Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10

Dato: 17.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 32

Karin Andersen (SV): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Det er stor mangel på sjukepleiere. Bare i Oslo var 1 019 stillinger ubesatt sist uke. Sykehus tilbyr 40 000 kr i «kontantstøtte» for å rekruttere og beholde sjukepleiere. Høgskolen i Oslo sier de kan utdanne 40 – 80 flere pr. år. De store reformene for eldre og sjuke krever flere tusen nye fagfolk.

Hva vil statsråden gjøre for å sørge for at all kapasitet i utdanningssystemet blir utnyttet?»

Statsråd Jon Lilletun: Opptakskapasiteten til grunnutdanning i sjukepleie har auka med heile 59 pst. sidan 1990, frå ca. 2 500 til no godt og vel 4 000 studentar årleg. Berre det siste året var det ein auke i opptaket på om lag 400 ved at høgskulane fekk tildelt nye studieplassar. Av dei nye plassane gjekk 80 til sjukepleiarutdanning i Oslo.

Departementet legg til grunn at veksten i etterspurnaden etter sjukepleiarar som følgje av dei mange reformene i helsetenesta langt på veg kan dekkjast ved betre tilgang på sjukepleiarar etter kvart som dei store studentkulla vert uteksaminerte. Likevel les vi at det no er mange ledige stillingar for sjukepleiarar i Oslo. Det er derfor nødvendig å følgje utviklinga nøye, og departementet må leggje til rette for å kunne auke opptaket ytterlegare.

Lærar- og helsefagutdanningane er prioriterte grunnutdanningar. Sjølv om søkningen til sjukepleiarutdanninga gjekk ned i 1998, er det framleis nok søkjarar til å fylle studieplassane. Departementet legg til grunn at høgskular med for dårleg søkning til visse utdanningar omdisponerer til utdanningar det er stort behov for. For sjukepleiarutdanninga hadde vi i 1998 eit eksempel på dette ved at Høgskulen i Akershus omdisponerte til saman 80 nye studieplassar i sjukepleiar- og vernepleiarutdanninga.

Departementet er vidare orientert om at Høgskulen i Oslo har planar om å ta opp ein klasse med sjukepleiarstudentar organisert som oppdragsundervisning med finansiering frå m.a. Oslo kommune. Grunnutdanning i sjukepleie organisert som oppdrag reiser fleire prinsipielle spørsmål. Det må t.d. vere ein føresetnad at praksistilbodet til dei ordinære studentane ikkje vert skadelidande. Eg vil likevel signalisere at eg i utgangspunktet er positiv til i avgrensa omfang å prøve ut ei ordning med oppdragsbasert sjukepleiarutdanning. Denne vil i stor grad vere målretta ved at innsatsen vert retta mot institusjonar/kommunar med stor mangel på sjukepleiarar.

Departementet har også gode røynsler med desentralisert sjukepleiarutdanning. Flesteparten av dei 400 nye studieplassane som vart oppretta i 1998, var desentraliserte. Desse studieplassane er dyrare enn ordinær grunnutdanning. For å dekkje meirutgiftene har både helse- og utdanningsstyresmaktene gått inn med særskilde tilskot. Også kommunar med stor mangel på sjukepleiarar har medverka med finansiering.

Desentraliserte opplegg går i regelen på deltid, idet ein legg til grunn at studentane kan arbeide ved sida av. Opplegga vert på den måten eit tilbod for mange som elles ikkje kunne ta høgre utdanning, og vil slik vere ein fornuftig bruk av kapasiteten i utdanningssystemet.

Eg nemner òg at spørsmålet om kapasitet i sjukepleiar-utdanninga vil verte teke opp og vurdert i den dimensjoneringsmeldinga som Regjeringa vil leggje fram seinare i vår.

Gode praksisplassar er ein flaskehals i sjukepleiarutdanninga. Det er også fokusert på kvaliteten på utdanninga. Det er stilt spørsmål ved funksjonsdugleiken til dei nyutdanna. Møtet med kvardagen kan vere frustrerande for mange av dei nyutdanna, og konsekvensen kan vere at dei flyktar frå yrket. Det er nærliggjande å spørje om vi kan gjere noko for at nyutdanna kan kjenne seg tryggare og betre i stand til å takle dei stadig meir komplekse situasjonane sjukepleiarane står overfor. Det er sett ned eit utval som har sett på ulike tiltak for å styrkje praksisundervisninga i sjukepleiarutdanninga. Rapporten vil liggje føre om kort tid. På grunnlag av rapporten vil vi vurdere kva vi kan gjere for at utdanninga skal bli betre.

Karin Andersen (SV): Jeg takker statsråden for et grundig svar.

Når det er rom for oppdragsbasert utdanning, må det vel også være rom for å øke den offentlige utdanningskapasiteten, som etter SVs syn ville være en bedre løsning. Men kommunene trenger sjukepleiere, og derfor vil de sikkert ønske seg en mulighet til en slik løsning. En annen mulighet ville være om man gjennom budsjettene var i stand til å gi kommunene slike rammer at de kunne drive en skikkelig lønns- og arbeidsgiverpolitikk og på den måten rekruttere sjukepleiere og beholde de utdannede sjukepleierne som de nå har fått.

Jeg er glad for at statsråden er positiv til å finne mulige måter å øke utdanninga på, men jeg kunne tenke meg å følge opp og stille statsråden et tilleggsspørsmål. I og med at dette med å rekruttere og beholde fagfolk er et sammensatt tema som har mange sider, er det også nærliggende å tenke på etterutdanningsreformen. Kunne statsråden tenke seg å se på etterutdanningsreformen og bruke den aktivt i arbeidet for å rekruttere og beholde sjukepleiere og lærere?

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur ikkje representanten Andersen og eg er ueinige om at kommunane har ganske tøff økonomi, og at det ville ha vore enklare om dei hadde betre økonomi, men dei må prioritere ut frå den økonomien dei har. Når dei likevel finn å kunne setje i gang ein del tiltak, som eg har nemnt, seier det noko om at dei satsar på å dekkje det behovet som er der.

Eg sa at Regjeringa hadde auka talet på studentar ganske dramatisk i fjor. Vi skal leggje fram ei ny melding i vår. Kva vi klarer da, må vi sjå på, og vi må sjå det i forhold til den kapasiteten som finst. Det er eg innstilt på.

Til slutt vil eg stadfeste at det sjølvsagt er vesentleg at folk vert verande i yrket, og det er heilt naturleg å sjå på om det å stimulere til ei spennande utfordring og til fornying, kan få fleire til å verte verande i yrket. Derfor vil kompetansereforma verte viktig. (Presidenten klubber.) Men vi treng ei stund før vi har funne måtane og metodane (presidenten klubber) til å få det til å verke.

Orsak, president!