Stortinget - Møte onsdag den 6. mai 1998

Dato: 06.05.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Aud Gaundal (A): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Snåsa kommune er gjort kjent med at det foregår en gjennomgang ved Høgskolen i Nord-Trøndelag vedrørende spørsmål om flytting av 1. års skogbrukskurs fra Finsås til Steinkjer. Det er av stor betydning for lokalsamfunnet at avdelingen opprettholdes. Frykt for tap av arbeidsplasser har allerede skapt uro i kommunen.

Er dette en avgjørelse departementet vil engasjere seg i?

Statsråd Jon Lilletun: Avdeling for naturbruk, miljø og ressursfag ved Høgskulen i Nord-Trøndelag har det meste av verksemda i Steinkjer, men har også undervisningstilbod på Finsås. Dette gjeld første studieåret av det treårige høgskulekandidatstudiet i skogbruksfag og eit vidareutdanningstilbod i økonomi og ressursforvaltning som er organisert med fire samlingar i løpet av eitt år. Dei to siste åra av kandidatstudiet er lokaliserte til Steinkjer. Finsås er òg praksisstad for desse delane av skogstudiet. Nord-Trøndelag fylkeskommune har ansvar for eit VK I-kurs i skogbruk på Finsås, som før vart gjeve i regi av Høgskulen i Nord-Trøndelag som oppdrag for fylkeskommunen.

Rekrutteringa til skogfag, både innanfor vidaregåande opplæring og på høgskulenivå, har dei seinare åra vore dårleg, og utdanningskapasiteten og anlegget på Finsås har på langt nær vore fullt utnytta. Høgskulen i Nord-Trøndelag har også derfor sett ned eit utval med representantar m.a frå Snåsa kommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune og frå Høgskulen. Utvalet har vurdert framtidig bruk av Finsås. Utgreiinga blir no vurdert internt ved Høgskulen, og styret skal seinare handsame saka.

Den saka som representanten Gaundal har stilt spørsmål om, er etter den informasjonen eg har fått, førebels altså ei intern sak for Høgskulen. Eg vil leggje til at det generelt er ynskjeleg og naudsynt at høgskulane tek opp til vurdering korleis studietilbodet best kan organiserast.

Eg har elles merka meg at Høgskulen i Nord-Trøndelag har engasjert seg i arbeidet for å finne grunnlag for nyutvikling på Finsås. Det same har etter det eg forstår, fleire kommunar og fylkeskommunen gjort.

Det vil ikkje vere rett av meg å kome med eit standpunkt i denne saka før utgreiinga er behandla ferdig både i avdelinga i Høgskulen og i styret i Høgskulen, så eg vil ikkje leggje føringar på det no. Men mitt ynske er at ein skal finne fram til løysingar som gjer at ein framleis kan ha eit godt tilbod ved avdelinga på Finsås.

Aud Gaundal (A): Jeg takker statsråden for svaret. Selv om det ikke er en lovnad, tar jeg ønsket hans positivt opp.

Jeg er klar over at søknaden til skogbruksskolen har vært dårlig de senere årene, men tilbudet og søkermassen blir ikke noe bedre fordi om det flyttes til Steinkjer.

Statsråden snakker om at vi kan finne andre muligheter for Finsås. Arbeiderpartiet og sentrumspartiene var enige om at indre Namdal skulle få en spesiell stilling i forhold til at det er en region med stor fraflytting. Det er derfor av stor betydning at Høgskolen i Nord-Trøndelag opprettholder en desentralisert avdeling i den regionen. Ikke bare bør skogutdanninga opprettholdes, med det bør også arbeides for at nye studiegrener som naturlig hører hjemme i en slik region, blir utviklet. Derfor bør det arbeides for at det ved Finsås legges til rette for et studium for natur- og kulturminneoppsyn. Det er allerede i dag klart at det er meget stor søkning til et sånt studium, men studiet er ikke finansiert. Mitt oppfølgingsspørsmål er derfor: Vil statsråden, med bakgrunn i at det er en pilotregion, ta et initiativ slik at det på Finsås kan opprettes et studietilbud i natur- og kulturminneoppsyn, og slik at dette studiet kan være en del av satsingen i denne pilotregionen, som også Snåsa er en del av?

Statsråd Jon Lilletun: Det er nok heilt rett det representanten Gaundal seier, at søkninga truleg ikkje blir betre om alt blir lagt til Steinkjer. Men samstundes må ein erkjenne at det budsjettet som partiet til representanten Gaundal og eg har ansvaret for, har gjort at høgskulane må sjå på drifta si totalt. Dersom det er langvarig dårleg søkning, må vi sjå på om det er andre ting som kanskje kan vere like aktuelle. Likevel vil eg seie at det er heilt rett det representanten Gaundal seier, at dette har vore eit satsingsområde, der Namdalen skal sjåast i ein spesiell samanheng òg når det gjeld høgskule.

Når det gjeld eit så detaljert spørsmål som den eine linja som representanten Gaundal spurde om, er eg ikkje kjend med korleis det er med denne. Derfor vil eg ikkje gå inn på ei konkret vurdering av det spørsmålet no, til det er min detaljkunnskap akkurat no for liten.

Aud Gaundal (A): Det har vært et uttrykt ønske fra Stortingets side at vi skal satse litt mer på natur- og kulturminneoppsyn. Selv om statsråden ikke kan gi meg konkret løfte om at det kan satses på en studiegren som denne på Finsås, hadde jeg håpet at statsråden så at indre Namdal som region ville ha vært et utmerket sted for plassering av et sånt studium.

Statsråd Jon Lilletun: Der er representanten Gaundal og eg heilt einige, det ville vere ein glimrande plass å leggje ei slik linje. Men no er det slik at høgskulane i stor grad er sjølvstyrte gjennom sine styre, og dei gjer eigne prioriteringar innanfor dei budsjetta som dei vert tildelte.

Som eg sa i mitt førre svar, er Namdalsregionen i nasjonal samanheng ein spesiell region som ein har sagt ein skal satse på. Eg kan ikkje love noko konkret om kva som skal skje i forhold til ei slik linje, men den problemstillinga som representanten Gaundal tok opp i forhold til denne linja, skal eg ta med meg tilbake til departementet, sjå kor saka står, og sjå om vi på nokon måte kan påverke saka vidare.