Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato: 04.03.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Siri Frost Sterri (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Hvordan vil statsråden følge opp Realfagutvalgets anbefalinger om kortsiktige og langsiktige tiltak når det gjelder innsikt i og forståelse for teknologi, der det blant annet foreslås innført teknologi og formgiving som eget fag i skolen?

Statsråd Jon Lilletun: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet oppnemnde i desember 1996 eit utval, Tveitereid-utvalet, for å greie ut kort- og langsiktige tiltak som kan betre situasjonen for matematikk, naturvitskap og teknologi i utdanninga. Utvalet var breitt samansett, og la i august 1997 fram sin endelege rapport. Det skulle m.a føreslå særlege tiltak som kan medverke til at unge menneske får auka interesse for naturvitskapelege og teknologiske fag, og ikkje minst tiltak særleg retta mot jenter slik at « kvinneandelen i de naturvitenskapelige og teknologiske fagene kan øke », slik det står i mandatet.

Departementet vil fylgje opp rapporten og syte for at teknologi òg blir fylgt opp innanfor dei rammer læreplanverket for grunnskulen set. Eg viser til St.prp.nr.1 (1997-1998) , der det står:

Departementet vil utarbeide en samlet plan for oppfølging av disse områdene i grunnskolen, hvor bl.a likestillingsperspektivet vil bli vektlagt.

Departementet har så langt fylgt opp delar av rapporten ved å yte tilskott til fleire tiltak som kan medverke til å auke interessa for teknologi og naturvitskap. Eg kan i denne samanheng opplyse at departementet har gjeve støtte til eit prosjekt om teknologi i grunnskulen i regi av m.a Norges Ingeniørorganisasjon - NITO. Vidare er det òg vedteke å gje ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning for dei elevane som vel fordjuping i matematikk, fysikk, kjemi eller biologi. Matematikk og natur- og miljøfag er av dei prioriterte faga knytte til kompetanseutviklinga i Reform 97, og natur- og miljøfag har vorte eit eige fag på alle klassestega i grunnskulen. Eg vil òg vise til Noregs forskningsråd sine tiltak, m.a « Årets Nysgjerrigper »-pris og « Newtons hage », som medverkar til auka interesse for desse fagområda.

Internasjonalt er det stadig fleire land som har teknikk eller teknologi som eige fag, t.d Sverige og Danmark. Røynsler frå m.a England viser at faget teknologi og formgiving verkar til å gje særleg jenter auka interesse for teknologi. Arbeidet med teknikk i Sverige er òg interessant i denne samanheng. Eg vil likevel streke under at Noreg må finne si eiga form på arbeidet med teknologi. Teknologi-prosjekt, som det i regi av NITO, vil saman med røynsler frå andre land vere viktige for å kunne vurdere korleis ein kan gje elevar i grunnskulen - jenter som gutar - auka innsikt i og forståing av teknologi.

I Noreg er ikkje teknologi eit eige fag, men eit kunnskapsområde på tvers av faga i grunnskulen og vidaregåande opplæring og er gjeve ein sentral plass i den generelle delen av læreplanen. I vidaregåande opplæring er teknologi ein naturleg del av opplæringa innanfor yrkesfaga, og i dei allmenne faga som matematikk, naturfag og samfunnsfag er teknologi ein integrert del. I det nye læreplanverket for grunnskulen nemner m.a natur- og miljøfaget, samfunnsfaget og kunst og handverk teknologi i fleire mål og hovudmoment. Teknologi, slik fagområdet er behandla i læreplanverket for grunnskulen, eignar seg derfor svært godt for tverrfagleg tilnærming gjennom temaorganisering og prosjektarbeid.

Siri Frost Sterri (H): Det er grunn til å gi honnør til statsråden for de positive svarene han her kom med. Som han selv sier, har han en åpen holdning til disse teknologiske nyvinningene, og det er åpenbart at dette også er viktig å trekke inn i grunnskolen.

Jeg har selvfølgelig forståelse for at de begrensninger læreplanverket setter for grunnskolen, gjør at han ikke nå uten videre kan svare konkret på bl.a den føring som lå i mitt spørsmål. Men jeg synes som sagt det er all grunn til å gi honnør til departementet, nettopp fordi at de gir økonomisk støtte til ulike prosjekter som tar sikte på å prøve ut ulike modeller for hvordan man fremtidig kan satse i skolen i Norge.

Mitt oppfølgingsspørsmål blir derfor: Vurderer statsråden, eventuelt som et kortsiktig tiltak, å satse på dette innenfor lærerutdanningen, eventuelt innenfor de styrte valgfagene?

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg takke for gode ord. Det er alltid godt å ta med seg.

Den lærarutdanningsplanen som no er utarbeidd, gjev realfaga ein auka styrke. Og det kan i tilknyting til dei absolutt vere aktuelt å lage slike opplegg som representanten spør om. For å seie som sant er: Det var eit innspel som eg vil ta med meg, og som ikkje har vore vurdert så langt i departementet.

Det eg i tillegg vil seie, er at vi akkurat har vedteke fagplanar med styrkt realfagsprofil både for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Då vil eg seie at det er for tidleg no å tenkje teknologifag. Men eg vil følgje opp representantens intensjon med å leggje til rette for at det i tema- og prosjektarbeid skal utarbeidast gode verktøy for at teknologi kan verte sentralt der og mogleg i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Presidenten: Presidenten tør minne om taletiden og anmoder alle om å holde seg til den.