Stortinget - Møte onsdag den 30. april 1997

Dato: 30.04.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mitt spørsmål til olje- og energiministeren lyder slik:

Kvifor vart sekretariatet for INTSOK (Internasjonalisering og samordning av oljeaktiviteten) lagt til Oslo i staden for til « oljebyen » Stavanger?

Statsråd Ranveig Frøiland: Norsk olje- og gassindustri har med sin teknologi, kompetanse og erfaring mykje å tilby olje- og gassverksemda òg utanfor norsk sokkel.

Rapporten INTSOK - for auka internasjonal konkurransekraft - tilrår at INTSOK skal vidareførast i ein fast organisasjon. På bakgrunn av denne rapporten tok eg initiativ til å oppretta eit interimsstyre med deltaking frå industrien og myndigheitene for å ta prosessen vidare med sikte på å få etablert INTSOK som ein stiftelse. Blant oppgåvene til interimsstyret var å foreslå lokaliseringa av stiftelsen. To stader peikte seg ut: Stavanger og Oslo. Interimsstyret har konkludert i denne saka og innstilt Oslo som lokaliseringsstad for INTSOK.

Stiftelsen INTSOK er no etablert, og interimsstyret har avslutta arbeidet sitt. Både stiftarane og styret har slutta seg til interimsstyret si innstilling.

Eg har tillit til at det standpunktet som er teke i denne saka, er det beste for industrien. Når det no er bestemt at INTSOK skal lokaliserast til Oslo, håpar eg at vi kan leggja lokaliseringsdebatten bak oss. Dermed kan vi konsentrera merksemda om det INTSOK skal gjera, nemleg å medverka til å fremja og samordna norsk olje- og gassindustri sine interesser på den internasjonale arenaen.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det har vekt stor merksemd på Vestlandet at INTSOK-sekretariatet er lagt til Oslo. Regjeringa har vore representert i styringsgruppa, så vidt eg forstår, og kunne ha påverka valet av stad. Lokale styresmakter og lokalt næringsliv står sterkt og overtydande bak kravet om lokalisering til Stavanger, og dei har støtte frå kommunar med offshore-retta næringsliv frå Kristiansand til Flora. Oljedirektoratet og PETRAD, som INTSOK må samarbeide tett med, ligg i Stavanger. Det utøvande næringslivet, oljeselskapa og fagfolka held til her, og den globale kontakten og dei nettverka som skal til, er etablerte. Stavanger, olje, Noreg er samanhengande og kjende omgrep i verdssamanheng. Føresetnadene og grunnlaget for INTSOK er altså lagde i Stavanger.

Eg spør på nytt: Kva er det som gjer at oppfylginga ikkje kan ha adresse Stavanger?

Statsråd Ranveig Frøiland: I alle dei tre SOK-arbeida som har gått føre seg, har det frå departementet si side vore veldig viktig at industrien - oljesektoren sjølv - har vore med. Eg må seia at eg finn det ikkje rett at det er myndigheitene som då skal bestemma rammene rundt INTSOK og òg lokaliseringa. Derfor var vi veldig opptekne av at industrien sjølv måtte vera med og ta avgjerd i kvar dette skal lokaliserast, og derfor vart tilrådinga om kvar sekretariatet skulle vera, lagt til interimsstyret. Styret som no er oppretta, slutta seg òg til at Oslo vart vald, slik interimsstyret hadde gjort. Eg legg vekt på at det er viktig at industrien er med på dette. Dersom det skal vera slik at myndigheiter, Oljedirektoratet og kommunar skal bestemma over det industrien skal jobba med, trur eg vi har eit dårleg utgangspunkt. Eg har registrert at dei har plassert det i Oslo, og eg trur det er heilt rett slik INTSOK er no.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Statsråden sa i sitt første svar at ho hadde teke initiativet til interimsstyret, med deltaking frå industri og styresmakter. Mitt første spørsmål er då: Kva oppgåver har dei personane som ho set inn i eit slikt interimsstyre, og kva oppgåver har dei i det som no blir eit fast styre, dersom det ikkje skulle vera å sikra mål som Regjeringa har sett? Ho seier òg at ho har tillit til at det standpunktet som er teke i denne saka, er til det beste for industrien.

Mitt andre spørsmål blir då: Er det slik at det er nokre store selskap som har flytt si verksemd til Oslo, som betyr meir for at statsråden godtek resultatet, enn dei måla som Regjeringa måtte ha for å etablera verksemd utanfor Oslo og for å byggja vidare på dei miljøa - høgst oppegåande - som allereie er etablerte?

Statsråd Ranveig Frøiland: Eg trur det er nødvendig å slå fast at INTSOK-arbeidet er eit arbeid som skal gjerast utanfor dette landet, av oljeindustrien og av styresmaktene i dette landet. Så ein må ikkje berre fokusera på det som skal gjerast i Noreg - det viktigaste skal gjerast utanfor.

Det er klart at Regjeringa har som mål at oljeindustrien skal internasjonaliserast. Det har vore eit tett samarbeid med industrien og med oljeselskapa for å få mest mogleg ut av arbeidet for å nå det målet. Ein har no laga ein stiftelse, og når det gjeld den kapitalen som styret der skal arbeida vidare med, er det ikkje slik at det er styresmaktene som bidrar med mest, det er faktisk industrien sjølv som bidrar med mest. Derfor føler eg at det er rett å høyra på kva industrien seier. Eg kan ikkje på nokon måte gå god for det som Magnhild Meltveit Kleppa seier, at småindustrien ikkje er høyrd her. Representantar frå heile industrien har vore med i interimsstyret.