vart det i september i fjor frå norsk side sendt over ein
del faktisk informasjon om ordninga. Vidare har det frå våren 1996, etter
ESA sitt ønske, vore kontakt mellom ESA og Noreg om korleis ESA meiner
statsstøtteregelverket i EØS er å tolke i forhold til den norske ordninga.
Eg viser til omtalen i revidert nasjonalbudsjett 1996. ESA har enno ikkje
avslutta sin gjennomgang og si vurdering av den norske ordninga, og har
heller ikkje gjort noko vedtak i saka.
Regjeringa vil kome tilbake til saka
når ESA nærare har avklart sitt syn på den norske ordninga.
Børre Rønningen (SV):
Eg er glad for
statsråden si understreking av at arbeidsgjevaravgifta er eit viktig
næringsnøytralt distriktspolitisk verkemiddel, det er det vel stor semje om
òg i Stortinget, men det er ikkje det som er problemet. Problemet er at EU
meiner at dette er indirekte generell statsstøtte, og her ligg konflikten.
Eg vil òg streke under at dette er eit
av dei siste av våre distriktspolitiske verkemiddel som står igjen, og som
har monaleg økonomisk verknad for arbeidsplassar i bl.a. Finnmark og
Nord-Troms, og kan bety opptil 28.000 kr pr. arbeidsplass.
Transportstøtteordninga er eitt
alternativ, men den tek då utgangspunkt i at stadbundne bedrifter, som
innafor fiskeriforedling, innafor kraftkrevjande industri osv., ikkje får
støtte.
Eg er som sagt glad for at statsråden
streka under at me skal ta vare på arbeidsgjevaravgifta som eit generelt
differensiert verkemiddel. Men på kva måte vil Regjeringa forfylgje saka
dersom ESA - overvakingsorganet - likevel kjem til eit for Noreg negativt
vedtak?
Statsråd Kjell Opseth:
Lat meg berre
få slå fast ein gong til, slik at det ikkje herskar nokon tvil, at EU og ESA
har ikkje teke endeleg stilling til spørsmålet om den differensierte
arbeidsgjevaravgifta.
På spørsmålet om kva Regjeringa vil
gjere dersom ESA skulle kome til at dette ikkje er eit næringsnøytralt
verkemiddel, vil eg svare at vi må få resultatet før ein byrjar å uttale seg
om kva tiltak ein vil setje i verk.
Børre Rønningen (SV):
Grunnlaget for
spørsmålet mitt er erfaringane med ESA så langt, og at me i
salderingsproposisjonen opplever at Regjeringa legg seg flat nettopp for
vedtak der. Det siste eksemplet er dessverre grunnavgifta på
eingongsemballasje. Her har ESA i ei såkalla grunngitt utsegn kome fram til
at den norske grunnavgifta strid mot EØS-avtalens artikkel. Regjeringa har
i den samanhengen ikkje gjort noko forsøk på å forsvare dette systemet, som
er veldig miljøvenleg, og gjer framlegg i salderingsproposisjonen om å
fjerne det. Dermed forsvinn òg årsaka til at Noreg har eit effektivt og
miljøvenleg ombrukssystem av flasker. Dette er viktig overfor andre land
innafor EU - eg tenkjer då på Finland og Danmark, som har hatt liknande
ordningar som Noreg.
Eg er uroleg med tanke på
arbeidsgjevaravgifta. Viss ESA, som me må rekna med, bestemmer seg for at
denne skal gå ut, vil sikkert Regjeringa ta det til etterretning.
Spørsmålet mitt til slutt er om Noreg då eventuelt vil vurdere vetoadgangen.
Statsråd Kjell Opseth:
Eg kan love
representanten Rønningen at Regjeringa så langt ifrå legg seg flat. Vi
jobbar intenst med det vi meiner er rett å jobbe for.
Så kan eg heller ikkje hindre
representanten Rønningen i å vite betre enn det Regjeringa veit om kva vi
vil gjere etter eit eventuelt vedtak i ESA om at den differensierte
arbeidsgjevaravgifta ikkje er eit næringsnøytralt verkemiddel.