Stortinget - Møte onsdag den 21. januar 1998

Dato: 21.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

I samband med Reform 97 løyvde Stortinget våren 1997 100 mill. kr til kompensasjon til kommunar for meirutgifter til mellombelse løysingar.

Når vil kommunane få høve til å søkje om midlar frå denne løyvinga?

Statsråd Jon Lilletun: Kommunane vil om kort tid få tilsendt rundskriv om kompensasjon for utgifter til mellombelse lokale. Rundskrivet vil gje kommunane høve til å søkje om tilskott etter nærare retningsliner fastsett av departementet.

Vedtaket om å løyve kompensasjon for mellombelse lokale i samband med Reform 97 vart gjort i samband med behandlinga av St.meld.nr.21 (1996-1997) « Finansiering av lærebøker for 2.-10. klassetrinn og status for tilrettelegging av skolelokaler til seksåringene i forbindelse med Reform 97 », jf. Innst.S.nr.183 (1996-1997). Det går fram av vedtaket at kommunar som må nytte mellombelse lokale i samband med Reform 97 og dermed får ei dokumentert meirutgift utover investeringsramma, skal kunne søkje om å få desse meirutgiftene dekte etter nærare kriterium fastsette av departementet.

I tråd med vedtaket i Stortinget la departementet i St.prp.nr.1 (1997-1998) fram eit forslag til nærare retningslinjer for dette tilskottet. Det vart m.a understreka at dersom ein kommune har utgifter til mellombelse lokale, er desse utgiftene å sjå på som meirutgifter i forhold til investeringsramma, og at tilskottet ville verte utbetalt etterskottsvis, dvs. når dei mellombelse lokala er erstatta med permanente løysingar. Det vart dessutan sagt at kommunane må kunne dokumentere at bruk av mellombelse lokale fører med seg ekstra kostnader.

Departementet valde å vente med å sende rundskriv til kommunane til Stortinget hadde behandla budsjettet.

Stortinget vedtok ei ramme for dette tilskottet på maksimalt 200 mill. kr. Departementet legg derfor opp til at kommunane vil få utbetalt 50 % av den summen dei har søkt om, når søknaden er ferdig behandla. Dei resterande 50 % vil verte utbetalte i 1999 etter at alle aktuelle kommunar har søkt. Den einskilde kommunen sitt beløp kan verte avkorta tilsvarande dersom det viser seg at den totale summen det er søkt om, overstig maksimalramma på 200 mill. kr.

Petter Løvik (H): Eg vil takke statsråd Lilletun for svaret.

Bakgrunnen for spørsmålet er, som statsråden var inne på, dei vedtaka og dei presiseringane som Stortinget har gjort tidlegare, og at kommunane har følt at dei ikkje har fått opplysningar og retningslinjer om korleis ein kan søkje om desse midlane. Eg er derfor veldig glad for det svaret som eg fekk frå Lilletun, at avklaringa no er - som hans to kollegaer har sagt tidlegare - nærare enn nokon gong. Kort tid håpar eg betyr svært kort tid. Kommunane ventar no på å få klare retningslinjer om dette.

Statsråd Jon Lilletun: Eg forstår godt at representanten Løvik er oppteken av denne saka. Det er vel ikkje til å leggje skjul på at Høgre har ein stor del av æra for at dette vedtaket kom, og at kommunane fekk ekstratilskott til mellombelse løysningar då denne saka var oppe til behandling i fjor.

Eg skal gå endå litt lenger enn mine to kollegaer som tidlegare har sagt at det er nærare enn nokon gong. Eg kan seie at rundskrivet kjem til å gå ut i neste veke.