Stortinget - Møte onsdag den 5. februar 1997

Dato: 05.02.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 28

Gunnar Fatland (H): Jeg skal få lov å stille følgende spørsmål til olje- og energiministeren:

Statkraft Engineering, et datterselskap av Statkraft SF, har kjøpt 51 % av aksjene i Grøner Holding, et av de største ingeniørselskapene her i landet, med 400 ansatte og 275 mill. kroner i omsetning.

Er det slike oppkjøp olje- og energiministeren generelt har i tankene for Statkraft SF etter høstens vedtak om å konvertere 3 milliarder kroner fra ansvarlig lån til egenkapital, og er dette etter statsrådens vurdering å betrakte som en statlig kraftprodusents kjerneoppgave?

Statsråd Ranveig Frøiland: Grunngjevinga for å konvertera 3 milliardar kr av det ansvarlege lånet til eigenkapital var å gje føretaket naudsynt handlefridom til å kunna gjennomføra lønsame investeringsprosjekt og å delta som ein sentral aktør i utviklinga av den norske og nordeuropeiske kraftmarknaden.

I proposisjonen om konvertering la Regjeringa til grunn at Statkraft bør vera eit leiande nordeuropeisk energiselskap med spisskompetanse innan vasskraft. Det vart òg vist til at Statkraft har engasjement i vasskraftprosjekt utanfor Europa, der ein dreg nytte av og vidareutviklar føretaket sin vasskraftkompetanse. Ein la til grunn at Statkraft sine aktivitetar i utlandet skal støtta opp under føretaket si verksemd i Noreg.

Statkraft har lang tradisjon som det leiande kraftføretaket i Noreg, og føretaket har stor erfaring og kompetanse med utbygging og drift av vasskraftverk. I likskap med kraftselskap i mange andre land utførte Statkraft i stor grad anleggsaktivitetar i eigen regi. Den siste store utbygginga for Statkraft var i Saltfjell-Svartisen, som Stortinget vedtok for ti år sidan.

Ved omorganiseringa av forvaltningsbedrifta Statkraft til statsføretak peikte Regjeringa på at ein i dei næraste åra måtte vera førebudd på ein nedgang i ny utbygging av vasskraft. Stortinget vart samstundes orientert om at det fantest marknadsmoglegheiter utanfor kraftsektoren, t.d. ved bygging av vegtunnelar, fjellhallar, flyplassar og generell anleggs- og prosjektleiing. Det er altså ikkje noko nytt at føretaket kan engasjera seg utanfor kjerneområdet.

Ved å kjøpa seg inn i eit slikt kompetansemiljø som Grøner representerer, vil Statkraft få styrkt sine ressursar. Dette kan medverka til å vidareutvikla føretaket sin spisskompetanse på vasskraftutbygging og gje auka moglegheiter til å lykkast i nye marknader. Det heiter m.a. i pressemeldinga at dei to selskapa vil operera som sjølvstendige einingar innafor sine verksemdsområde, men gjennom eit nærare samarbeid vil begge selskapa få større tyngd og slagkraft i marknaden.

Det ligg innafor styret sitt ansvarsområde å vurdera dei forretningsmessige sidene av slike disposisjonar. Eg legg til grunn at aksjekjøp i Grøner ligg innafor føretaket sin strategi og sjølvsagt er i tråd med dei rammer som eigaren har lagt.

Gunnar Fatland (H): Jeg takker statsråden for svaret. Det er flere prinsipielt betenkelige sider ved den pågående utvidelse av statlig forretningsvirksomhet som vi nå ser på flere områder. Statlig egenkapitaltilførsel over statsbudsjettet til statsbedriftene går selvsagt på bekostning av andre statlige kjerneoppgaver, som utdanning, helse osv. Det statlige engasjement bidrar i de fleste tilfeller til konkurransevridning i disfavør av privat sektor og svekker dermed konkurransen, kfr. også spørsmål 30 i dagens spørretime, om Statens kantiner. Habilitetsproblemene knyttet til statens rolle som både forvaltningsmyndighet og forretningsaktør blir ytterligere forsterket, og selv om det i dette tilfellet isolert sett kan ligge interessante forretningsmuligheter for Statkraft Engineering som selskap, kan det umulig være en prioritert oppgave for staten å drive entreprenørvirksomhet.

Ville det ikke være mer i tråd også med Regjeringens offisielle linje om en balansert blandingsøkonomi, heller å sørge for at Statkraft Engineering ble privatisert?

Statsråd Ranveig Frøiland: Vi har ingen planar om å privatisera Statkraft Engineering. Det er vel slik at det er her våre politiske skiljeliner går. Høgre har prinsipielle innvendingar mot dette, men eg synest, sett frå Arbeidarpartiet si side, at det er veldig bra at ein kan gjennomføra slike ting, som gjer at ein kan konkurrera. Men det er klart at her skal Statkraft vera med og konkurrera, det skal ikkje vera noka konkurransevridning. Det ligg altså innafor styret sitt ansvarsområde å vurdera dei forretningsmessige sidene av slike disposisjonar, og eg føler meg trygg når det som har gått føre seg på den forretningsmessige sida, er i orden. Eg synest det er flott når statlege selskap kan vera så oppegåande som Statkraft er, og konkurrera på dei same områda som Grøner har gjort tidlegare.