Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 1998

Dato: 18.03.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Gard Folkvord (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren.

Fordypningspoeng innen videregående opplæring blir brukt for å stimulere ungdom til å ta visse fagkombinasjoner. Undersøkelser viser at norsk ungdom er i dårlig fysisk form.

Vil statsråden vurdere å gi ungdom som tar idrettsfag, fordypningspoeng?

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil i svaret mitt ta utgangspunkt i dei reglane som gjeld søkjarar som har teke treårig vidaregåande opplæring etter innføringa av Reform 94.

Ordninga med tilleggspoeng for fagleg fordjuping ved opptak til grunnutdanningar ved universitet og høgskular vart skipa for å stimulere til val av krevjande fagkombinasjonar i vidaregåande skule. Ordninga premierer elevar og privatistar som nyttar timar dei har til val, til å fordjupe seg i særskilde emne.

Slik spørsmålet lyder, er det ikkje heilt klårt om spørjaren tenkjer på elevar som tar allmenn-økonomisk eller idrettsfagleg studieretning.

Elevar som tar studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, får ikkje fordjupingspoeng dersom dei nyttar timar til val til å ta idrettsfag. Eit utval som drøfta bruken av fordjupingspoeng i 1993, konkluderte med at val av fag som skulle gi grunnlag for fordjupingspoeng, skulle føre eleven « betydelig nærmere relevante krav til studieegnethet ».

Når det gjeld reglane for elevar på idrettsfagleg studieretning, vil eg seie fylgjande: Utvalet nemnt over kom fram til at utdanningar som skulle gje fordjupingspoeng, måtte innehalde ein viss monn av reiskaps- og referansekunnskapar og ikkje einsidig innehalde fordjuping i enkeltfag eller faggrupper. Det er departementet si oppfatning at elevar frå studieretning for idrettsfag som bruker timar til val til ytterlegare fordjuping i idrettsfag, ikkje tilfredsstiller krava til fagleg breidd med omsyn til reiskaps- og referansefag.

Etter gjeldande forskrift får søkjarar med studieretning for idrettsfag to fordjupingspoeng om dei nyttar veketimar til val til å ta studieretningsfag frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag. Dersom desse faga er realfag, kan dei òg få realfagspoeng. Dei kan få ytterlegare fordjupingspoeng og realfagspoeng ved å ta fleire studieretningsfag frå denne studieretninga i tillegg til full fag- og timefordeling i si treårige utdanning.

Det er skipa ei alternativ ordning med bonuspoeng ved søknad om opptak til universitet og høgskular. Denne ordninga gjeld frå og med opptak til studieåret 1998-99 for søkjarar med studieretning musikk, dans og drama. Det vart ved behandlinga i Stortinget ikkje gjort framlegg om at ordninga også skulle gjelde for idrettsfag. Årsaka til denne skilnaden er at det i studieretning for musikk, dans og drama berre er fire-seks veketimar til val, slik at den ikkje gjev rom for å skaffe seg fordjupingspoeng. I studieretning for idrettsfag er det 13 veketimar til val og derfor godt høve til å ta fag som gir tilleggspoeng for fordjuping.

Stortinget har hatt desse spørsmåla til vurdering ei rad gonger. Så seint som i juni i fjor drøfta vi prinsippa for rangering ved opptak svært grundig, slik både spørjaren og eg kjenner godt til. Eg meiner no vi må gje desse reglane noko tid til å setje seg, og når det gjeld fordjupingspoeng, må vi ta omsyn til at om alle får likt, vil ordninga ikkje ha nokon verknad.

Gard Folkvord (A): Jeg takker statsråden for et svært omfattende svar. Statsrådens svar viser også med tydelighet hvor komplisert dette regelverket etter hvert har blitt. La meg innledningsvis bare få oppklare at jeg legger idrettsfaglig studieretning til grunn for mitt spørsmål.

Særlig når det gjelder bonuspoengordningen, er skjevhetene store innenfor dette systemet. Idrettselever får ingen bonuspoeng ved opptak til relevante studier, som lærer- og førskolelærerutdanning, ved fysioterapiutdanning, Politihøgskolen og til og med Idrettshøgskolen.

Deler statsråden min bekymring for de virkningene disse bonusreglene nå har fått?

Statsråd Jon Lilletun: Spørjaren har rosverdig teke opp det faktum at den fysiske fostringa og den fysiske forma til svært mange unge ikkje er det den burde vere. Denne statsråden må vel erkjenne at det ikkje berre gjeld ungdom, det gjeld ein del av oss andre òg. Slik sett kunne det vere ynskjeleg å imøtekome ynsket.

Eg er glad for at spørjaren erkjenner at dette er samansett og vanskeleg. Det som var hovudgrunngjevinga for dei konklusjonane ein endeleg kom fram til, var at det er realfaga som er dramatisk underrepresenterte i våre viktigaste utdanningsvegar i tida framover. Derfor vart det dei som vart overvekta. Dei som tek idrettsfaga, har den moglegheita at dei kan ta fordjuping i ei rekkje av realfaga og dermed få poeng. Den moglegheita har ikkje dei som tek faga musikk, dans og drama, og derfor går bonuspoenga til dei som vel desse faga. Eg påstår ikkje at dette er fullkome rettferdig, men det var så langt vi kom. Eg trur desse reglane må få lov til å prøve seg no.

Gard Folkvord (A): Nok en gang vil jeg takke statsråden for svaret. Jeg er fullt ut enig med ham i at det for realfagene i sin tid var særskilte behov som det måtte tas hensyn til. Men jeg vil gjerne utfordre statsråden på at det ikke nødvendigvis er riktig innfallsvinkel å ha en enten - eller - holdning. En kan prøve å legge seg på en både - og - holdning i forhold til realfag og idrettsfag. Det skal foretas en evaluering av Reform 94. Da må en kunne forvente at reglene for fordypningspoeng og bonuspoeng blir forbedret, slik at også idrettselever kan nyte godt av disse ordningene. Kan statsråden i dag love at han vil arbeide for å rette opp disse skjevhetene i forbindelse med evalueringen av Reform 94, og at han kanskje også vil gjøre en innsats for å forenkle regelverket dersom det er mulig?

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan gjerne love å vurdere det i samband med evalueringa. Eg deler ynsket om forenkling. Erfaringa frå dei behandlingane eg har vore med på, har vore at det ikkje er enkelt. Eg registrerte at tidlegare medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, Marit Nybakk, i eit intervju nyleg foreslo kanskje opptaksprøver som alternativ til desse poengsystema. Eg påstår ikkje at vi er i mål. Eg er glad for at spørjaren erkjenner at vi i alle fall ikkje skal ta det før gjennomgangen i samband med evalueringa. Skulle vi finne ei forenkling, er eg sjølvsagt open for det. Vi skal òg sjølvsagt vurdere fysisk fostring, men det spørjaren og eg truleg er einige om, er at om vi gjer for mykje både-og, er vi på utgangspunktet null igjen. Det var vel ikkje meininga.