Stortinget - Møte onsdag den 6. mai 1998

Dato: 06.05.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Svein Ludvigsen (H):

Hørselshemmede trenger oppfølging i bruk av tekniske hjelpemidler. Deres landsforbund har en egen hjelperordning med erfarne, skolerte brukere som særlig veileder eldre i å utnytte høreapparatene best mulig. Hørselshjelperne legger stor vekt på de psykososiale sidene av hørselstapet slik at man ser både mulighetene og begrensningene som hørselshemmet. Dette frivillige arbeidet bygger opp om hjelp til selvhjelp.

Departementet har vært meget positiv til ordningen, men vil det også følge opp med midler?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg er einig i at Hørselshemmedes Landsforbund har utdanna flinke høyrselshjelparar. Dei gjer eit viktig arbeid som såkalla likemenn. Frå 1990 har funksjonshemma sine organisasjonar fått statleg støtte til likemannsarbeid. Dette var ei prøveordning i starten. Frå 1998 er det ein varig tilskotspost. Hørselshemmedes Landsforbund fekk i 1996 175.000 kr til likemannsarbeid, herunder òg til høyrselshjelparar. I 1997 fekk organisasjonen 200.000 kr. Søknad for 1998 er til behandling i Fordelingsnemnda for fordeling av tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar.

Fleire av dei funksjonshemma sine organisasjonar gjev nødvendig psykososial støtte gjennom likemannsarbeid. Derfor har midlane til dette auka frå 9,1 mill. kr i 1997 til 12 mill. kr i 1998. Utover dette kan eg ikkje lova ekstra midlar til ein av organisasjonane sitt likemannsarbeid. Dette må nok sjåast i samanheng etter den fordelinga som går føre seg, slik eg allereie har gjort greie for. Men la meg nemna at Hørselshemmedes Landsforbund dei siste åra òg har fått prosjektmidlar frå Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma til kartlegging av levekåra for personar med tinnitus, øyresus, og kartlegging av tilboda til barn som er høyrselshemma. Regjeringa har no i vinter løyvt pengar til å fylgja opp delar av den rapporten.

For å betra forholda for høyreapparatbrukarar har det vore gitt stimuleringsmidlar til fylkeskommunane, dette for å auka opplæringa av brukarar av høyreapparat. Dette var eitt av tiltaka i dåverande regjering sin handlingsplan for funksjonshemma 1994-1997. Fleire av fylkeskommunane fylgjer no opp med å tilsetja personar som kan føra vidare opplæringa i kommunane. Innsatsen i handlingsplanen har òg ført til auka samarbeid mellom høyresentralane ved sjukehusa og hjelpemiddelsentralane. Eg håpar dette òg vil betra forholda for dei som brukar høyreapparat.

Når det gjeld eldre personar med høyrselssvekking, har Statens sentralteam for døvblinde vurdert forholda for dei som har både syn- og høyrselssvekking og bur på sjukeheim. Forholda er ikkje bra nok, mange har ikkje fått den hjelpa dei treng. Eg veit at Hørselshemmedes Landsforbund for mange år sidan peikte på at tilsette ved aldersinstitusjonar ikkje hadde god nok kunnskap om bruk av høyreapparat. Eg veit òg at fleire eldre dessverre opplever at dei ikkje får stilt rett diagnose og då heller ikkje får hjelp for sine sansetap. Desse problema er ikkje godt nok handterte, og eg vil syta for at oppfylging blir vurdert i samråd med mellom andre Helsetilsynet.

Svein Ludvigsen (H): Jeg takker statsråden for et positivt svar og den anerkjennelsen som hun gir det arbeidet Hørselshemmedes Landsforbund driver og det arbeidet som hørselshjelperordningen driver. Som forelder til hørselshemmede barn vet jeg at dette er et viktig og nødvendig arbeid, og det er betryggende å høre at statsråden er så oppdatert og har så stor forståelse for det.

Hørselshjelperordningen skal jo være et supplement til det som det offentlige driver, enten det gjelder hørsels- eller hjelpemiddelsentralene i kommunene, men problemet er at ventetiden nå er så lang, nesten et år i enkelte av fylkene, og dermed gjør at det er ekstra behov for denne hjelp til selvhjelp-ordningen. Og når vi også vet at rehabiliteringstilbudene i mange fylker ikke klarer å dekke de behovene som spesielt eldre hørselshemmede har, er det behov for ekstra innsats på det frivillige.

Spørsmålet mitt til statsråden er om hun vil se på om det kan finnes andre måter å finansiere slike nyttige tiltak på enn det hun pekte på.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Regjeringa er opptatt av å betra situasjonen for den enkelte funksjonshemma. Det vil òg koma fram når vi legg fram ein revidert handlingsplan for ein politikk for funksjonshemma. Eg vil ta med meg det som representanten Svein Ludvigsen her peiker på. Skal vi nå så langt som mogleg, er vi heilt avhengige av god kontakt mellom statlege, fylkeskommunale og kommunale myndigheiter, frivillige organisasjonar og dei som opplever dette sjølve, anten av eiga erfaring eller i sitt eige nærmiljø. Det er behov for auka offentleg innsats, dette gjeld alle aldrar. Stortinget har peikt på at det er store manglar i rehabiliteringstilbodet, som òg Svein Ludvigsen nemner, og dette skal bli tatt opp i stortingsmeldinga om rehabilitering som Regjeringa legg fram i haust.

Svein Ludvigsen (H): Av og til blir man jo i godt humør av å høre på statsrådene også i denne regjeringen, for jeg synes det er positive takter som statsråden viser. La meg bare understreke dette med frivillig innsats, at 1 kr fra staten ofte utløser 4 kr fra frivillige organisasjoner, og at man her snakker både om å bedre livskvaliteten for dem som er berørt, og om en gunstig samfunnsøkonomisk virkning. At man får dette samspillet mellom private organisasjoner, ideelle organisasjoner og staten, er viktig. Og når man har en statsråd som inviterer, slik jeg oppfatter det, til å finne fram til løsninger, takker jeg for svaret.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Då vil eg bruka det siste minuttet til å understreka via presidenten at det no blir arbeidd med to viktige dokument i departementet, som begge vil bli gjenstand for merksemd til hausten - ei revidering av den handlingsplanen som gjeld no for ein politikk for funksjonshemma, med vekt på både auka tilgjenge, fleire funksjonshemma i arbeid og ein sterkare brukarmedverknad, og i tillegg ei stortingsmelding om rehabilitering.

Det er mitt ynske at behandlinga av begge desse dokumenta vil innebera at fleire funksjonshemma i dette landet skal oppleva ein lettare kvardag for ettertida.