Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998

Dato: 11.02.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Tor Nymo (Sp): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Nord-Norge har nå etter internasjonal standard fremragende informatikkstudier ved flere læresteder. Imidlertid har det blitt et tiltagende problem at den dyktigste ekspertisen på undervisningssiden flytter sørover, og ifølge en fellesuttalelse fra det nordnorske informatikkmiljøet vil nesten 50 % av lærerstillingene i informatikk i Nord-Norge stå ubesatt fra sommeren 1998.

Hva vil statsråden foreta seg for å stanse denne utviklingen?

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Nymo er uroa over lærarsituasjonen i IT-fag ved dei høgre lærestadene i Nord-Noreg. Det er eg òg. Sjølv om mangelen på lærarar er særleg prekær i Nord-Noreg, er det eit generelt problem i heile landet å rekruttere og halde fast på kompetent utdannings- og forskarpersonale i informasjonsteknologi. Eg er spesielt uroa over at dette skjer i ein periode der det er behov for å auke utdanningskapasiteten for å kunne møte etterspurnaden på arbeidskraft med utdanning innanfor IT.

Tilsette ved universitet og høgskular har høg kompetanse og er av den grunn attraktive som arbeidskraft både i det private næringslivet og i offentleg forvaltning. Eg er klar over at lønn og tidsmessig utstyr vil vere viktige faktorar når utdanningsinstitusjonane skal konkurrere om arbeidskraft. Dette er problemstillingar departementet arbeider med i fleire samanhengar, også i forhold til ein del andre fag enn informasjonsteknologi, som er særleg konkurranseutsette. Mellom anna arbeider Regjeringa med utforminga av ei fondsordning finansiert av oljeinntekter, som skal gje institusjonane betre høve til å skaffe seg vitskapeleg utstyr. Eg har tru på at dersom institusjonane kan tilby gode rammevilkår, vil det tiltrekkje høgt kvalifisert personale. Innanfor feltet informasjons- og kommunikasjonsteknologi har Noregs forskingsråd i fjor og i år løyvd ekstraordinære midlar for å styrkje desse miljøa ved universiteta. Mellom anna fekk Universitetet i Tromsø midlar til alle dei tiltaka som institusjonen hadde søkt om.

Når det gjeld lønnsspørsmålet konkret, ligg det stor fleksibilitet i systemet. Innanfor dei økonomiske rammene som institusjonane har, og dei eksisterande lønnsplanane kan institusjonane i stor grad sjølve fastsetje lønnsplasseringa for sine tilsette.

Den fråsegna som representanten Nymo viser til, peiker både på problema og moglege løysingar. Eg vil sjå nærare på dette og ta det med meg i det vidare arbeidet med å styrkje utdanningsmiljøa innanfor informasjonsteknologi. Regjeringa vil som kjent leggje fram ei stortingsmelding om utvikling av norsk IT-kompetanse i løpet av våren. Dei synspunkta som det nordnorske IT-miljøet fremja, vil m.a. verte vurderte i samband med denne meldinga.

Vidare vil Regjeringa i samband med det regionalpolitiske arbeidet også vurdere forslaga i fråsegna.

Asmund Kristoffersen hadde her overtatt presidentplassen.

Tor Nymo (Sp): Jeg vil takke statsråden for det positive svaret.

I en tid da flyttestrømmen fra landsdelen Nord-Norge stadig når nye høyder, er det viktig at Regjeringen er på offensiven, ikke minst når en vet at det er de best utdannede og de med høyest kompetanse som drar fra landsdelen. Jeg tror at det er viktig at det iverksettes spesifikke tiltak for å avhjelpe undervisningssituasjonen ved informatikkstudiene der og ved andre høyere læresteder. Vi vet at informatikkekspertise er høyt etterspurt, og en ansamling av et IT-miljø på Fornebu kan forverre situasjonen både i Nord-Norge og andre steder av landet. Det er derfor viktig at det tenkes utradisjonelt, f.eks med markedsførings- og rekrutteringskampanjer i Norden for å få rekruttert nødvendig undervisningskompetanse, bedre lønnsvilkår for vitenskapelig ansatte ved universitet og høyskole i Nord-Norge og f.eks engangsutbetaling, etableringstilskudd til alle som binder seg til kontrakt over to-fem år ved høyere utdanningsinstitusjon i Nord-Norge, f.eks professor/amanuensis. Jeg ser derfor fram til at statsråden, som han har gitt uttrykk for, vil ta med seg det som er kommet ut av denne meningsutvekslingen, og ut fra slik som han kjenner situasjonen.

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt klart at dei tiltaka som representanten Nymo no skisserte, er av dei tiltaka vi skal ta med oss i arbeidet vidare. Eg har òg ei sterk utfordring til næringslivet. Vi er komne i ein situasjon der dei kjøper opp svært mange av desse folka. Dersom dei sjølve skal få arbeidskraft i framtida, er vi heilt avhengige av at dei er villige til å stille sine folk til disposisjon i professor II-stillingar. Det vil vere heilt grunnleggjande for å få dette vidareført på ein skikkeleg måte.

Ein annan ting er spørsmålet om å få søkjarar til dei miljøa som er gode, men som ikkje har søkning nok. Her treng vi ytterlegare utbygging av Norgesnettet, at vi syter for at f.eks Narvik, som har glimrande lokale, glimrande utstyr og godt fagmiljø, får ei søkning som gjer at landsdelen samla sett vert styrkt.