Stortinget - Møte onsdag den 19. februar 1997

Dato: 19.02.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Jon Lilletun (KrF): Eg tillet meg å stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Søkninga til økonomiske administrative fag i den vidaregåande skule har gått dramatisk ned. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon har laga og oversendt til departementet ein kriseplan for korleis ein kan sikre nok kvalifisert arbeidskraft til denne ekspanderande næringa framover.

Korleis vil statsråden fylgje opp dette?

Statsråd Reidar Sandal: Eg er klar over at søkninga til dei økonomiske og administrative faga har gått ned. Dette har uroa departementet. Denne tendensen gjorde seg gjeldande allereie før innføringa av Reform 94. Det kan ha fleire grunnar, som eg ikkje skal komme inn på her. Eg er kjend med at nedgangen i søkjartalet har halde fram også etter at reforma blei innført. Departementet mottok « kriseplanen » frå Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon i 1996. I tråd med den har departementet sett i verk ei rekkje tiltak. Eg nemner følgjande:

  • Elevane kan velje å redusere omfanget av dei felles allmenne faga, naturfag og matematikk, med totalt fem timar og bruke desse timane til handels- og kontorarbeid, som er eit praktisk retta fag.
  • Kontorfaget blei innført som eit nytt fag under lov om fagopplæring.
  • Skiljet mellom studieretningsfaga i allmenn retning og økonomisk og administrativ retning blei oppheva. På dette viset blei søkjargrunnlaget til dei økonomiske og administrative faga større.

Eg vil òg nemne at det er eit eige opplæringsråd for handels- og kontorfag som m.a. har i sitt mandat å følgje opp yrkesutdanninga innanfor det økonomiske og administrative fagområdet, kontor- og butikkfag. I dette rådet sit mellom andre ein representant frå Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon saman med dei andre aktuelle partane i arbeidslivet.

Departementet meiner å ha tatt omsyn til ei rekkje av dei tiltaka som er nemnde i kriseplanen frå Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon. Eg vil elles nemne at kontorfaget først blei godkjent som lærefag i desember 1995, og endringane i grunnkurset blei ikkje gjort gjeldande før skuleåret 1996/97. På grunn av den korte fristen har det vore vanskeleg for fylkeskommunane å setje i verk tiltaka i skuleåret 1996/97. Derfor har ein førebels ikkje sett effekten av desse tiltaka. Dei første lærlingane i kontorfaget etter Reform 94 søkjer læreplass våren 1997.

Eg er òg kjend med at det er utarbeidd fleire brosjyrar, m.a. frå Opplæringsrådet for handels- og kontorfag, som informerer om opplæringa i kontor- og butikkfaga. Desse er sende til ungdomsskulane og til elevane i grunnkursa i dei vidaregåande skulane. Departementet har òg initiert særskilde informasjonstiltak for dette fagområdet.

Fylkeskommunane vil så snart som råd er, få oppmoding om aktivt å setje i verk dei tiltaka departementet har opna for.

Eg vil følgje utviklinga nøye også kommande skuleår. I løpet av skuleåret 1997/98 vil eg vurdere om det bør setjast inn ytterlegare tiltak.

Når det gjeld grunnkursstrukturen, vil eg minne om det eg sa i Stortinget 23. april i fjor. Eg vil komme tilbake til dette når resultata frå evalueringa av Reform 94 blir lagde fram for Stortinget.

Jon Lilletun (KrF): Eg takkar statsråden for svaret. Eg meiner at ein god del av dei tiltaka som han skisserte, har gitt grunnlag for å tru på forbetringar. Men det er to punkt som eg vil ta fram. Det eine er at det berre var ca 250 som nytta seg av dette nye tilbodet, og ut frå den statistikken som er utarbeidd av handelsnæringa, ser det ut som om næringa kjem til å mangle kvalifisert arbeidskraft - bortimot 20-30.000 - når vi passerer årtusenskiftet. Det er ganske dramatisk.

Kristeleg Folkeparti vil heller ikkje gå inn på grunnkursstrukturen no før vi har den gjennomgåande evalueringa, men det er bede om frå denne næringa at vi får eit kontaktutval, at det vert nedsett eit utval - frå myndigheitene og næringa. Eg vil oppfordre statsråden til å imøtekome det ynsket, slik at det vert ein meir utstrekt dialog mellom statsmyndigheitene, utdanningsmyndigheitene, og næringa.

Statsråd Reidar Sandal: Eg har faktisk behov for, og føler det rett, å gi påskjønning til Kristeleg Folkeparti og til representanten Lilletun, som òg er leiar i komiteen, for det konstruktive arbeidet som har vore vist over tid for å få Reform 94 til å verke, og for å stå vakt om dei berande prinsippa ved reforma. Her har vi ein interessant jobb framfor oss òg i tida som kjem.

Representanten Lilletun ytra ønske om at det blei oppnemnt eit utval - frå styresmaktene og næringa - for å drøfte den situasjonen som er særleg aktuell for dei økonomiske og administrative faga. Eg vil i den samanhengen vise til at vi har eit opplæringsråd for handels- og kontorfag som etter mitt syn kan ta vare på denne oppgåva på ein svært god måte, der næringa sjølv er hovudbidragsytar, og der vi frå styresmaktene si side kan få inn klare signal om kva behov dei har. Eg synest det er eit veldig godt grunnlag å byggje på.

Jon Lilletun (KrF): Eg takkar igjen statsråden for svaret og er heilt einig med han i at vi har ein felles stor jobb å gjere framover med denne spennande reforma som vi er midt inne i. Difor foreslår eg å ikkje fylgje opp punkt 1 i denne handlingsplanen til handelsnæringa, som var grunnkurset, at vi då skal ta det når det kjem. Men ein bad om dette utvalet. Statsråden seier at Opplæringsrådet i og for seg har den funksjonen. Eg vil då berre få lov å sitere kva som står i forslaget her:

HSH foreslår at det nedsettes et bredt sammensatt utvalg for å analysere situasjonen og foreslå mer langsiktige tiltak. Det er et stort behov for mer kunnskap om kvaliteten på øk/ad-utdanningene og om årsakene til tilbakegangen. I tillegg må vi få merkunnskaper om hvilke virkninger den teknologiske utviklingen og endret fordeling av arbeidsoppgavene i bedriftene bør få for disse utdanningene. Dette utvalget kan samtidig bli en forløper til det faste utvalget som vi foreslår ovenfor.

Eg tillet, meg trass i at vi har Opplæringsrådet, å be om at statsråden vurderer ein gong til om ikkje dette ville vere eit tenleg organ.

Statsråd Reidar Sandal: Eg har merka meg det synspunktet som representanten Lilletun har gitt uttrykk for. La det likevel vere sagt at det å få ei drøfting av næringa sitt syn når det gjeld handels- og kontorfaga, eller dei økonomiske og administrative faga, har vi rikt høve til gjennom den kontakten vi har med Opplæringsrådet, der det altså sit representantar for næringa som kan formidle sine synspunkt til oss. Og på det grunnlaget kan vi ha ein god dialog om kva slags tiltak som skal setjast inn for tida som kjem. Eg har basert meg på at det ville vere ei konstruktiv tilnærming til det som er utfordringa på dette området. La meg likevel seie at eg tar med meg representanten Lilletun si oppmoding, utan at det er å forstå som ei utkvittering.