Stortinget - Møte onsdag den 29. januar 1997

Dato: 29.01.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Erling Folkvord (RV): Eg skal få stille eit spørsmål til arbeidsministeren:

Ved innføring av dei nye dagpengereglane vart det stilt krav om garanti for at dei som ikkje hadde fått arbeid etter å ha gått ut dagpengeperioden, skulle få tilbod om sysselsettingstiltak. « Tilbodet » etter 1. januar 1997 er å arbeide for ei godtgjering på vel 4.000 kroner i månaden, utan å tene opp pensjonspoeng, utan rett til sjukepengar eller nye dagpengar.

Er dette eit verdig tilbod til vaksne arbeidsføre folk?

Statsråd Kjell Opseth: Arbeidslause som går ut av sin andre 80-vekers dagpengeperiode og som står utan dagpengerettar, er ei prioritert gruppe i arbeidsmarknadspolitikken for 1997.

Målet med tiltakstilbodet for denne gruppa arbeidslause er så raskt som mogleg å få så mange som råd er attende til ordinært arbeid. Det vil difor vere aktuelt å bruke alle dei arbeidsmarknadstiltaka vi i dag har, overfor denne målgruppa. Det viser seg at mange av dei langtidsledige har vanskar med å få jobb fordi kompetansen som dei har, er dårleg tilpassa arbeidsmarknaden. Kvalifiseringstiltak, som t.d. arbeidsmarknadsopplæring, vil kunne betre sjansen for mange til å få ordinært arbeid. Kvalifiseringstiltak vil difor bli eit sentralt ledd i tiltakstilbodet. Kva for tiltak som vil vere høveleg overfor den einskilde, vil m.a. vere avhengig av utdanning, tidlegare arbeidserfaring, alder og samla tid utanfor ordinært arbeid.

Innanfor arbeidsmarknadsopplæringa vil deltakarane etter dagens regelverk motta ein grunnstønad på om lag 4.250 kr pr. månad. I tillegg vil dei som er kvalifiserte for det, kunne motta ulike former for tillegg. Det blir også utbetalt sjukepengar ved eigen og ved barns sjukdom. Grunnstønaden og tillegga er skattefrie.

Kommunal- og arbeidsdepartementet vurderer for tida tiltakstilbodet og godtgjersla for denne gruppa arbeidslause og vil kome tilbake til Stortinget med spørsmålet.

Erling Folkvord (RV): Fleirtalet i kommunalkomiteen bad om at det nye tiltaket for dei som mistar dagpengar etter tre år, skulle settast i verk frå 1. januar 1997. Under budsjettbehandlinga sa fleirtalet i kommunalkomiteen om dette nye tiltaket:

Det er viktig at tiltaket, tiltaket sitt innhald og økonomiske vilkår legg til rette for at den ledige blir kvalifisert for jobb og kan føle økonomisk tryggleik i tiltaksperioden.

Eg ber statsråden forklare kven som kan føle « økonomisk tryggleik » med ei « inntekt » på 4.200 kr i månaden, og forklare kvifor Regjeringa ikkje gjennomfører stortingsfleirtalet sitt syn.

Er det sånn at Regjeringa i staden styrer etter det mindretallssynet som Arbeidarpartiet stod aleine om i komiteen, og som seier at « innretningen likevel skal være slik at den skal være motvirkende til å gå over i ordinært arbeid » ?

Dette er eit « krøkkete » språk, men det vil jo seie at arbeidarpartifolka i komiteen meinte at godtgjeringa til dei langtidsledige skal vere svært låg. Eg ber statsråden svare på dei spørsmåla.

Statsråd Kjell Opseth: Som eg sa i mitt hovudsvar, er det Regjeringa sitt mål med arbeidsmarknadspolitikken overfor denne gruppa langtidsledige å få dei i ordinært arbeid så raskt som råd er. Det har samfunnet best nytte av, og ikkje minst har den einskilde størst glede av det.

Så kan ein gjerne vere oppteken av det nye tiltaket som vi jobbar med, og som vil kome om ikkje så lenge. Kva farge og form det skal få, får vi vente med til saka blir lagd fram for Stortinget. Men også Regjeringa er oppteken av at dei som har gått gjennom eit langt liv og så blitt arbeidslause, skal ha ei verdig avslutning på sitt yrkesaktive liv.

Erling Folkvord (RV): Dersom statsråden hadde hatt ansvar for dei etatane som syter for gravferder, kunne det ha vore akseptabelt å seie at formålet var å sikre folk som har gått gjennom eit langt arbeidsliv, ei « verdig avslutning på sitt yrkesaktive liv ». Men her er det altså kommunal- og arbeidsministeren eg stiller spørsmål til, og det handlar om saker som stortingsfleirtalethar uttalt seg veldig klart om.

For kvar veke som går, er det nye langtidsledige som må nøye seg med ein lusen slant på arbeidskontoret og må stille seg i sosialkontorkøen, mens statsråden tydelegvis strever med å gå på tvers av stortingsfleirtalet sitt krav om « økonomisk tryggleik » og i staden snakkar om verdig avslutning på det yrkesaktive livet og prøver å sette ut i livet arbeidarpartiregjeringa sitt syn om at dei langtidsledige skal ha svært låg godtgjering.

Spørsmål: Når kjem det nye tiltaket? Kva meiner arbedsministeren er minimumsbeløpet ein arbeidslaus må ha i månaden dersom ho skal kunne føle « økonomisk tryggleik » ? Inneber « økonomisk tryggleik » noko anna enn « verdig avslutning på sitt yrkesaktive liv » ?

Statsråd Kjell Opseth: Det undrar meg at representanten Folkvord openbert er meir oppteken av kva dei arbeidslause skal ha i trygd, enn å få dei arbeidslause inn i arbeid. Hadde representanten Folkvord vore mest engasjert i det som er hovudspørsmålet, nemleg å få dei som er arbeidslause inn i arbeid, kunne eg ha skjønt det. Eg kan forsikre representanten Folkvord om at det nye tiltaket vil kome til Stortinget i nær framtid, og vil ha ei innretning som kombinerer desse to ønska. Det tek omsyn til ønsket om å ha ei rimeleg utkome, men er også slik innretta at det motiverer til å gå over i ordinært arbeid.