Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg har følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Arbeiderpartiet har hatt som målsetting å sørge for at fedre får mulighet til å ta større del i omsorgen for sine barn, og da spesielt de helt minste barna. Egen fedrekvote er et eksempel på dette.

Hvilke stimuleringstiltak vil statsråden sette inn for at menn også skal gjøre seg nytte av en eventuell kontantstøtte?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Mange foreldre, òg fedrar, ynskjer å vera heime med borna sine, spesielt når dei er små. Eg har stor forståing for at mødrer og fedrar ynskjer å vera heime i ein periode, iallfall å vera meir heime enn dei er i dag, og vi vil gjera det til ei reell valmoglegheit gjennom kontantstøtteordninga.

Etter at fedrekvoten vart innført, har vi sett ein stor og gledeleg auke i menns uttak av permisjon. Samtidig ser vi at mødrer totalt sett tar ut størstedelen av fødselspermisjonen. I begynninga vil sannsynlegvis òg flest kvinner gjera bruk av kontantstøtta. Men eg har stor tru på at den heilskaplege familie- og likestillingspolitikken denne regjeringa vil føra på sikt, vil stimulera til meir likestilt omsorg for borna.

Eg meiner at det må settast inn stimuleringstiltak på to nivå - i arbeidslivet og i familielivet. Lat meg ta arbeidslivet fyrst: Lik løn for arbeid av lik verdi er ei viktig sak i den samanhengen. Når kvinner blir lønte lågare enn menn for likeverdig arbeid, og foreldra ynskjer at ein av dei skal vera heime med små born, er det i familien si interesse at det blir den med lågast løn, nemleg mora.

Stortinget gav si prinsipielle tilslutning til revisjon av likestillingslova si likelønsføresegn i 1993, men den førre regjeringa la ikkje fram noko lovforslag. Regjeringa vil få fortgang i den saka, slik at vi får ei føremålstenleg lovgiving i tråd med internasjonale forpliktingar. Det må leggast til rette for at arbeidslivet har metodar for å samanlikna verdien av ulike typar arbeid. Eg vil fylgja opp Arbeidsvurderingsutvalet si innstilling i samarbeid med partane i arbeidslivet. Arbeidarpartiet har vingla i synet på lovfesting av handlingsplanar for likestilling i arbeidslivet. Lovfesting av slike handlingsplanar for likestilling er blant dei verkemidla som eg vil vurdera. I den samanhengen er det òg viktig at arbeidslivet legg til rette for at permisjonsrettane blir fordelte likt mellom kjønna. Arbeidslivet må få auga opp for at det ikkje berre er kvinner som er såkalla ustabil arbeidskraft fordi dei er potensielle mødrer, men at også menn blir fedrar og vil ynskja å ta ut meir permisjon.

Ei lønsmessig oppvurdering av kvinneyrka vil medverka til at fleire menn vil sjå kvinneyrka som ei reell valmoglegheit. Det kan òg settast inn tiltak for å få fleire menn i omsorgsyrka. Dette meiner eg vil medverka til at den yngre generasjonen meir enn dagens vil sjå det som ein sjølvsagd ting og som naturleg at far og mor på like vilkår er omsorgspersonar, anten det er i barnehagen eller heime. Born treng menn begge stader, og menns liv blir rikare av at dei er saman med born, anten det er med eigne heime eller i andre yrkessamanhengar. Men Regjeringa vil ikkje stoppa med dette. Òg på heimesektoren må det stimulerast til lik fordeling av omsorgsforpliktingane og -gledene.

Som alt nemnt i svaret mitt til representanten Oddbjørg Ausdal Starrfelt, vil Regjeringa gå inn for at fedrar opparbeider eigne rettar til fødselspermisjon i folketrygda, uavhengig av mors opptening og stillingsstorleik. På sikt vil vi òg gå inn for å utvida fedredelen av fødselspermisjonen. Dette vil vera eit viktig steg på vegen mot at fleire fedrar vil velja å vera heime når borna er små. Eg synest det seier mykje om Arbeidarpartiet sin vilje til å stimulera menns innsats i familien at dei trass i at fleire arbeidarpartistatsrådar lova det, gjekk imot forslaget om sjølvstendige fedrerettar i samband med debatten om likestillingspolitisk utgreiing i Stortinget 13. mai i år. Det er ein slik heilskapleg familie- og likestillingspolitikk som peikar framover mot ei annleis mannsrolle. Vi treng både likestilling og likeverd mellom kjønna, og det er stor oppslutning om dette blant dagens unge.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg takker statsråden for svaret. Det er veldig positivt at hun signaliserer velvilje til at menn skal ta en større del av omsorgen både for barn og for ansvar i hjemmet. Men jeg personlig kjenner ingen menn som vil være hjemme for 3.000 kr i måneden. Teori er én ting, men praksis viser seg dessverre ofte å være noe helt annet.

Jeg er veldig opptatt av at vi skal fortsette den svært positive utviklingen som Jagland-regjeringen og tidligere arbeiderpartiregjeringer har fått til gjennom at menn i stadig større grad benytter permisjonsordningene og dermed tar større ansvar for barna sine og for de huslige pliktene. Dette gjorde vi gjennom tvang. Jeg vil utfordre statsråden litt mer på det: Hvor langt er hun villig til å gå for at vi kan få en forsvarlig andel av menn som vil benytte seg av kontantstøtte?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg må på representanten sine vegner seia meg lei for at ho i omgangskrinsen sin ikkje kjenner nokon menn som kunne tenka seg å vera heime for 3.000 kr i månaden. Eg kjenner faktisk ganske mange som ville ha sagt ja til det dersom dei hadde hatt valmoglegheita.

Eg trur faktisk òg at mannsrolla sakte, men sikkert har begynt å endra seg litt i forhold til det å ta ansvar for borna, men vi må gjera fleire ting. Når det gjeld fedrerettar og den tvangen som regjeringa Gro Harlem Brundtland la inn den gongen, trur eg det har vore positivt og har medverka til at fleire fedrar både tør og vil ta ut permisjonsrettane sine. Ein skal ikkje gløyma at det ikkje er mange åra sidan at fedrar nesten ikkje torde å be om å få vera heime i permisjon eingong, fordi det var mødrene sitt ansvar. Det var også på ein måte klart hos arbeidsgivaren. Men i dag er det annleis, fordi lovverket er endra. Eg er villig til å sjå på å utvida fedrekvoten. Men eg kan ikkje lova at det skal skje i løpet av dei neste åra, fordi vi har mange andre rettar vi må retta opp fyrst. Vi tar eit lite steg i den proposisjonen som vi legg fram på fredag, og det synest eg er positivt. Så må vi òg sjå på å utvida fedrerettane i forhold til permisjon endå meir, og så får vi sjå på fedrekvoten til slutt. Men den kjem til sist av desse prioriteringane mine.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Nå snakker vi ikke om fedrekvote, men vi snakker om kontantstøtte, og det er der jeg vil ha et litt klarere svar fra barne- og familieministeren. Men jeg kan ikke helt dy meg, jeg tenker litt på det svaret hun gav tidligere om at kontantstøtten ikke vil hindre at vi får full barnehagedekning. Vi kan ha to tanker i hodet på en gang, men erfaringen vår fra de kommunene som har innført kontantstøtte, viser nettopp at en får mindre barnehageutbygging på grunn av kontantstøtten. Og er kontantstøtten fordelaktig nok, vil behovet for alle barnehageplassene man opprinnelig hadde tenkt å bygge ut, bli redusert. Markedet blir rett og slett mindre. Og hva vokser opp isteden? Jo, jeg er bekymret for at vi får et voksende marked av « svarte » dagmammaer og praktikanter. Det er en del av disse problemstillingene vi i Arbeiderpartiet er bekymret over, og derfor ønsker vi å få mer klare svar på alle de elementene som kontantstøttereformen har i seg.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er ein del problemstillingar rundt denne saka som vi skal drøfta nærmare, og eg har sagt før i dag at vi kjem tilbake til Stortinget med det i ei eiga sak.

Når det gjeld ordninga med « svarte » dagmammaer, er eg òg uroa for at den kan veksa. Men eg har tenkt ein del tankar om kva vi kan gjera for å minska den moglegheita. Ein av dei tinga som ligg inne i statsbudsjettet for i år, er å fjerna høvet til frådrag av udokumenterte utgifter for pass av born, og det synest eg er positivt. Det har Jagland-regjeringa foreslått, og det synest eg er flott. Det vil bl.a gjera at ein ikkje har høve til å trekka frå desse utgiftene som er udokumenterte.

Ei anna moglegheit er - det har vi frå regjeringa Bondevik si side sagt at vi vil gjere - å sjå nærmare på dette med « svart » arbeid. No er registreringsordningane og alle ordningane rundt dagmammaverksemda så enkle at eg oppfordrar alle til å gjera arbeidet « kvitt ». Eg kan godt tenkja meg å seia at dersom ein oppdagar at folk brukar « svarte » dagmammaer for kontantstøtta, kan vi ta den frå dei. Alle desse praktiske tinga kjem vi tilbake til i Stortinget.

Men eg er jo fullt klar over at Arbeidarpartiet har sagt nei (presidenten klubber) til den ordninga lenge før vi har begynt å drøfta dei praktiske konsekvensane. Dei har teke eit (presidenten klubber) standpunkt i Arbeidarpartiet før ein har begynt drøftingane. Eg ynskjer å koma tilbake til Stortinget (presidenten klubber) med ei heilskapleg sak, og så får vi ta dei fullstendige drøftingane der.

Presidenten: Presidenten ber om at man respekterer taletiden.